Heim Nyhende Tre nynorskutfordringar til Raja og Grande

Tre nynorskutfordringar til Raja og Grande

– Vi treng rask handling, slik at nynorsk blir ein del av kvardagen til fleire av oss, seier direktør Per Magnus F. Sandsmark i Nynorsk kultursentrum.

Nynorsk kultursentrum gratulerer Abid Q. Raja og Trine Skei Grande med nye statsrådspostar.

– Venstre har vist stor vilje til gjennomslag for nynorsk dei sju åra dei har påverka den daglege språkpolitikken. Med kløkt og kunnskap om feltet har den språklege infrastrukturen i Noreg blitt styrkt med Trine Skei Grande som kulturminister, seier Sandsmark i ei pressemelding.

Samstundes står mykje att, og den nye læreplanen i norskfaget krev heilt medvitne tiltak for at ikkje nynorsk blir svekka som eit nasjonalt kvardagsspråk.

Derfor har nynorskdirektøren tre utfordringar til dei nye statsrådane.

1. Lovverket må sikre språkleg mangfald

Dei to statsrådane har både opplæringslova, mediestøttelova og språklova på borda sine.

– Regjeringa viser stor forståing for det språklege mangfaldet i Noreg, med nynorsk, bokmål, dei samiske språka, nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk. Samstundes manglar ofte tiltaka som gjer at lovverket reelt sett stør opp om dette mangfaldet, seier Sandsmark.

Nynorsk kultursentrum meiner at retten til undervising på eige skriftspråk i alle fag skal bli utvida til 10. steget. Stiftinga er òg opptekne av at nynorsk må inn som eige kriterium i mediestøttelova på lik linje med dei samiske språka, og at styresmaktene må ha verkemiddel og kompetanse til å skrive nynorsk.

2. Meir nynorsk i kvardagen

Med makt i kultur- og kunnskapsdepartementa ventar Nynorsk kultursentrum at Venstre nyttar høvet til eit løft for nynorsk på fleire område.

– Nynorsk er eit sterkt skriftspråk i verdssamanheng. Det er i bruk i skulane, næringslivet, offentleg sektor, rettsvesenet, trussamfunna, kunsten, vitskapen, massemedia og i mange heimar kvar dag, seier Sandsmark. Han peiker på at det samstundes er for lite digitalt innhald på nynorsk.

Nynorsk kultursentrum er også opptekne av behovet for lærebøker til høgare utdanning, til dømes lærar-, sjukepleiar- og økonomiutdanningane. Det er også eit stort behov for meir tilrettelagd litteratur for vaksne innvandrarar som lærer nynorsk.

3. Grunnlaget for språkteknologien i framtida må bli lagt no

Noreg treng gode databasar og framifrå fagfolk på terminologi, talespråk, stadnamn og språkteknologi.

– Utan medviten politikk og satsing kan teknologien føre til at det språklege mangfaldet blir redusert. Det er synd, for tiltaka og ideane for å sikre mangfaldet finst. No må dei sikre rammene for å sikre kompetanse og drift av desse tiltaka for framtida, avsluttar Sandsmark.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Nynorskhuset: Det nye, nynorske fyrtårnet

Denne helga opnar Nynorskhuset i Førde. Målet er rett og slett å bli eit nasjonalt kraftsentrum for språk og kultur. – Sogn og Fjordane er...

Nynorskbrukarar flest kjenner seg aksepterte og stolte – men 1 av 6 har fått negative tilbakemeldingar det siste året

Over 16 prosent av nynorskbrukarane har fått negative tilbakemeldingar for språkbruken sin det siste året. To tredjedelar av nynorskbrukarane er heilt einige i at dei...

Slutten for Ålesund som nynorskkommune: – Frykteleg synd

Ålesund har vore den største nynorskkommunen i landet sidan 2019. No vil det nyvalde fleirtalet i kommunestyret at kommunen skal bli språknøytral. Det skriv NRK...

Vi treng eit nynorskløft i lærarutdanningane

I dag er det beint fram tilfeldig om ein student går ut av lærarutdanninga med kunnskap og kompetanse til å gje nynorskelevane ei god...