Heim Nyhende Vil ha vekk sidemålet

Vil ha vekk sidemålet

 – Noregs Mållag bør droppe kravet om at alle skal kunne skrive to skriftlege variantar av norsk, skriv norsklektor Erling Petersen i Utdanningsnytt. 

 
 
– Udir gir klåre signal om å styrke hovudmålet og nedprioritere den skriftlege sidemålsopplæringa. Skulekretsar etter skulekretsar går over til bokmål. Talet på bokmålsbrukarar på skular i tradisjonelle nynorskkommunar aukar. Nynorskungdommane vel i stor grad å byte hovudmål frå nynorsk til bokmål allereie i ungdomsskulen. Motstanden blant bokmålselevar når det kjem til sidemålsstilen er konstant og bastant. Sjølv trauste norsklektorar gir nå på mange måtar klårt uttrykk for at ein skriftspråksvariant er nok for elevar under opplæring, skriv Erling Petersen i Utdanningsnytt. 
 
Petersen meiner Noregs Mållag bør droppe kravet om at alle skal kunne skrive to skriftlege variantar av norsk.  Han meiner dobbeltskrivinga som språkpolitisk verkemiddel har spelt falitt.
 
– Samstundes må Noregs Mållag arbeide for å fjerne kravet om å byte skriftspråk i visse situasjonar. Begge ordningane rammer nynorsken. Den gamle parolen: Tal dialekt- skriv nynorsk, må skrivast om til: Tal dialekt- skriv den varianten du har lært. Alternativet for nynorsken sin del sluttar på «Amen», skriv Petersen. 

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...