Heim Nyhende Sommarsnakk med Vebjørn Sture

Sommarsnakk med Vebjørn Sture

Vebjørn Sture trur dei komande månadane blir eit målpolitisk maratonløp.

Namn: Vebjørn Sture

Alder: 24 år

Yrke: Faglært snikkar. Arbeider ut juni som organisasjonssekretær i Elevorganisasjonen. Tek over som leiar av Norsk Målungdom på fulltid i sommar.

Brukar sommaren til? Målsak! Frå tidleg juni til seine august – med NMU-sommarleiren som det soleklåre høgdepunktet. Når det er sagt, har eg også ordna meg med eit par små ferieveker i juli. Då går turen til fjells.


Kva er ditt forhold til språk?
Ironisk nok er det meir omfattande enn eg sjølv har språk til å skildra. Men for å gjera eit forsøk: For meg er språket er eit verkty, ein identitet og eit verdival. For samfunnet rundt oss er språket eit rammevilkår for tenking. Difor er eg svært oppteken av kva verdiar språket er – og vert – bygt på.

Korleis er det å ta over leiarvervet i NMU? Det er stas, kort sagt! Å få ei slik oppgåva er ei sann ære, og eg gler meg stort til å ta fatt på arbeidet – særleg fordi eg får arbeida med ein heilt fabelaktig flott gjeng målungdomar. Eg sluttar aldri å la meg imponera av kor staute og gilde folk som finn vegen inn i organisasjonen vår, og det svært inspirerande å få kjempa for nynorsken i lag med dei.

Kva blir NMU si viktigaste oppgåve framover? I vinter skal læreplanen i norsk reviderast. Prosessen er i gang for lengst, og dei komande månadene vert dimed eit målpolitisk maratonløp. NMU si viktigaste oppgåve i denne perioden er å få gjennomslag for at norskfaget skal gjera alle elevar skriveføre i både bokmål og nynorsk. Det er ikkje tilfellet i dag, diverre, og det skapar mykje frustrasjon både for nynorsk- og bokmålselevar.

Meir sommarsnakk finn du her!

Førre artikkelÅrsmelding 2009 – 2010
Neste artikkelMedlemsliste

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Vestland vil ha filmar med nynorsk teksting

Fylkestinget i Vestland meiner det er på høg tid at kinofilmar får nynorsk underteksting. Over 35 prosent av dei kommunale kinoane i Noreg ligg i...

Krev like vilkår for nynorsk og bokmål i regjeringa si nye KI-satsing

Nynorsk bedriftsforum reagerer på at den nye nasjonale satsinga KI Norge berre er tilgjengeleg på bokmål ved lansering. KI Norge, som vart lansert 12. juni...

Kven er din kandidat til årets nynorskkommune?

Kultur- og likestillingsdepartementet skal kåre vinnaren av prisen «Årets nynorskkommune 2026». Prisen er på 200  000 kroner og vert delt ut annakvart år til ein...

Fleirtal for krav til nynorske læringsressursar

Stortingsrepresentant Erling Sande (Sp) har samla fleirtal for nynorskkrav til læringsressursar. No må kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) og regjeringa innfri, slik at nynorskelevane...