Heim Nyhende Statsministeren takka Samlaget for gode leseopplevingar

Statsministeren takka Samlaget for gode leseopplevingar

Statsminister Erna Solberg gratulerte og takka Samlaget då forlaget feira 150 år med ein festkveld på Det Norske Teatret i Oslo laurdag kveld.

I underkant av 400 forfattarar, politikarar og kulturpersonar var samla til festkveld på Det Norske Teatret i Oslo laurdag kveld. Statsminister Erna Solberg unnskylde for at ho ikkje heldt talen på nynorsk, men helste forlaget takk for gode leseopplevingar.

– Tefta Samlaget har gjer at det er nettopp Samlaget som gir oss forfattarar som til dømes Agnes Ravatn, sa statsministeren.

Solberg framheva at nynorsk gjennom desse 150 åra har bidrege til å utvikle språk- og nasjonalkjensla.

– Nynorsk er outsideren som har komme i posisjon, sa Solberg til festdeltakarane.

Statsminister Erna Solberg i samtale med forfattar Olaug Nilssen på festkvelden for Samlaget på Det Norske Teatret laurdag 28. april. Foto: Bjørn Ivar Voll / NPK

LES OGSÅ: Sigerskvinna Olaug Nilssen – motbeviste seg sjølv og litteraturvitskapen

Ein vital 150-åring

Det var ei lita gruppe av målmedvitne menn som kom saman i Christiania i 1868 og danna Det Norske Samlaget. Aasmund Olavsson Vinje skipa Samlaget saman med Arne Garborg, Elias Blix og fleire andre. Samlaget dreiv i førstninga som ein bokklubb, og medlemene fekk dei bøkene laget gav ut. I dag er Samlaget det fremste forlaget for utgiving av nynorsk litteratur.

Suksessforfattaren Ravatn og Nilssen meiner det er ein vital 150-åring dei feirar.

– Det er ein gledeleg sprek 150-åring. Det går knallbra med Samlaget. Hadde det ikkje vore jubileum, så burde me feire uansett, seier Agnes Ravatn til Nynorsk pressekontor.

– Det er ein vital og moderne 150 åring, og eigentleg ganske kul, seier forfattarkollega Olaug Nilssen.

Nilssen og Ravatn er samde i at Samlaget har vore avgjerande for forfattarskapen deira.

– Det var Samlaget som gjorde meg til forfattar, som eg hadde drøymt om å bli sidan eg var fem. For meg har Samlaget betydd enormt, men forlaget har også betydd mykje for norsk litteraturhistorie, seier Ravatn.

Feirar nynorsk litteratur

Nettopp den nynorske litteraturhistoria er ein viktig del av 150-årsjubileet.

– Det er to ting me feirar: nynorsk litteratur og barn og unge. Me feirar dei som skriv litteratur på nynorsk. I staden for å skrive ei forlagshistorie, så skriv me ei historia til den nynorske litteraturen. Den famnar om alle som har skrive nynorsk frå Aasen til i dag, seier forlagsdirektør Edmund Austigard til Nynorsk pressekontor.

Boka Nynorsk litteraturhistorie kjem i slutten av mai. Den er det litteraturvitaren Jan Inge Sørbø som har skrive.

– No er den nynorske litteraturen ikkje berre ein suksess, men den er sjølvsagt. Litteraturen er større om meir omfattande enn nokon gong, og den når ut til stadig fleire, til dømes til mange fleire land enn før, seier Austigard.

Forfattarar som Jon Fosse, Maria Parr og Agnes Ravatn er døme på forfattarar som er omsett til mange språk.

Festframsyning med kongeleg publikum

Kronprinsesse Mette-Marit var til stades på festframsyninga på Hovudscenen på Det Norske Teatret. Der fekk publikum høyre dikt av forfattarar som Brit Bildøen, Einar Økland og Ragnar Hovland. Den raude tråden gjennom den tidvis alvorstyngde førestillinga var tolv dikt av Jon Fosse som var tonesett av artist Sandra Kolstad.

I tillegg til helsing frå statsministeren, framførte Odd Nordstoga eit par songar før platesnurrarane tok over musikktilbodet utover kvelden.

Austigard synest det er kjekt med ein festkveld for Samlaget, men minner samstundes om at det nok er det minst viktige i jubileumsåret.

– Først og fremst jobbar me med barn og unge. Festen er mindre viktig. Det som er viktig er det me gjer for å inspirere barn og unge til lese nynorsk.

Trur på ein sterk litteratur, men fryktar for nynorsk i skulen

Han er overtydd om at den nynorske litteraturen vil halde fram med å vere sterk. Likevel er det nokre mørke skyer på himmelen i tiåra som kjem. Det gjeld nynorsk i skulen.

– Viss me ikkje etablerer språkleg sjølvtillit hjå elevar, skiftar dei målform i overgangen mellom barneskule og ungdomsskule, eller mellom vidaregåande og studiar. Ein må ta nynorsk som opplæringsspråk på enda større alvor. Me må respektere at elevar har nynorsk som hovudmål, seier Austigard.

Det er forfattar og journalist Linda Eide samd i. Ho meiner Samlaget gjer nynorsken synleg og relevant.

– Når ein er ein del av eit minoritetsspråk, så er det utruleg viktig å ha nokre heltar. Dei nynorske forfattarane er heltar i nynorskverda. Dei er spydspissar for dette språket, så kjem me som driv med sakprosa og journalistikk bak desse. Me driv med bruksspråk og vil at nynorsken skal fungere over alt og ha aksept over alt. Og akkurat det blir mykje enklare når ein ikkje kjem utanom dei nynorske forfattarane, seier Eide engasjert. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Telemark fylkeskommune skal bruka minst 40 prosent nynorsk

– Eit godt og forpliktande vedtak, seier Noregs Mållag. Telemark fylkeskommune skal vera språkleg nøytralt og bruka minst 40 prosent nynorsk, har det nyleg blitt...

Desse endringane kan kome for nynorsken

Eit nytt spørjeord og nye kjønn på substantiv er noko av det Språkrådet har føreslått. Du har kanskje fått med deg at Språkrådet ønskjer at...

Alle nye lover bør kome på nynorsk!

Det er nynorsken sin tur til å bli favorisert i lovtekstane. Nynorskprosenten må opp. Når Stortinget vedtek ei lov, er ho skriven anten på bokmål...

NRK klarte ikkje nynorskkravet på radio og nett

NRK klarte nynorskkravet på TV, men ikkje radio og nett. Norsk Målungdom etterlyser fleire nynorskjournalistar. NRK har eit krav om 25 prosent nynorsk på kvar...