Heim Nyhende Vil gi noko tilbake

Vil gi noko tilbake

Odda har gitt mykje til litteraturen. Forfattar Marit Eikemo vil gi noko tilbake.

Ho kjem frå ein ganske vanleg heim i Odda. Far hennar dreiv idrettslag og jobba i administrasjonen på Norzink, mor var sjukepleiar. Heimen var på ingen måte overmøblert med bøker. At Eikemo blei forfattar, var i grunnen tilfeldig.
– Eg skreiv ei reportasjebok om ulike møte med ungdomar då eg jobba som journalist i Bergens Tidende. Det var redaktøren i Samlaget, der eg gav ut boka, som oppmuntra meg til å skrive noko skjønnlitterært, fortel ho.

No har Eikemo fire boktitlar på samvitet. Den kritikarroste romanen Arbeid pågår kom i fjor. Året før gav ho ut essaysamlinga Samtidsruinar, som blei kåra til årets nynorskbok i 2008. Forfattaren røper at ho skriv på ein ny roman, med handlinga lagt til ein norsk tettstad, samt nye essay – om norske forbrytarar. Skrivinga kombinerer ho med jobb i Odda kommune, der ho er leiar for det årlege, fem dagar lange Litteratursymposiet.
Forfattaren frå Odda kjem syklande rett frå barnehagelevering til intervjuavtale på Nygårdshøgda i Bergen. Ho er eit par minutt over tida og unnskyldar seg. Det er tydeleg at den produktive kvinna er vand med å vere punktleg.

Vi finn oss ein plass mellom studentane på utekafeen til Universitetsbiblioteket. Miljøet her kjenner Eikemo godt frå eiga studietid. Hovudpersonane i begge romanane hennar er også akademikarar: I Arbeid pågår møter vi Harald, som reiser til Costa Blanca for å skrive ferdig ei doktoravhandling om Ibsen-parodiar. Distraksjonane der blir mange. I debutboka Mellom oss sagt møter vi Regine, som er i ferd med å leggje bak seg studietida ved universitetet på Nygårdshøgda.
– Eg ville utforske livet etter studietida, då alt liksom skal opne seg og moglegheitene bli mange. Regine opplever tvert imot at dørene lukkar seg. Det er vanskeleg for henne å få jobb. Ho har ikkje lyst på barn. Vennene smuldrar vekk, og gamle fellesskap går i oppløysing utan at det kjem nye.
– Er det noko sjølvopplevd i karakterane dine?
– Mitt livsløp er iallfall veldig annleis enn Regine sitt, forsikrar Eikemo, men seier at ho skildrar ei livskjensle som ho sjølv kjenner godt og trur vil treffe mange.   

Før Eikemo hamna på løningslista til Odda kommune i fjor, gjekk yrkesvegen frå Bergens Tidende til redaktørjobb i Syn og Segn og derfrå til informasjonsleiarjobb i Festspela i Bergen. Pendling mellom Bergen og Odda er kvardagen for forfattaren no.
Nokre dagar i oktober er det Odda som er staden for A-laget i norsk litteratur. Festivalen har også blitt eit høgdepunkt for folk i Odda. Då let dei debatten om vern eller riving av dei kalde omnane på smelteverkstomta liggje for ei stund. Eikemo opplever at litteraturen verkar samlande på folk i Odda, og at dei er stolte av forfattarane frå staden.

– Det er kjekt å reise til Odda sånn som eg gjer no: å ha noko der å gjere og ikkje berre vere på besøk. Odda er ein spennande stad å vere, seier Eikemo og tenkjer på brytningstida staden er i etter at mykje av industrien er lagt ned og oddafolk har starta jakta på nye næringar.
– Det er utruleg dyktige folk i Odda, held ho fram.

Utan lokale krefter og initiativ hadde Litteratursymposiet aldri blitt noko av. Bluesklubben, kulturleiaren og biblioteksjefen blir nemnde fleire gonger medan Eikemo fortel om festivalen, som begynte i det små i 2002. Dette var som ein konsekvens av at krefter i Odda byrja å spørje seg: – Kva er det med denne staden, kvifor kjem det så mange kjende forfattarar herfrå?
Frode Grytten sette for alvor Odda på kartet med romanen Bikubesong. Historiene frå Murboligen i Odda står no, til liks med nedlagte industritomter, som udøyelege monument over byen. På neste Litteratursymposium, som har temaet ”Smuss”, kjem leilegheiter i Murboligen til å vere scener for opplesingar.

