Heim Nyhende - Vis fram jobbane

– Vis fram jobbane

KS startar no opp eit omdømmeprosjekt der åtte kommunar og fylkeskommunar deltek.

Prosjektet Attraktive arbeidsgivarar  er ein del av KS sin rekrutteringsstrategi.

– Kommuar og fylkeskommunar har mange kvalitetar som arbeidsgivarar og eit stort potensial for auka konkurransekraft i arbeidsmarknaden. I dette prosjektet skal KS og medlemmene arbeide saman for å vidareutvikle sine arbeidsgivarkvalitetar og kommunisere desse gjennom systematisk omdømmebygging, seier prosjektleiar Åsbjørn Vetti til organisasjonen si informasjonsavis.

– Bygg organisasjonsidentitet, vis fram jobbane, vis fram arbeidsgivarkvalitetane, bruk kampanjane og samarbeid med andre om regional marknadsføring av kommunane og fylkeskommunane, meiner Vetti.

Dei åtte komunane som deltek i prosjektet er: Austrheim, Bærum, Fjell, Fredrikstad, Kongsberg, Lom, Vestvågøy og Møre og Romsdal fylkeskommune.

Les meir om prosjektet her.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Eit nytt kulturløft må løfta nynorsk

– Regjeringa lovar ein aktiv språkpolitikk og har gode tiltak i sitt budsjettframlegg, men gløymer at institusjonane er avgjerande for språket, seier sekretær for...

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...