Heim Nyhende Synleg og sentralt

Synleg og sentralt

– Me skal skrive om det som er synleg og lett, men også leite fram det underkommuniserte og vanskelege, seier Knut Aastad Bråten.

I 2009 slo Landslaget for spelemenn seg i hop med Norsk Folkemusikk- og Danselag. Saman vart dei FolkOrg – Organisasjon for folkemusikk og folkedans. Organet til den nye organisasjonen vart Bladet Folkemusikk, og det tradisjonsrike Spelemannsbladet forsvann. Med på overgangen var Knut Aastad Bråten, som hadde arbeidd i Spelemannsbladet sidan 2007. Han nytta overgangen til å leggje om bladet. Det fekk ny form, det fekk nytt innhald og avisa Valdres kalla det “både lekkert og sexy”.

– Eg hadde det veldig morosamt som redaktør i Folkemusikk, seier Aastad Bråten. Eg hadde full fridom til å gjere det eg ville, noko som passa meg utmerkt.

– Då eg byrja, heitte det Spelemannsbladet. Me bytte namn, definisjonen av folkemusikk vart breiare, og eg trur me lukkast i å gjere bladet viktigare.

Etter å ha styrt bladet i bortimot sju år under to ulike namn, bytte han likevel beite i haust. I februar kjem det fyrste nummeret av Syn og Segn som han har hatt ansvar for.

– Eg kjende at det var på tide å lee på seg. Som bladstyrar definerte eg sjangeren folkemusikk veldig vidt, men det var likevel variantar av same emna heile tida. Det gjekk i folkemusikk og folkedans, og det var det. Difor ser eg no fram mot å få tenkje litt breiare.

Vil du ta tak i Syn og Segn på same måten som du tok tak i Spelemannsbladet?

– Ja, og det har eg alt gjort, utan at det blir ein revolusjon. Det skal framleis vere eit allmennkulturelt tidsskrift innanfor kultur, politikk og samfunn. Det skal framleis vere på nynorsk.

Eg har likevel arbeidd mykje med å finne ei form, ein rigg for korleis tidsskriftet skal sjå ut innanfor dei råmene eg har til disposisjon.

Korleis ser det ut?

– Eg er oppteken av variasjon. Eg ynskjer å utfordre tidsskriftsjangeren endå meir. Det skal framleis vere råd å finne lange essay, men det er også viktig at andre sjangrar som t.d. intervju skal finne ein naturleg stad i bladet. I tillegg må me utvide det omlandet der tekstane skal kome i frå, og ikkje vere redde for å tenkje utanfor det tradisjonelle nynorsklandet, om det så er Siv Jensen som har noko på hjarta. Det er emnet som må vere det interessante.

Det vil seie ein del omsetjing?

– Nja, noko blir det vel. På den andre sida er det mange som er flinke til å skrive nynorsk, utan at dei er heilt klår over det sjølve. Det finst ei redsle for å kaste seg ut i det, ei frykt for at ein skal skrive mykje feil og ha dårleg språk. Ei som har skrive i det nye nummeret, var overtydd om at teksten ikkje heldt mål, sidan ho sjeldan skriv på nynorsk. Eg sa at det var det minste problemet, og at me lett skulle fikse teksten i språkvasken. Men då teksten kom, synte det seg at ho skreiv knakande godt! Denne uroa har eg sjølv kjent på, eg bytte til nynorsk då eg var 18-19 år gamal. Dette korrekturspøkelset som skal kome å ta deg. Det trur eg har skremt mange vekk i frå nynorsken. Men om Siv Jensen skriv ein tekst på nynorsk, så er det fyrst og fremst innhaldet som er det sentrale, ikkje nødvendigvis om ho har eit godt språk.

Er det ikkje vanskeleg å kome frå eit blad som har eit så strengt definert emne, til eit som knapt har nokon avgrensingar i det heile?

– Det ser eg ikkje på som noko problem i det heile. Men nettopp difor er eg oppteken av å meisle ut ei fast form og ei grind å henge tekstane på. I kvart nummer kjem det til dømes ein fast temaserie, ein lengre samtale, ein tekst med eit internasjonalt blikk utanfrå, ei tilråding. Råmene skal vere strenge, medan emna skal vere frie.

