Heim Nyhende – Statlege tilskot ikkje løysinga for kulturnæringa

– Statlege tilskot ikkje løysinga for kulturnæringa

Kulturministeren møtte kulturnæringa på Øyafestivalen.

Etter å ha fått innspel frå aktørar frå kulturnæringa, trur kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) at ein heller bør endre på næringsstrukturen, enn å auke mengda statlege tilskot.

For første gang møttest aktørar frå kulturnæringa og representantar frå både kulturdepartementet, UD og Fiskeri- og næringsdepartementet for å få innspel til korleis Noreg kan tene pengar på, og leggje til rette for eksport av kultur.

– Det skjer mykje bra i denne næringa. Omsetninga av kulturproduksjon går veldig opp, men vi har eit stykke att i Noreg for å nå heilt til topps, seier Helleland til NTB etter møtet.

Ho trur likevel ikkje at auke i statlege tilskot er måten ein skaper utvikling i kulturbransjen på, trass i at alle aktørar som deltok på møtet ytra ønske om dette.

– Som vi ser i fleire andre land, trur eg ikkje nødvendigvis mange fleire statlege tilskot er løysinga. Vi må gjere noko med strukturane, og tenkje annleis rundt dette. Kultur må sest på som ei næring, seier Helleland.

– Må hindre lekkasje
Sjølv om det ikkje er mangel på kulturmessig talent i Noreg, og omsetning og sysselsetting i norske kulturnæringar har vakse eksplosivt dei siste ti åra, er det framleis mykje å uutnytta verdipotensial i norsk kultur.

– Noreg har lenge vore eit kulturmessig u-land, og vi har hengt langt etter til dømes Sverige. Dei har til dømes Stockholm, som etter kvart har blitt Nordens hovudkontor for musikkbransjen, seier Vegard Waske frå musikkmanagement-selskapet Mandelbaum til NTB.

Sjølv om han, til liks med dei fleste andre på konferansen, vil behalde eller auke tilskota til norsk kultur, er han derfor samd med kulturministeren i at det ikkje nødvendigvis er det viktigaste tiltaket.

– Det vi treng er konkurranse, og å etablere eit nettverk på bakken her i Noreg, for å hindre at norsk talent lekk til utlandet, seier Waske, til liks med representantane frå mellom anna litteratur- og filmindustrien.

Aktørar frå både film-, kunst-, arkitektur-, musikk-, dans- og spelbransjen var til stades, og det var brei semje om at Noreg bør forme ut ein samla strategi for eksport av kulturprodukt. Foto: Audun Braastad / NTB scanpix / NPK

Ut av kulturrådet
Å etablere eit omfattande kulturelt nettverk i Noreg, der norske og internasjonale aktørar skal møtest og syte for at norske kulturprodukt blir synlege, kan likevel vise seg å bli komplisert og omfattande.

Derfor var eit potensielt samarbeid mellom Kulturdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Utanriksdepartementet, og næringa, svært velkommen hos dei framførte.

Ved møteslutt lufta Helleland eit forslag om å flytte såkalla «kreativ næring» ut av Kulturrådet, og etablere ei egen eining for koordinasjon av kulturell verdiskapning.

– Dette ønskjer eg òg innspel på, sa Helleland, men det rekk vi dessverre ikkje i dag, avslutta ho.

Ein ny rundebordskonferanse kan dermed bli aktuell i nærmaste framtid, ettersom regjeringa har uttalt at kreativ næring kan bli viktig i framtida, når Noreg må finne nye bein å stå på etter at oljeeventyret tar slutt. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...