Heim Nyhende Slik vil Bergen ta ansvar for meir nynorsk

Slik vil Bergen ta ansvar for meir nynorsk

Stort fleirtal i Bergen bystyre for meir bruk av nynorsk i Vestlandets hovudstad. Byrådsleiar Harald Schjelderup (Ap) håpar andre store byar i Noreg lar seg inspirera.

I juni 2016 spurte Njaal Hendrik Neckelmann (V) byrådsleiaren om kva han ville gjera for at Bergen skal ta språkleg ansvar som Vestlandets hovudstad.

På kvelden onsdag 21. februar vedtok Bergen bystyre med stort fleirtal ei rekkje tiltak som skal betra vilkåra for nynorsken i storbyen på Vestlandet.

– Eg er veldig glad. Dette betyr at det høgste folkevalde organet i Bergen ønskjer å leggja betre til rette for at fleire kan få bruka nynorsk, seier byrådsleiar Harald Schjelderup (Ap) til Framtida.no.

Framstegspartiet var det einaste partiet som ikkje stilte seg bak tiltaka for å få meir nynorsk i Bergen. Daniel C. E. Hägglund (Frp) sa at dei ville støtta valfridomen for tilsette, men Frp ville ikkje støtta mål om 10 prosent nynorsk.

Njaal Hendrik Neckelmann trur det har skjedd eit paradigmeskifte i den politiske debatten om språk dei siste åra, også her i Bergen.

– No kjenner ein igjen den rause og inkluderande byen som Bergen skal vera, også i språkpolitikken, sa han frå talarstolen.

Han sa òg at han har høyrt at fleire i administrasjonen har byrja å skriva på nynorsk etter saka kom opp.

– Det synest eg er ganske kult!

LES OGSÅ: Bergen tingrett går over til meir nynorsk

– Må vatna nynorsken!

Byrådsleiar Harald Schjelderup (Ap) er glad for planen for meir nynorsk i Bergen. Foto: Hordaland ApByrådsleiar Harald Schjelderup er samd i at det har skjedd noko med haldninga til nynorsk i Bergen dei siste år. Han trur det hadde vore vanskeleg å få til eit liknande vedtak for berre ti år sidan.

Han legg til at det var kjekt at Oddny Miljeteig (SV) sat på galleriet då saka blei lagt fram.– Fleire og fleire ser nytten av språkleg mangfald og verdien av å leggja til rette for nynorsken som er under press. Det er Vestlandet som er nynorskens hage, og Bergen må ta ansvar for å vatna og gjødsla han, seier Schjelderup.

– Ho er ein inspirator, seier han om den nynorske urkrafta i bergenspolitikken.

På spørsmål om andre byar kan la seg inspirera av Bergen, seier Schjelderup dette:

– Eg er veldig tilhengar av det lokale sjølvstyret. Men det hadde vore kjekt om andre byar lar seg inspirera.

Bergen Høyre siterte Olav H. Hauge

Saka om nynorsk engasjerte Bergen bystyre.

– Kommunen har ein veg å gå på å vera språknøytral. Å vera språknøytral er ikkje det same som å vera språkpassiv. Når tala er som dei er, så må kommunen arbeida aktivt for å auka bruken av nynorsk, sa Sonja Irene Dyrkorn (Ap).

Anette Strand (H) sa at Høgre ville støtta saka, og håpte på vind i segla for språkleg mangfald. Og avslutta med å sitera «Du er vinden» av Olav H. Hauge.– Det hjelper ikkje å seia at me har to målformer viss me ikkje gjer det me kan for at folk faktisk praktiserer det. Når den eine målforma er mindre brukt, så er det viktig at me aktivt fremjar den, sa Hilde Maria Boberg Andresen (SV).

LES OGSÅ: Kamp om å vera nynorskhovudstad

 Sofie Marhaug i Raudt.– Paradoksalt

Sofie Marhaug i Raudt meiner det er paradoksalt at kommunen vil fremja nynorsk i skulen, når dei la ned nynorske skular gjennom førre skulebruksplan.

