Heim Nyhende - Slepp nynorsken til i riksavisene

– Slepp nynorsken til i riksavisene

Debatten rundt meir nynorsk i riksmedia har blomstra opp igjen. –  I dag gjer det redaksjonelle nynorskforbodet i dei største riksavisene nynorsken usynleg om du les Dagbladet, VG, Aftenposten eller Dagens Næringsliv, skriv leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø.

 På eit språkseminar halde av Det Norske Teatret og Nynorsk kultursentrum den 15. oktober held Kjartan Fløgstad innleiinga ”Den norske skriftkulturens mørketal”. Der tok han opp det redaksjonelle forbodet mot nynorsk i dei største riksavisene. Innleiinga vart trykt i Klassekampen og har skapt eit lengre ordskifte om nynorsk i rikspressa.

– Debatten kring nynorsk i riksavisene i Klassekampen dei siste vekene reiser spørsmålet om kvifor ein ynskjer nynorsk i dei største avisene i Noreg. Er kampen for nynorsk i riksavisene fyrst og fremst ein kamp for einskildjournalisten sin rett til å skriva nynorsk, eller det nynorske språksamfunnet sin rett, og ikkje minst trong, til å sjå språket sitt over alt?, skriv Marit Aakre Tennø i Klassekampen.

På lik line med andre mindre brukte språk, så treng nynorsken plass i ålmenta, skal han verta brukt, meiner ho. 

– I dag gjer det redaksjonelle nynorskforbodet i dei største riksavisene nynorsken usynleg om du les Dagbladet, VG, Aftenposten eller Dagens Næringsliv. Og her ligg hovudpoenget til Fløgstad, slik eg les han. Han peikar på at det er usynleggjeringa av ein 150 år gamal språktradisjon som er problemet. Ein overkomeleg måte å gjera noko med dette på, er å la dei journalistane som ynskjer det, skriva nynorsk i desse avisene. Ikkje fordi det er ein menneskerett for einskildjournalisten, men rett og slett fordi det er ein enkel måte å auka nynorskinnslaget i desse avisene frå null til litt.

Ho legg vekt på at nynorsk og bokmål er jamstilte språk i Noreg, men at styrketilhøvet mellom dei er ulikt. Bokmålet dominerer ålmenta over heile Noreg, i større og mindre grad. Samanliknar ein dei sterke områda for nynorsken med dei svake, ser ein at der nynorsken er synleg og vert brukt, der veks han. Altså er meir nynorsk i ålmenta med å stø opp og hegna om nynorsken. Mange stader i Noreg er usynleggjering av nynorsk eit direkte trugsmål mot nynorskbruken, slår mållagsleiraen fast.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...