Heim Nyhende Samarbeider om eKommune-løysing

Samarbeider om eKommune-løysing

IKT-samarbeidet Det digitale vestre Agder (DDV) omfattar heile 11 kommunar i regionane Lister og Lindesnes. Rådmennene vart nyleg samde om å arbeide vidare med planar om eit endå tettare samarbeid i ei framtidig eKommune-løysing.

Samarbeidet i DDV har vart i 10 år. I starten var det utbygging av breiband og digital infrastruktur som var det viktigaste. Seinare vart samarbeidet utvida til også å gjelde felles innkjøp og drift av dei viktigaste administrative løysingane, som til dømes saksarkiv. No er det felles eKommune-satsing som er neste mål. Kvardagen skal gjerast meir digital, og forvaltinga skal forenklast.

– Dei første fasane har handla om å kartleggje kva som finst av IKT-system og etablerte samarbeid i kommunane frå før, og å stake ut kursen mot eit tettare og meir forpliktande samarbeid, opplyser prosjektleiar Dagfinn Lauvsland.

Han leier eit 10 månader langt prosjekt som skal setje rammene for eKommune-satsinga.

 

Mykje å hente
Det finst rundt 40 interkommunale IKT-samarbeid i Noreg. Det vanlege er at 5-6 kommunar går saman. Det er uvanleg at så mange som 11 kommunar er med i eit samarbeid. Dei 11 kommunane er også ulike, frå småkommunar med under 1000 innbyggjarar til bykommunar med over 15 000. Dagfinn Lauvsland meiner det er mykje å hente på ei betre samordning innan IKT.

– Kartlegginga vår har vist at mange oppgåver blir løyste på sin måte, lokalt i kvar kommune. Så er det samarbeid på kryss og tvers mellom somme av kommunane på nokre område, i tillegg til at det er oppgåver som DDV har hand om på vegner av alle. Totalt har me funne ut at det blir brukt 85 ulike system i administrasjonen og tenesteytinga i dei 11 kommunane. Det er nødvendig med ei betre samordning, seier han.

Arbeidsgruppene som har vore med i kartlegginga, legg også vekt på at samarbeidet i DDV må bli meir forpliktande og formalisert. I dag er det i for stor grad basert på velvilje frå dei som til ei kvar tid styrer kvar kommune.

 

Vil ha felleseining
Styringsgruppa for DDV hadde nyleg eit møte der dei valde modell for det vidare eKommune-samarbeidet. Dei fekk skissert fleire scenario – frå å avslutte samarbeidet til å intensivere det.

– Styringsgruppa, som består av rådmennene i kommunane i DDV, gjekk inn for å fortsetje samarbeidet. Dei ønskte også ei felles IKT-driftseining for DDV, men dei har ikkje konkludert når det gjeld praktiske ting som lokalisering og organisering. Dei ville sjå nærare på fleire modellar for korleis det kan løysast, seier Dagfinn Lauvsland.

Basisen for samarbeidet i DDV er målsetjinga om god offentleg sørvis og effektiv tenesteproduksjon. Det er også hovudmålsetjingane for utarbeidinga av felles eKommune-strategi. eKommune og andre former for digitale løysingar i forvaltinga er også eit nasjonalt satsingsområde. Regjeringa presenterte nyleg satsinga «På nett med innbyggerne», der det mellom anna blir slått fast at kommunikasjon med det offentlege som hovudregel skal vere digital, at dei digitale tenestene skal vera brukarvenlege, at du skal få raskare svar, og at all post frå forvaltinga skal kome til den same digitale postkassen.

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

– Éin nynorskmillion er ikkje nok

– Det er avgjerande at Teater Vestland får auka tilskot i ei krevjande tid, men Støre-regjeringa har samla sett ikkje levert godt nok for...

Jublar over nynorskstøtte

Nynorsk bedriftsforum er tildelt 950 000 kroner frå spelemidlane for 2025. Midlane er fordelte av Kultur- og likestillingsdepartementet og skal gå til vidare utvikling...

Trond (39) er tilsett i LNK – skal styrka nynorsk i skulen i Rogaland

Landssamanslutninga av nynorskkommunar har tilsett Trond Salte (39) for å få fart på prosjektet «Meir mål på Jæren». – Det er makelaust gildt! seier Trond...

Årsrapport for LNK 2023–2024

Annakvart år, i samband med årsmøtet og landstinget i LNK, legg organisasjonen fram ei fyldig årsmelding og revidert rekneskap for dei siste to driftsåra....