Heim Nyhende Vaksdal, Bremanger og Giske vil læra vaksne innvandrarar nynorsk

Vaksdal, Bremanger og Giske vil læra vaksne innvandrarar nynorsk

Denne hausten har både Vaksdal i Hordaland, Bremanger i Sogn og Fjordane og Giske i Møre og Romsdal teke til å gje nynorsk opplæring for vaksne innvandrarar.

– Det er utruleg gledeleg at fleire kommunar byrjar å undervise i nynorsk for vaksne innvandrarar. I dag er det blitt 46 kommunar som gjev opplæringa på nynorsk, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

– For ein nynorskkommune er det viktig at tilflyttarane, både born, unge og vaksne, lærer seg det lokale språket, og at dei får eit godt utgangspunkt til også å forstå dei ulike dialektane, seier Magne Aasbrenn.

Vaksenopplæringa i Bremanger kommune er i ferd med å innføre nynorsk for dei vaksne innvandrarane som kjem til kommunen, og tek sikte på ein overgangsperiode med både bokmål og nynorsk før dei berre tilbyr nynorsk opplæring.

Denne hausten byrja Vaksdal kommune med eiga vaksenopplæring i kommunesenteret Dale, og denne opplæringa er på nynorsk. Også Giske kommune byrja å gje vaksenopplæring i eigen kommune, etter at dei tidlegare sende dei busette innvandrarane til bokmålsopplæring i Ålesund.

Sidan Noregs Mållag sette i gang «Kampanje for nynorsk opplæring for vaksne innvandrarar: NyNorsk» har det vore ein god auke med kommunar som tilbyr nynorskopplæring. Etter det Mållaget kjenner til, er det no 46 kommunar i Noreg som tilbyr nynorsk opplæring.

Les meir om opplæring på nynorsk for vaksne innvandrarar her!

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...