Heim Nyhende Tvangssamanslåing av 13 kommunar

Tvangssamanslåing av 13 kommunar

Nesten 100 kommunar blir slått saman.

Regjeringa og samarbeidspartia er einige om ein avtale der talet på kommunar blir slanka til 358 frå 428 i dag. Nesten hundre kommunar blir slått saman.

Dei fleste av samanslåingane som er nedfelt i avtalen mellom regjeringspartia og støttepartia, skjer som følgje av fri vilje. I tillegg blir 13 kommunar slått saman med andre gjennom tvang, slik partia har moglegheit til gjennom unntaksmogelegheita dei har skaffa seg.

– Nokre stader har det vore eit sterkt ønske lokalt om éin sterk kommune, men der for eksempel ein kommune har sagt nei. Der har stortingsfleirtalet nytta seg av unntaksregelen. Den avtalen som no ligg føre, det er slik det blir, sa kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) på ein pressekonferanse i Stortinget onsdag morgon.

Han poengterte at målet med kommunereforma, som er svært omstridd, er å skape “sterkare fagmiljø” og betre velferdstenester for innbyggjarane. Dette har “gode lokalpolitikarar” forstått og handla etter, meiner statsråden.

LES OGSÅ: Avviste kommunar skal få trøystepengar

Omstridd reform
– Inga reform i Noreg har vore meir diskutert og greidd ut enn kommunereforma. Eg er glad for at eit fleirtal etter valet i 2013 var einige om at tida er inne for ei slik reform, sa Sanner.

Etter rundt to år med reformprosess er fasiten at 153 kommunar per dags dato har fatta positive vedtak om samanslåing. Av desse er det 94 som har funne seg ein “partnar” og går saman i 39 nye kommunar. Basert på fri vilje blir talet på kommunar redusert til 373, og med tvangssamanslåingane vil talet bli redusert til 358.

Partia kallar avtalen dei har komme fram til for ei løypemelding, og ikkje ei endeleg semje om reforma. Regjerings- og støttepartia opnar for at endå fleire kommunar kan finne saman om dei ønskjer det før sommaren.

LES OGSÅ: Slik vil dei engasjera unge i kommereforma.

KrF-nei til tvang
Kristeleg Folkeparti er ikkje ein del av fleirtalet som står bak tvangsbruken overfor enkelte kommunar, men kallar likevel reformavtalen ein suksess.

– Vi har følgt linja med fri vilje. Når nesten hundre kommunar slår seg saman gjennom fri vilje, så har dette vore ein suksess, sa Geir Toskedal (KrF) under pressekonferansen.

Alle representantane på pressekonferansen understreka at dei ventar fleire samanslåing framover mot sommaren, og at dei vil føre den same politikken etter valet til hausten som dei gjer no.

– Kommunereforma vil fortsette, og det vil framleis vere mogleg å finne seg ein partnar før sommaren. Det vil framleis vere behov for samanslåingar også etter reformperioden, sa stortingsrepresentant og komitéleiar Helge André Njåstad (Frp).

Les meir om Vestlandsregionen her

Desse kommunane blir slått saman ifølgje Aftenposten:

Bindal i Nordland

Bindal – vert slått saman med Vikna, Nærøy og Leka.

Vikna i Nord-Trøndelag

Vikna – vert slått saman med Nærøy. Leka og Bindal.

Ørland i Sør-Trøndelag

Ørland – vert slått saman med Bjugn.

Leikanger i Sogn og Fjordane

Leikanger – vert slått saman med Balestrand og Sogndal.

Balestrand i Sogn og Fjordane

Balestrand – vert slått saman med Sogndal og Leikanger.

Søgne i Vest-Agder

Søgne – vert slått saman med Songdalen og Kristiansand.

Sørum i Akershus

Sørum – vert slått saman med Fet og Skedsmo.

Fet i Akershus

Fet – vert slått saman med Skedsmo og Sørum.

Eidsberg i Østfold

Eidsberg – vert slått saman med Spydeberg, Askim og Hobøl.

Spydeberg i Østfold

Spydeberg – vert slått saman med Eidsberg, Askim og Hobøl.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...