Heim Nyhende Sparka i 2014 – no er han tilbake på barrikadane for nynorsken

Sparka i 2014 – no er han tilbake på barrikadane for nynorsken

Han har vore både statsråd og stortingsrepresentant, og han har også tidlegare vore styreleiar for Nynorsk kultursentrum. I dette intervjuet snakkar Reidar Sandal om korleis han ser på nynorsken i dag. Han legg mellom anna ikkje skjul på at han er i sjokk over at Hemsedal har valt bokmål.

Reidar Sandal er tilbake som styreleiar i Nynorsk kultursentrum, etter at han vart kasta frå vervet då Høgre og Framstegspartiet hadde danna regjering i 2014. No er han igjen klar til å stå på barrikadane for nynorsken.

Den tidlegare Ap-statsråden og stortingspolitikaren, opphavleg utdanna som lektor, gler seg til å ta fatt på oppgåva som styreleiar. Han er oppteken av å styrkje stillinga til nynorsken i det norske samfunnet, og han ser mange utfordringar for det nynorske skriftspråket.

Han er uroa over at mange unge forlèt nynorsken når dei kjem opp i ein viss alder, og at det nynorske skriftspråket er under press på stadig fleire område i samfunnet. Som at bokmål erstattar nynorsk i område der nynorsk hittil har vore einerådande, no sist i Hemsedal.

Kom som eit sjokk

Sandal har i fleire år hatt eit nært forhold til Hemsedal, ikkje minst fordi han har hytte der. Rett nok heilt på grensa til Gol, men like fullt Hemsedal. Han likar dårleg at kommunen no har innført bokmål som administrasjonsspråk og som språk i skulen.

– Hemsedal er så til dei grader eit nynorskdistrikt. Det er ikkje så lenge sidan nabokommunen Ål vart kåra til årets nynorskkommune, og heile Hallingdal er eit viktig område for nynorsken. Eg må vedgå at det kom som eit sjokk på meg at Hemsedal har vorte ein bokmålskommune, seier han.

72 år gamle Reidar Sandal er mest kjend som politikar for Arbeidarpartiet, valt inn på Stortinget frå Sogn og Fjordane første gong i 1990. I 1995 vart han henta inn i regjeringa til Gro Harlem Brundtland som kyrkje-, utdannings- og forskingsminister. Då ho gjekk av i 1996, vart Sandal med over i same posisjon i regjeringa til Thorbjørn Jagland.

Sandal blei så fylkesdirektør for utdanning i Sogn og Fjordane. Han arbeidde deretter eitt år i næringslivet i Florø i heimkommunen Florø, før han igjen var stortingsrepresentant frå 2001 til 2009. Størstedelen av denne perioden hadde han det prestisjetunge vervet som leiar i finanskomiteen.

Reidar Sandal er tilbake som styreleiar i Nynorsk kultursentrum. Her er han i Aasen-tunet i Hovdebygda i Ørsta kommune i Møre og Romsdal. Foto: Benedikte Flataker / Nynorsk kultursentrum.

Tung satsing

Som stortingspensjonist har han hatt fleire styreverv både i det offentlege og i næringslivet, og frå 2010 til 2013 var han styreleiar i Nynorsk kultursentrum. I 2014 vart han erstatta av Frp-politikaren Lodve Solholm, som då var blitt fylkesmann i Møre og Romsdal.

Sandal varslar ei tung satsing frå Nynorsk kultursentrum mot spesielt utdanningssektoren og mot kulturlivet.

Nynorsk kultursentrum har hovudkvarter i Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda i Ørsta kommune i Møre og Romsdal. Senteret er på garden der Ivar Aasen vart fødd i 1813. Det er ei stifting som er eigd av fleire kommunar, fylkeskommunar, høgskular og universitet, men finansieringa kjem i stor grad frå Kulturdepartementet. Styret er samansett av personar som er oppnemnde av Kulturdepartementet eller rådet for stiftinga. Det er departementet som utnemner styreleiaren.

