Heim Nyhende Vil halde på sidemålskarakteren

Vil halde på sidemålskarakteren

– Fjerning av sidemålskarakteren vil svekkje betydninga av nynorsk i skulen, seier AU-medlem i Raudt, Stian Nicolajsen.

 

Partiet går mot forslaget frå utdanningsdirektoratet til ny læreplan, om at det skal innførast berre ein karakter for norskfaget, skriv nm.no

 

– Me veit at norske elevar har svake prestasjonar i sidemål, og spesielt i nynorsk. I denne situasjonen vil det vera å gjere norske elevar ein bjørneteneste å fjerne dokumentasjonen på ferdigheitane i sidemålet. Me fryktar at dette ytterlegare vil svekkje nynorsken si stilling i skulen, og føre til at betydninga av sidemålet blir mindre i karaktersettinga, seier Nicolajsen.

– Det store fleirtalet av norske elevar har nynorsk som sidemål, og dessverre er skriftmålet lite populært blant mange elevar og foreldre. Lærarane vil bli satt under eit stort press for å vege prestasjonar i hovudmålet høgast hjå elevar med dårlege sidemålskunnskapar, seier Nicolajsen og meiner ein ved å gå over til ein norskkarakter skyv den vanskelege jobben med å lære elevane nynorsk over på læraren.

– Det er i utgangspunktet ikkje ein dårlig idé å redusere fokuset på resultat og måling i skulen, men det er å byrje i heilt feil ende å fjerne karakteren i eit fag elevane slit i og som er under press, seier Nicolajsen.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...