– Det er det same som å kunne krevja at ein økonom skal kunne bruka både multiplikasjon og substraksjon. Du skal ikkje kunne velja vekk det eine eller det andre.Ho var òg klar på at det er greitt å kunne krevja av dei som jobbar i Bergen kommune skal kunne bruka nynorsk.

LES OGSÅ: Vil skapa nynorsk kraftsentrum i Bergen

Ikkje medlemskap i LNK enno

Raudt, MDG og Senterpartiet fremja fleire forslag som ville ha styrkja vilkåra for nynorsken i endå større grad enn fleirtalet. Mellom anna fremja dei framlegg å la bydelen Arna få bruka meir nynorsk og at det blir brukt nynorske namn på reguleringsplanar i område med nynorske namn på gate- og stadnamn.

– Eg trur Bergen vil ha stor nytte av å knyta seg til den kompetansen som Landssamanslutninga av nynorskkommunar har. Difor håpar eg at byrådet vil vurdera eit medlemsskap der, sa Ove Sverre Bjørdal (Sp).

Det blei ikkje fleirtal for dette, og nokre av dei andre framlegga til opposisjonen.

Byrådet skal kvart år framover orientera om bruken av nynorsk i Bergen.

– Eg trur det vil koma nye framlegg kvart år som vil styrkja bruken av nynorsk, seier byrådsleiar Harald Schjelderup.

– Det er no arbeidet startar.

Sjå debatten i nettTV!

Imponerte over Bergen

Dagleg leiar i LNK, Vidar Høviskeland, følgde nynorsksaka i Bergen bystyre.

– Eg er imponert over både at saka blei fremja, det gode nivået på sakspapir og debatt, og ikkje minst den positive og inkluderande haldninga bystyret har til saka. LNK har alt tidlegare vore i kontakt med Bergen kommune, men vedtaket i går viser at det no truleg er naturleg å gå inn i forhandlingar med kommunen om eit nærare samarbeid mellom LNK og Vestlandets hovudstad, seier Vidar Høviskeland.

– Det arbeidet som Bergen kommune no har teke fatt på, er historisk. Aldri før har ein av våre storbyar sagt så klart ifrå at nynorsken har ein plass i byen, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

Her er noko av det Bergen vil gjera for meir nynorsk:
  • Tilsette kan i arbeidet nytte den målforma som dei ønskjer.
  • Innbyggarar skal få svar i same målform som dei skriftleg vende seg til kommunen med.
  • 10 prosent av all framtidig utoverretta kommunikasjon frå kommunen skal vera på nynorsk.
  • Tidleg start med nynorsk frå barnehage og gjennom skulen
  • Ved endringar i skulestrukturen skal kommunen ta omsyn, slik at elevar med nynorsk som opplæringsmål kan halde fram med det.

Sjå fleire tiltak i saksframstillinga her!

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Telemark fylkeskommune skal bruka minst 40 prosent nynorsk

– Eit godt og forpliktande vedtak, seier Noregs Mållag. Telemark fylkeskommune skal vera språkleg nøytralt og bruka minst 40 prosent nynorsk, har det nyleg blitt...

Desse endringane kan kome for nynorsken

Eit nytt spørjeord og nye kjønn på substantiv er noko av det Språkrådet har føreslått. Du har kanskje fått med deg at Språkrådet ønskjer at...

Alle nye lover bør kome på nynorsk!

Det er nynorsken sin tur til å bli favorisert i lovtekstane. Nynorskprosenten må opp. Når Stortinget vedtek ei lov, er ho skriven anten på bokmål...

NRK klarte ikkje nynorskkravet på radio og nett

NRK klarte nynorskkravet på TV, men ikkje radio og nett. Norsk Målungdom etterlyser fleire nynorskjournalistar. NRK har eit krav om 25 prosent nynorsk på kvar...