Heim Nyhende Sanner varslar fornya satsing på kommunereform

Sanner varslar fornya satsing på kommunereform

I 2020 vil éin av tre nordmenn bu i ein ny kommune. Det er berre byrjinga, varslar kommunalminister Jan Tore Sanner (H).
 

– Tida for omkampar om kommunereforma er forbi, slår statsråden fast overfor NTB.

Utanfor kontoret ligg Oslo gravlagt i tjukk tåke, men Sanner ser lyst på framtida. For no har den verste motstanden mot kommunereforma blitt rydda av vegen. Sjølv om Stortinget har sett foten ned for fleire tvangssamanslåingar, vil stadig fleire kommunar innsjå at samanslåing er vegen å gå, meiner Sanner.

– Kommunereforma har fått sin eigen dynamikk, seier han.

Auka interesse

1. januar blir åtte kommunar til fire, mens ytterlegare 43 samanslåingar formelt skjer 1. januar 2020. Då er talet på kommunar redusert frå 426 til 356, og 1,7 millionar nordmenn vil ha ein ny kommuneadministrasjon å ta omsyn til.

Samtidig har interessa frå kommunar som førebels ikkje er omfatta av reforma, auka kraftig, ifølgje kommunalministeren. Så langt har 156 kommunestyrer gjort vedtak om samanslåing, 57 fleire enn dei som no går saman.

– Det er mange som seier at dei no er klare for å starte på dette arbeidet. Dei ser at det vil bli krevjande å stå åleine, å få den kompetansen dei treng, seier Sanner, som ikkje ønskjer å seie kor mange det dreier seg om. Heller ikkje vil han uttale seg om kor mange kommunar draumekartet hans over Noreg består av.

– Då blir alle berre hengde opp i talet. Men alternativet til å byggje nye kommunar er ingen dans på roser, men meir sentralisering og statleg detaljstyring, hevdar han.

Fortset å freiste

Til våren skal han legge fram ein ny kommuneproposisjon for Stortinget. Den vil blant anna innehalde nye verktøy for kommunar som ønsker å gå saman. I tillegg vil regjeringa framleis lokke med økonomiske freistingar.

– Vi vil fortsette med insentiv som eingongsstøtte, seier Sanner.

Ei gruppe økonomar konkluderte nyleg med at kommunereforma så langt har kosta minst 5,6 milliardar kroner, nesten dobbelt så mykje som det regjeringa opererer med. Men den analysen feiar Sanner bort.

– Det er ei gruppe som er mot reforma, som står bak. Vi har mykje meir nøkterne tal. Uansett er dette ei riktig investering, seier han.

Vil forsterke fylka

I 2020 vil også regionreforma tre i kraft, og 19 fylkeskommunar blir til elleve, mens talet på fylkesmenn går frå 18 til ti. Årsaka til at éin «manglar», er at éin fylkesmann vil få ansvar for både Viken og Oslo.

– Det ser vi som mest føremålstenleg, seier Sanner.

– Men vedkommande vil få svært mykje å gjere, det er jo stor skilnad på Geilo og Oslo?

– Ja, men sånn er det i alle regionar. Det er forskjell på byar og distrikt. Men dette kjem til å ordne seg, seier Sanner.

Nye oppgåver

Dei nye fylka – som dei framleis skal heite – vil få nye oppgåver. 1. februar neste år skal ei ekspertgruppe legge fram ein rapport om dette.

– Eg har stor tru på at regionane vil få forsterka sine oppgåver, seier Sanner.

På same tid er han på leit etter ei meir kjønnsnøytral nemning på fylkesmannen.

– Forslag til ny tittel blir mottekne med takk, seier kommunalministeren.

Fakta om kommune- og regionreforma

* Arbeidet med reforma starta i juni 2014.

* 1. januar 2020 skal 47 samanslåingar av i alt 119 kommunar vere gjennomførte.

* Då har talet på kommunar blitt redusert frå 428 før reforma til 356.

* Rundt 1,7 millionar nordmenn, nesten éin av tre, vil bu i ein ny kommune.

* 46 av kommunane som no blir slått saman, har Ap-ordførar, mens 21 har ordførar frå Senterpartiet.

* Til saman har 156 kommunestyre gjort vedtak om samanslåing.

* Dei nye kommunane har fått utbetalt drygt 1,4 milliardar kroner til å dekke eingongskostnadar.

* Regionreforma fører til at 19 fylkeskommunar blir redusert til elleve. Sør- og Nord-Trøndelag slår seg saman 1. januar 2018. Resten av fylkessamanslåingane skjer 1.1.2020.

(Kjelde: Kommunaldepartementet)

(©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

LNK gler seg over pengar til læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar – men det er behov for meir

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK Dir) lyser ut 1,5 millionar kroner til læremiddel som skal brukast i opplæringa i norsk for vaksne...
Blant klassane på nynorske barneskular som bruker nettbrett eller pc minst éin gong i veka, er det 77 prosent som bruker digitale læringsressursar og læremiddel som berre finst på bokmål. Foto: Pixabay

Språkrådet testa KI-språket – fann grovare og fleire feil på nynorsk

Språkrådet har testa kor god ChatGPT i bokmål og nynorsk. Kunstig intelligens (KI) pregar stadig meir av kvardagen vår – på jobben, på skulen og...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Oslo kommune har to nynorskelevar i grunnskulen – får 11 millionar til språkdelte klassar på ungdomstrinnet

Mållaget er fortvila over at pengane til å sikra nynorskelevar i randsonene vert fordelt på alle kommunar. Saka vart først publisert på Framtida.no. Om foreldra til...