Ein meldar skreiv nyleg om eit tidsskrift og meinte at alt var vel og bra, men at det var lite som stod i bladet som han ikkje var samd i.

– Det er rett sett. Det må vere artiklar som ein kan bryne seg på, og som kan utfordre oss. Det er mykje konsensus og semje i tidsskrifta. Dette prøvde eg også å gjere noko med då eg var redaktør i Folkemusikk: Me skulle skrive om det som var synleg og hyggeleg, men også leite fram det som var vanskeleg. Dette meiner eg også skal vere leidestjerna i arbeidet med Syn og Segn. Ikkje alle tekstane skal vere oppbyggande, eller fungere som lim for oss i nynorskland. Me er ikkje så skjøre vesen. Målet må vere at tekstane er viktige og relevante, ikkje om ein er samd eller ikkje.

Du har sagt at lokalavisene sviktar litt her, at det blir for mykje lim og for lite lupe.

– Ja, det er i grunnen eit godt døme. Lokalavisene er flinke til å vitje lokale verksemder når det går godt og det skal utvidast, men ikkje fullt så flinke til å høyre om korleis det går i nedgangstider. Det er ein tendens til ikkje å ta dei viktige ordskifta, av di me konkluderer med at det blir vanskeleg. Det trur eg er feil, og feigt. Det er viktig å snakke om det ubehagelege, eller stille spørsmål ved etablerte sanningar. Det er mangt som blir teke for gjeve i tette og småe subkulturar. Dette gjeld ikkje berre lokalaviser og bygdesamfunn. Det er det same i folkemusikkmiljøet og i nynorskland.

Kor lett er det å få til med eit tidsskrift som kjem ut fire gonger i året?

– Dette er noko alle tidskrift spør seg om heile tida. Aviser endrar seg, dei får stadig nye bilag, og Schibsted-konsernet kjem med nye aktualitetsblad rett som det er. Kva plass tidskrifta skal ha oppi alt dette, finst det ikkje noko fasitsvar på. Men eg trur det er viktig å vere realistisk og ikkje tru at ein skal doble opplaget fyrste året. Me er eit lite blad med avgrensa ressursar. Dei ressursane må me gjere det beste ut av, og håpet er at me greier å lage eit tidsskrift som folk ynskjer å lese og som dei finn interessant. Samstundes må me gjere oss synlege. Eg som redaktør skal ikkje vere redd for å invitere meg sjølv inn i offentlege ordskifte, gjennom å skrive og meine. Redaktørstolen gjev meg ei stemme, og det gjeld om å ta den i bruk.


Knut Aastad Bråten (37)

Ny redaktør i Syn og Segn
Kjem frå same stilling i Bladet Folkemusikk
Bur og arbeider på Fagernes
Kjærast med Knut Olav Åmås, statssekretær i Kulturdepartementet

Førre artikkelEndringsvilje
Neste artikkelOrdkløyveri

NYNORSK INSPIRASJON

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

Voss herad er Årets nynorskkommune: – Det same som verdsmeister i nynorsk

Kulturdepartementet heidrar Voss herad for klar og tydeleg informasjon på nynorsk under koronakrisa. – OL-og VM-medaljer har me i bøtter...

MEST LESE

Språksjov-Linda vedgår: – Mange vil gjerne inn i skåpet mitt

Dette er det andre intervjuet i årets sommarserie. Mykje moro og mange bilete av den fargerike vossingen og sjefen for den populære...

Guri Vesaas får Storegutprisen under Litteraturdagane 2022

På Litteraturdagane i Vinje blir tidlegare redaktør i Det Norske Samlaget, Guri Vesaas, heidra med Storegutprisen. Ho får prisen spesielt for den...

Rekordtal for nynorskinnhald i Store norske leksikon

I over 100 år var Store norske leksikon (SNL) nesten berre på bokmål. Men etter at SNL og Nynorsk kultursentrum gjekk saman...

Miljøstøtte frå Vestland til Framtida Junior

Framtida Junior vil laga til miljøjournalistkurs for barn og unge fleire stader i Vestland no i haust, og gje ut ei miljøutgåve...