Heim Nyhende Sommarsnakk med Ingrid A. Opedal

Sommarsnakk med Ingrid A. Opedal

Ho er tunvert, politikar og sportsidiot. Først og fremst er ho brennande oppteken av å ta vare på jorda for etterkomarane våre.

Namn: Ingrid I. Opedal

Alder: 56 år

Yrke: Tunvert

Skal bruke sommaren til: Først skal eg gjera ferdig etterarbeidet etter Dei nynorske festspela. Så skal eg feriera saman med familien min på Lofthus i Hardanger, der eg kjem frå, i tre veker. Der skal me feira 90-årsdagen til mor mi, eta masse moreller (og delta på den store morellfestivalen i slutten av juli) og viss veret klaffar vonar eg det vert ein fjelltur til hytta vår langt inne på Hardangervidda. Det er den beste ferien eg kan få!

– Kor viktig er språket i ditt arbeid som tunvert? På ein skala frå 1 til 10? Eg brukar nok språket mest munnleg i jobben min, ettersom hovudoppgåva mi som tunvert er å ynskja folk velkomne til Ivar Aasen-tunet. Harding-dialekten er nok litt avslepen etter mange år heimafrå, men eg har eit språk eg kjenner meg trygg i og får uttrykt det eg vil på, og det er viktig. Når eg skriv i jobbsamanheng er eg sjølvsagt oppteken av å skriva god og rett nynorsk, i samsvar med husnorma me har i Aasen-tunet.

– Kor viktig er språket for deg som politikar? Som politikar har ein fleire roller: Ein skal kommunisera med veljarane og helst overtyda dei om at eg og partiet mitt har den beste politikken, ein skal vera forvaltar av eit nasjonalt lovverk og ein skal driva utviklingsarbeid i lokalsamfunnet. Siste åra har eg teke meg sjølv i å snakka som ein byråkrat; det prøver eg å gjera noko med. Viss ikkje me politikarar greier å snakka om det som er viktig for folk på ein forståeleg måte, fjernar me oss frå dei me skal tena. Som lokalpolitikar i nynorskkommunen Volda og nynorskfylket Møre og Romsdal er det å styrkja nynorsken på alle plan ei viktig oppgåve. Det handlar om identitet og kulturell sjølvkjensle.

– Korleis er du nøgd med dei 20. nynorske festspela? Eg er strålande nøgd, fordi dei aller fleste tilbakemeldingane frå publikum er så gode. Og, for å sitera ein festspelgjest: For oss nynorskingar gjer det godt å vera saman med andre i “menigheita” nokre dagar og sleppa å argumentera for det me synest er sjølvsagt! Det aukar sjølvkjensla og gjev mot til å stå på vidare for språkleg og kulturelt mangfald i Noreg.

– Kva er viktigast for deg som politikar? Her vil eg igjen sitera ein god kjenning: Me skal berge verda, ha det kjekt og tene pengar! Heilt sidan eg vart medlem i Framtiden i våre hender har eg vore oppteken av naturvern, miljø og solidaritet. Me er så avhengige av at naturen fungerer, og av å spela på lag med han. Og me er avhengige av å ta vare på den dyrka jorda for å sikre nok mat i framtida. Det gjer me ikkje i dag. Me lever i ein røyndom der vekstfilosofien er innebygd i det meste. Greier me ikkje å snu på flisa, gjera dei naudsynte grepa for å stansa klimaendringane og tapet av artsmangfald, går det mot stupet. Ein vert lett avmektig: Difor synest eg sitatet eg starta med er så godt. Det å ta vare på jorda treng ikkje gjera livet asketisk og grått. Tvert om, det kan tvert om betra livskvaliteten, skapa nye grøne arbeidsplassar og me kan til og med tene pengar på det (som sjølvsagt skal fordelast meir rettvist enn i dag, både her i landet og globalt).

– Du har vore engasjert i lokalpolitikken for SV i 20 år. Kor lenge skal du halde fram med det? Etter 20 spanande og lærerike år i kommunepolitikken i Volda takkar eg for meg, og vonar som 2. kandidat på Møre og Romsdal SV si liste til fylkesvalet å verta fylkespolitikar frå hausten.

– Kva gjer du når du ikkje er på jobb som tunvert eller politikar? Sport på tv? Kor har du det i frå? Jau, eg må vel innrøma at eg er ein ganske stor sportsidiot – nærast altetande, men skiskyting er vel favoritten viss eg må velja. Dette er mi form for avkobling, i tillegg prøver eg å koma meg ut i skogen på sopp- og bærturar når hausten kjem. Elles er eg altfor lite flink til å trimma. Kvar gong det er festspel tenkjer eg og at eg gjerne skulle hatt meir tid til å lesa alle dei gode bøkene som kjem ut, men det vert diverre salderingsposten. Men saksdokument kan no vera spanande det òg …

– Fortel om ditt forhold til den finske artisten M. A. Numminen: Eg skjønar du har dine informantar! Eg trur det må vera omlag 15 år sidan eg opplevde han og gruppa hans på Vossajazz, og etter det har eg vore stor-fan! Eg har mange av cd’ane hans. Han er ganske galen, trur eg, og slike har eg sansen for. Samstundes har han arbeidd med språkfilosofi, difor har eg, saman med andre tilhengjarar i Volda, lenge prøvd å få han på plakaten i Aasen-tunet eller på festspela. Så langt har me ikkje lukkast, diverre.

– Kva tid kjem Numminen til festspela? Eg vonar stadig: Til neste år?

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Ingvild Bryn får nynorskprisen for journalistar

Ingvild Bryn er for mange sjølve nynorskrøysta. Etter ei særs variert karriere i NRK kan ho no også smykke seg med tittelen som vinnar...

Lærarutdanningane må ta språkansvar

Lærarutdanningane skal utdanne lærarar for heile landet, og då må alle lærarstudentar, uavhengig av fag, rustast til å vere lærarar i nynorske klasserom. Lærarutdanningane er...

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...