Heim Nyhende Stemmerett ved 16 kan styrke valdeltakinga

Stemmerett ved 16 kan styrke valdeltakinga

I ein ny rapport om nedsett stemmerettsalder nasjonalt og internasjonalt går det fram at låg stemmerettsalder og mulegheit for politisk deltaking i ung alder kan slå positivt ut for valdeltakinga på lang sikt.

 

 

Det er forskarane Guro Ødegård frå Institutt for samfunnsforskning (ISF) og Jacob Aars ved Rokkansenteret har utarbeidd ein rapport om erfaringar med nedsett stemmerettsalder i andre land. I rapporten går det fram at 16- og 17-åringen truleg vil stemme i noko større grad enn ungdom i aldersgruppa over, men at dei vil røyste i noko mindre grad enn veljarane totalt sett gjer.

Forskarane reknar vidare med at 16- og 17-åringar blir meir politisk medvitne gjennom å få stemmerett, men at dette avheng av at dei har tilgang på informasjon og arenaer der politisk informasjon blir formidla og diskutert.

Det samla valresultatet vil truleg ikkje bli særleg påverka. Mellom anna syner erfaringar frå Tyskland og Austerrike at 16- og 17-åringane i stor grad fordeler stemmene mellom partia som dei andre veljarane, melder Kommunal- og regionaldepartementet på sine heimesider.

Her til lands skal 16 og 17-åringar i 20 kommunar og Longyearbyen få mulegheit til å stemme ved kommunevalet til hausten. Dette er eit forsøksprosjekt ved dette valet.

Du kan lese heile rapporten her.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...

Ny forsking: Få kommunar har plan for bruk av nynorsk – og mange planar er utdaterte

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei oppmodar fleire kommunar til å vedta nye språkbruksplanar. – Det har skjedd...

Gunnhild Øyehaug får nynorskstipend frå Vestland fylkeskommune

Stipendet på 150 000 kr blir delt ut for første gong i år. Gunnhild Øyehaug er ein av dei fremste skjønnlitterære forfattarane i landet. Ho...

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...