Heim Nyhende Profilerer seg på nynorsk

Profilerer seg på nynorsk

 

Vartdal Plast profilerer seg no konsekvent på nynorsk. – Det skil seg ut blant anna reklame, seier administrasjonssjef Karen Longva Buset.

Kvar veke viser vi deg eit glimt
frå ein av kommunane som er med i LNK.

Denne veka: Ørsta

Nytt frå Ørsta:
Sterk og variert bokhaust i Ivar Aasen-tunet
– Mastepengar til Ørsta
– Vil ta regionale omsyn i valet av E39-trase

Aktuelle lenker:
Ørsta kommune
Møre-nytt
Flickr
Facebook

Familiebedrifta starta for fire år sidan ein prosess der målet var å bli meir konsekvente brukarar av nynorsk i reklame og marknadsføring. 

– Ein hadde ikkje tatt bevisste språklege val før, men sidan bedrifta er i vekst vart det naturleg å tenkje meir også på kva språk me skulle bruke, seier Buset som sjølv er opptatt av språk og drivkrafta i Vartdal Plast for å legge om til nynorsk. 

Arbeidet starta med å få nettsidene over til nynorsk, etterkvart vart det også brosjyrar og anna marknadsføringsmateriell, og no seinast reklamen på bilane. 

– Me er lokaliserte i Ørsta på Sunnmøre og eg meiner me framstår som meir ekte når me skriv det språket me også snakkar.

Buset meiner også nynorsk reklame fungerer som eit stopp-punkt for mange og skil seg frå anna materiell. 

– Eg trur ikkje me kjem til å vinne så mykje på nynorsk reklame, men me taper ikkje på den heller, slår ho fast. 

Det er ikkje alle produkta til Vartdal Plast som har fått nynorsk tekst, men i byggevareprodukta er det gjennomført konsekvent. 

– Det er jo eit rikare språk, seier Karen Longva Buset. 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...