Heim Nyhende Vil ha brei vurdering

Vil ha brei vurdering

LNK meiner norsk er det viktigaste reiskapsfaget i skulen og er tent med å bli vurdert høgt. Det får ein til ved å leggje vekt på god og presis dokumentasjon av kompetansen til elevane i faget. 

 LNK har no kome med si fråsegn til læreplanen i norsk. 

– LNK vil insistere på at den grunnleggjande ferdigheita å kunne skrive norsk omfattar begge målformene nynorsk og bokmål, og at det må få ei tydeleg formulering i den endelege læreplanen i norsk. 

Les heile fråsegna her

I utkastet som no er sendt på høyring er det lagt fram tre forslag til evaluering. Det første er at ein held fram med dagens ordning, der ein får tre standpunktkarakterer etter ungdomstrinnet og studieførebuande utdanningsprogram, to standpunktkarakterer etter Vg2 på yrkesfaglege utdanningsprogram, ein i skriftleg hovudmål og ein i munnleg. I dagens ordning kan også elevane bli trekte ut til to dagar med skriftleg eksamen i norsk, ein dag hovudmål og ein dag sidemål etter 10. årstrinn. Etter Vg3 i studieførebuande utdanningsprogram og påbygging til generell studiekompetanse skal elevane opp i skriftleg hovudmål. I tillegg kan dei trekkjast ut skriftleg sidemål.

– Alternativ 1 er det einaste av alternativa som reelt tek i vare likestillingsaspektet mellom bokmål og nynorsk og det einaste som tek opp i seg viktige intensjonar i dei to før nemnde stortingsmeldingane. (Mål og meining (2008) og Språk bygger broer (200) red.merk), heiter det i fråsegna. 

– Kunnskap og kompetanse som blir sett på som viktig blir i norsk skule vurdert gjennom karakterar. Standpunktkarakterane skal gje elevane informasjon om kva kompetanse dei har i ulike fag til ei kvar tid har i skuleløpet og representerer den breie vurderinga. Ein standpunktkarakter som sluttvurdering skal også gje  informasjon til andre utdanningsinstitusjonar, personar og organisasjonar som har bruk for å vite kompetansen til eleven når han/ho har avslutta eit skuleløp. Eksamenskarakterar vil ofte gje informasjonen som representerer eit snevrare kompetansefelt, men dei er viktige for å sikre ei mest mogleg lik vurdering i heile nasjonen. 

LNK ser det slik at alternativ 1 er det einaste av dei tre alternativa til sluttvurdering som gjev brei vurdering av kompetanse og god og eksakt informasjon til dei som har bruk for å kjenne kompetansen. Dette alternativet gjev elevane tydeleg dokumentasjon på kompetansen dei har i både bokmål og nynorsk, og for LNK sine medlemmer er det avgjerande viktig at eksamensvitnemål kan seie noko eksakt om kompetansen i skriftleg kommunikasjon i nynorsk. 

– LNK er svært usamd i at ein skal bruke ulike kompetansemål i hovudmål og sidemål. LNK organiserer om lag hundre kommunar og fire fylkeskommunar som er  avhengige av å hente fagfolk til verksemda si frå heile landet vårt. Medlemmene i LNK må kunne gå ut frå at personar som blir tilsette og har høgskule-og/eller universitetsutdanning kan skrive bokmål og nynorsk tilnærma like godt. Ikkje minst må dette gjelde lærarar i grunnskule og vidaregåande utdanning. LNK er redd for at ei senking av krava til kompetanse i sidemål vil slå særs uheldig ut for kommunar der nynorsk er målforma. 

LNK meiner også at ein ved å redusere kompetansemåla i sidemål i forhold til hovudmål kan også fjerne mykje av den einaste fordelen elevar frå nynorskområde har i forhold til elevar som har bokmål som hovudmål. Karakterstatistikkar viser at elevar med nynorsk som hovudmål har høg kompetanse i sidemål, og at dei difor gjennomgåande har betre karaktervurdering i denne delen av norskfaget enn elevar med bokmål som hovudmål. Ei senking av krava kan jamne ut denne skilnaden til fordel for elevar med bokmål som hovudmål, og det kan føre til at sidemålsopplæringa blir sett på som mindre viktig av både lærarar og elevar. 

NYNORSK INSPIRASJON

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

Voss herad er Årets nynorskkommune: – Det same som verdsmeister i nynorsk

Kulturdepartementet heidrar Voss herad for klar og tydeleg informasjon på nynorsk under koronakrisa. – OL-og VM-medaljer har me i bøtter...

MEST LESE

Språksjov-Linda vedgår: – Mange vil gjerne inn i skåpet mitt

Dette er det andre intervjuet i årets sommarserie. Mykje moro og mange bilete av den fargerike vossingen og sjefen for den populære...

Guri Vesaas får Storegutprisen under Litteraturdagane 2022

På Litteraturdagane i Vinje blir tidlegare redaktør i Det Norske Samlaget, Guri Vesaas, heidra med Storegutprisen. Ho får prisen spesielt for den...

Rekordtal for nynorskinnhald i Store norske leksikon

I over 100 år var Store norske leksikon (SNL) nesten berre på bokmål. Men etter at SNL og Nynorsk kultursentrum gjekk saman...

Miljøstøtte frå Vestland til Framtida Junior

Framtida Junior vil laga til miljøjournalistkurs for barn og unge fleire stader i Vestland no i haust, og gje ut ei miljøutgåve...