Heim Nyhende Vestlandspolitikarar etterlyser plan for storregion

Vestlandspolitikarar etterlyser plan for storregion

Fristen til fylka om å gjere vedtak om regionreforma går ut torsdag. Det er vanskeleg for lokalpolitikarane når det ikkje ligg føre nokon klar plan, meiner Sp.

– Oppgåvefordeling frå stat til fylkesnivå må liggje føre før fylkestinget kan ta endeleg stilling til samanslåing, skriv Hordaland Senterparti i ei pressemelding.

Dei skriv at dei vil vurdere saka på nytt etter at Stortinget har vedteke oppgåvefordelinga til dei nye regionane i juni 2017.

Fylkesmann i Hordaland, Lars Sponheim, sende måndag sitt høyringssvar til fylkeskommunen om regionreforma. Han peiker på at det kan bli vanskeleg å drive strategisk samfunnsutvikling med ei så stor eining som den planlagde Vestlandsregionen, skriv Kommunal Rapport.

Tidlegare har Fylkesmannen i Rogaland vore negativ til ein vestlandsregion, medan Sogn og Fjordane er positiv.

Regjeringa, med kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) i spissen, la i april fram planen om å skape større regionar som også skal ha større ansvar for samfunnsutviklinga.

Løyser regionreforma seg slik regjeringa ønskjer, vil dei 19 noverande fylka verte erstatta med maks 10 regionar. Dei nye regionane skal tre i kraft frå 1. januar 2020. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...