Ved sida av hovudkvarteret i Aasen-tunet i Hovdebygda i Ørsta har Nynorsk kultursentrum også avdelingar i Ulvik i Hardanger, Hauge-senteret, og i Vinje i Telemark, Vinje-senteret. Senteret i Ulvik er kalla opp etter poeten Olav H. Hauge og i Vinje har senteret namnet sitt etter Aasmund Olavsson Vinje.

Sandal hadde håpt at nynorsken skulle stå sterkare i det norske samfunnet i 2022 enn han gjer.

– Vi kjempar for å halde posisjonen og styrkje nynorsken sine interesser. Vi må vere energiske og stå på, det gjer seg ikkje sjølv. Motkreftene er sterke, minst like sterke som for 10–20 år sidan, seier han.

Han har inntrykk av at dei mest framståande motkreftene i dag er i media og i det offentlege byråkratiet.

– Det heiter seg at folk skal få svar frå stat og kommune på den målforma dei sjølve har brukt, men det skjer i altfor lita grad. Det er også eit allment press i skuleverket, som ikkje gjer det enklare å vidareføre nynorskklassar, legg han til.

– Sanksjonar ved lovbrot

Han er også klar på at språklova er til for å haldast, og at det må få konsekvensar dersom offentlege instansar ikkje oppfyller lova.

– Sanksjonar må komme ved lovbrot. Eg vil tenkje meir på kven som bør ha sanksjonsmakta, men Språkrådet er ein kandidat, seier han.

Sandal meiner likevel at til dømes Bergen kommune har gjort ein viktig innsats for å løfte fram nynorsken, og her nemner han spesielt innsatsen til tidlegare ordførar og no energiminister Marte Mjøs Persen.

– Det er positive trekk også i media. Mange aviser brukar nynorsk, spesielt på Vestlandet. Bergens Tidende er også bra på dette feltet, og det er positivt at både Aftenposten og VG har opna for nynorsk. Eg gler meg heller over framgangen enn å irritere meg over tapte slag, understrekar styreleiaren.

Noko av det han gler seg over, er at fleire i næringslivet nyttar nynorsk i marknadsføringa. Han nemner spesielt Kleven-verftet i Ulsteinvik og Lerum i Sogndal, som begge brukar nynorsk også på nettsidene sine.

– Det har med identiteten og sjølvrespekten vår å gjere for oss som snakkar dialekt og skriv nynorsk. Det er viktig å hegne om det grunnlaget i både smått og stort. Eg er glad for å vere tilbake i Nynorsk kultursentrum, avsluttar Arve Sandal.

– Kjenner organisasjonen

Fungerande direktør i Nynorsk kultursentrum, Gaute Øvereng, seier til Nynorsk pressekontor at han er glad for at Reidar Sandal har takka ja til å bli ny styreleiar i stiftinga. Han meiner den nye styreleiaren gjorde ein god jobb sist han var styreleiar, og at han kjenner organisasjonen godt.

– Det var i hans første periode at arbeidet med Hauge-senteret i Ulvik og Vinjesenteret i Vinje starta. Han kjenner organisasjonen godt, sjølv om det er åtte år sidan han sist var styreleiar, seier Øvereng.

Øvereng gjer det også klart at dei er svært nøgde med arbeidet Lodve Solholm gjorde då han var styreleiar fram til nyttår i år. På spørsmål om den politiske ståstaden er viktig for dette vervet, svarar han nei.

– Vi har hatt gode styreleiarar. Det viktigaste er at dei ynskjer å jobbe for nynorsk skriftkultur og for institusjonen sine interesser, ikkje kvar dei står partipolitisk. Det er ein fordel med folk som kjenner det politiske systemet, same kva parti dei tilhøyrer, meiner han.

Det er 24 fast tilsette i Nynorsk kultursentrum, fire i Ulvik, fem i Vinje og resten ved Aasen-senteret i Ørsta. I tillegg er det nokre engasjementsstillingar.

(©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...