Ei svekking av sidemålsopplæringa vil gå hardt utover norskkompetansen til elevane og den samla språkkompetansen i samfunnet, meiner Språkrådet.
 

Den nye læreplanen for skulen må innebere ei satsing på nynorsk både som sidemål og hovudmål, meiner Språkrådet.

– Bokmålselevane treng å lære meir nynorsk, og nynorskelevane treng å bli tryggare i språket sitt, seier direktør i Språkrådet Åse Wetås i ei pressemelding.

Den gjeldande språkpolitikken skal syte for at nynorsken skal styrkjast spesielt, sidan denne målforma står svakast i samfunnet.

I dei nye læreplanane er eitt av føremåla djuplæring for elevane. Men i framlegget til ny læreplan er det ikkje inkludert tiltak som skal styrkje nynorsken.

Les også: Reagerer på dårleg omsetting på eksamen: – Vert vanskelegare å vere nynorskbrukar

Etterlyser tidlegare nynorskstart

– Ei svekking av nynorsken i opplæringa vil få alvorlege konsekvensar for den samla norskkompetansen til elevane og for vilkåra til nynorsken, seier Wetås.

Språkrådet meiner mellom anna at alle elevar må starte med nynorsk tidleg, og at det bør vere eigen sidemålskarakter i 8. og 9 klasse og også i vg1 og vg2 på studieførebuande utdanningsprogram.

Slik det blir lagt opp i den nye læreplanen, vil ikkje elevane lære nok om språksituasjonen i Noreg, meiner Språkrådet. Dei vil at elevane skal bli betre kjende med historia om målformene og dialektane tidleg. I tillegg meiner dei òg at det bør bli meir plass til dei samiske språka og andre minoritetsspråk, og dessutan teiknspråk.