Heim Nyhende Slår eit slag for lettlestboka

Slår eit slag for lettlestboka

– Eg vil yte min skjerv, seier forfattar og redaktør Ragnfrid Trohaug om kvifor ho no har byrja å skrive lettlestbøker.

Trohaug har gjeve ut fleire bøker for unge tidlegare, men har i dag sitt hovudvirke som forlagsredaktør i Det Norske Samlaget.

– Eg er ikkje ein person som går rundt og verkjer når eg ikkje får skrive, hjarta bankar sterkt for redaktørrolla, , seier ho. 

Men ein foreldrepermisjon som kunne utvidast med ein skrivepermisjon, vart for freistande.

– Eg elskar litteratur, og eg er djupt oppteken av barna sine rettar, seier ho og minnest leande at ho i barndommen hadde eit sterkt ønske om å bli barneombod når ho vart stor.

Fann eit miljø

I eit slikt perspektiv vart spørsmålet hennar først og fremst: Kva bøker er det viktig at vi gjev ut fleire av. Og: Korleis kunne ho utfordre seg sjølv i forfattarrolla?

Svaret var lettlestbøker på nynorsk. Bøker for den vesle hovudmålslesaren som treng å bli stø i si eiga målform, som ho seier. Ein type bøker det burde finnast fleire av på nynorsk.

Som tenkt, så gjort. Ein rusletur i gamle trakter i Bergen, nærmare sagt Nordnes, inspirerte forfattaren. Her såg ho fine gatetun, ungar som leikte ute, naboskap som utfalda seg, og ho tenkte «Her hadde det vore fint å dikte inn nokre ungar». Dermed blei det ein utvida permisjon, og den vesle familien hennar flytta frå Oslo til Nordnes for ei stund, og der vart altså historia om tvillingparet Ole og Jenny skapt.  

Etisk dilemma

Ole er ein grei og samvitsfull gut, medan Jenny er meir sprelsk og ulydig. Med dette radarparet får Trohaug spele ut to situasjonar som alltid har fascinert ho: korleis det er å vere tvilling, og korleis det er å lengte etter eit eige dyr.

Sjølv har forfattaren aldri fått ha dyr på grunn av allergi. I boka Vi vil ha hund! prøver søskenparet å skaffe seg eit dyr, og dei endar opp med den noko uheiderlege løysinga å tjuvlåne ein hund som viser seg å vere ein prisløna rasehund

Korleis det går, skal vi ikkje røpe her, men inspirasjonskjelda til løysinga på det etiske dilemmaet røper Trohaug sjølv.

Har fleire historier

– Eg er ein stor fan av Rasmus Løland og er spesielt glad i historia Hunden og katten, seier ho og utdjupar: I Hunden og Katten lèt Løland syndebukken i historia få erkjenne kva han har gjort gale, skrifte og gjere opp for syndene sine utan at dei vaksne er involverte og styrer. Psykologisk er dette veldig fint gjort, meiner ho.

 – Det er viktig for meg at også Ole og Jenny får ta ansvar for det dei gjer. Ansvar går som ein raud tråd gjennom det eg skriv.

No er boka Vi vil ha hund! ein del av Cappelen Damm sin leseløveserie, og Trohaug ser ikkje vekk frå at det kjem fleire. Ho har laga skisser til fleire historier om tvillingane, så viss det er tid og rom innafor redaktørjobben, kjem vi garantert til å få høyre meir om Ole og Jenny også i framtida.

 

Førre artikkelVegen opnar nye dører
Neste artikkelRundar av Falturiltu

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...