– Er smuss noko industrien og litteraturen har felles?
– Vi har jo smusstillegg på industriarbeidsplassane. Det handlar ganske enkelt om skit, som det også finst mykje av i litteraturen. Kjartan Fløgstad er den forfattaren som har jobba mest med forholdet mellom det såkalla høge og låge. Han kjem til symposiet med eit nytt essay om smuss i kulturen anno 2010, eit tingingsverk, fortel Eikemo med stolt stemme.
Ho fortel om forfattarar som synest det er stor stas å reise til industristaden inneklemt mellom fjell og fjord desse haustdagane. Her møter dei eit anna og på mange måtar opnare publikum enn elles.

– Eit år blei eg ståande i baren og snakke med ein odding som fortalte at han aldri hadde lese ei bok. Neste år såg eg han høyre på forfattar Tore Renberg og kose seg. Det viser seg at folk i Odda har låg terskel for å gå på litterære arrangement. Dei kan få flotte opplevingar dei elles ikkje ville fått. Sånt gjer arbeidet meiningsfullt, fortel Eikemo.
Festivalen skal vere døropnar og premissleverandør, både for folk i Odda og for Litteratur-Noreg.
– Det var her Karl Ove Knausgård og Tore Renberg tok bokverket Min Kamp opp til drøfting før dei hadde gjort det nokon andre stader. Eit par månader seinare opplevde dei utselt hus og lange køar i Oslo.

I fjor dobla Litteratursymposiet besøkstalet frå 3000 til 6000. Folk måtte snu ved dørene. Lokala på smelteverkstomta tener som festivalarena, men det viser seg at dei ganske enkelt ikkje er store og gode nok til det etter kvart så populære arrangementet. Det har fått Eikemo og forfattarkollega Grytten til å kjempe for pengar til å byggje det som ein gong var garderobe for industriarbeidarane om til litteraturhus. Før jul vedtok utviklingskomiteen i Odda kommune å gi forfattarane opsjon på det gamle sentralbadet på smelteverkstomta. Dei jobbar no med å undersøkje korleis dei skal få finansiert prosjektet, som har fått tittelen ”Frå sentralbad til bokbad”. Eikemo er blitt eit vanleg syn på kommunestyremøta i Odda.
– Første byggetrinn har ei kostnadsramme på éin million kroner, det burde ikkje vere umogleg, meiner ho.

– Kva er det med tomme industrihallar, kvifor verkar dei så tiltrekkande på kulturaktivitetar, kan dette nå ei grense?
– Industristadene vil alltid vere interessante. Her blei grunnlaget for framsteg, velstand og det moderne Noreg skapt. Det er viktig at vi kan vise fram teknologien og arkitekturen for ettertida. Å komme inn i til dømes den gamle kraftstasjonen i Tyssedal er som å komme inn i ein katedral, erfarer Eikemo.
Ho opplever at industrilokala også er eigna til ulike former for kunst og kultur på grunn av romlege forhold og god akustikk. Eikemo fortel vidare om 1. mai-markeringa i Odda nyleg, der ein annan av diktarane staden har fostra, Lars Ove Seljestad, hadde opplesing i Omn 3 på smelteverket. Arrangementet vekte merksemd.
Med eit litteraturhus på Smelteverkstomta vil desse møta mellom industri og litteratur bli endå tettare og meir opplagte. Ei naturleg kopling, meiner Eikemo, som står med føtene i begge leirar:
– Det er industri, industrihistorie og litteratur som er dei viktigaste verdiane i Odda i dag, slår forfattaren fast.

SJØLVMELDING
Namn: Marit Eikemo
Alder: 39
Bur: Ytre Sandviken i Bergen, disponerer leilegheit i barndomsheimen i Odda.
Aktuell: Leiar for Litteratursymposiet i Odda. Jobbar for å gjere det gamle sentralbadet på smelteverkstomta om til litteraturhus.
Les: For tida mykje av festspeldiktar Hanne Ørstavik, då eg skal leie ein debatt i samband med forfattarskapen hennar under Festspela i Bergen. Les også andre som skal delta under Festspela: Inger Bråtveit, Vigdis Hjorth og danske Christina Hesselholdt. Elles: norsk samtidslitteratur, Dag Solstad og J.M. Coetzee har gjort sterkt inntrykk siste tida.
Høyrer: Akkurat no står det ei utruleg vakker plate av Pearly Gate Music i spelaren. Elles høyrer eg på alt mogleg frå Lady Gaga til John Olav Nilsen og Gjengen, som kjem på Litteratursymposiet til hausten.

 

Førre artikkelMakt og motmakt
Neste artikkelNominert til Heddaprisen

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...