Heim Nyhende Digital postkasse berre på bokmål

Digital postkasse berre på bokmål

Den digitale postkassa Digipost berre finst i bokmålsversjon. Språkrådet er ikkje nøgde og bed departementet ta affære.

Digipost er ei teneste frå Posten Noreg AS, og Posten er eigd av staten og sorterer under Samferdsledepartementet. Fleire har no klaga til departementet over at Digipost ikkje finst i nynorsk utgåve, og Språkrådet har gått gjennom klagane. I eit skriv til Samferdsledepartementet oppmodar dei no departementet om be Posten få på plass ein nynorskversjon av Digipost snarast råd, skriv Nationen.no. Språkrådet meiner Digipost må reknast som ei kunderetta teneste og derfor blir omfatta av mållova.

Informasjonssjef Pål Jakobsen i Posten seier til Nationen at han ikkje trur tenesta ekskluderer nynorskbrukarar, slik somme av klagarane hevdar. Han er ikkje samd i at tenesta er underlagd mållova, så lenge det ikkje er eit konsesjonsbelagt produkt. Men det finst ifølgje Jakobsen planar om ein nynorsk versjon av Digipost. Kva tid den kjem kan han ikkje seie noko om.

Språkrådet på si side seier det er bra at det er planar om ein nynorsk versjon, men meiner ei så stor og omfattande teneste burde kome med parallelle utgåver, heiter det i klagesvaret som er sendt til Samferdsledepartementet.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...