Heim Nyhende Vismannen Berge Furre

Vismannen Berge Furre

 

Berge Furre (1937–2016) var den skriftlærde bodberaren som skreiv noregshistorie og sjølv skreiv historie.

 

Han var med og demokratiserte venstresida i norsk politikk, moderniserte tenkinga i målrørsla, heldt talar som er blant dei fremste i norsk retorikk og skreiv bøker ingen kjem utanom. Ein slik kronikør for samfunn og fortid blir det aldri mange av i noko land.

Han skreiv mykje, men var munnleg i all si form. Furre var rett og slett ein av dei store talarane i norsk politikk. Der strekte han seg frå det gjennomarbeidde foredraget til den kontante replikken. Alt måtte vere førebudd – dette var ikkje mannen for improvisasjonar. Difor kunne han også passe på at han ikkje sa meir enn han meinte han hadde dekning for. Aldri var han meir gripande enn når han fekk vere historikar, teolog, målmann, sosialist og bondeven på ein gong.

Godt over 350 avisartiklar signerte han frå tidleg på 1950-talet. Det er ikkje spesielt mange, men dette var tekstar som skapte ringverknader, anten dei stod i Orientering, Dagbladet, Stavanger Aftenblad eller Aftenposten. Han var spaltisten som fanga tida, kika og vrei på den, såg somt som andre ikkje festa seg ved.

Først var han omstridd, jamvel overvaka av dei han skulle undersøkje då han som medlem i Lund-kommisjonen var med og rydda opp i norsk overvakingspolitikk. Då var han alt blitt ein ganske folkekjær observatør og kronikør, ein som kunne kome i studio og hente fram historiske linjer og gjere samtida lettare å forstå. Frå å stå overfor mogleg tiltale for riksrett i 1977 gjekk han til å bli ein aldrande vismann. Etter 1945 har Trygve Bratteli, Kåre Willoch, Gunnar Garbo og Berge Furre vore resonnørane i norsk politikk.

I 1960-åra vakla målrørsla i mange strategiske val. Berginga kom med Berge Furre. Han leidde eit utgreiingsarbeid som enda i boka «Målreising 1967». Femti år etter kan den boka enno lesast med stort utbyte, og den markerer inngangen til den moderne forståinga av språk som no er i ferd med å bli sjølvsagd iallfall for somme.

Han var ein grundtvigianar i all si skrift og all si offentlege gjerning. På preikestolen siterte han berre Bibelen oftare enn han siterte Grundtvig. Det levande ordet var ingen frase for han, men ein forpliktande praksis. Berge Furre skreiv som han snakka, i korte, skarpe, milde, flytande setningar. Han skreiv meir stilsikker og presis sakprosa enn dei fleste journalistar og historikarar har gjort både før og seinare. Den som gjer skrivemåten hans til sitt eige føredøme for å skrive nynorsk, gjer noko lurt.

I fleire tiår frå tidleg 1970-tal skreiv han oversynsverk over norsk historie, og berre han kunne skrive ei avhandling med tittelen «Mjølk, bønder og tingmenn». Hovudverket kom med «Soga om Lars Oftedal» i 1990. Å få lov til å vere forlagsredaktør for eit slikt prosjekt er ikkje til å gløyme. Forteljinga blei på 900 sider, og det var venteliste på Deichmanske i Oslo for å låne tilleggsbandet med dei 4200 notane. Kritikarane skreiv sidelange meldingar der dei reflekterte like mykje over sitt eige forhold til religion og historie som over verket av Berge Furre. Krafta i teksten tvang dei til å gjere det. Enno lurer eg på kva som stod på dei 150 sidene eg bad han ta ut av manuskriptet, og som eg diverre ikkje tok vare på.  

Så takk då, Berge, for alt vi fekk, og som vi ikkje alltid ein gong hadde vit til å be om.

Ottar Grepstad
direktør Nynorsk kultursentrum

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Ber storsamfunnet syta for at retten til eige språk og kultur er reell

Landstinget til LNK Nynorskkommunane kom med støtte til samar, kvener, norskfinnar og skogfinnar. – Me i LNK Nynorskkommunane var samla til landsting same dag som...

Staten bryt språklova i kontakt med kommunane – både LNK, statsråd og mållagsleiar reagerer

Berre éin firedel av nynorskkommunane opplever at staten skriv mest nynorsk til dei. Den nye språklova har førebels ikkje gjort noko positivt utslag for...

– Stortinget hindra digital jamstilling for nynorsken

Det seier ein skuffa leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, etter at den nye opplæringslova torsdag blei vedtatt i Stortinget.  – I ein skulekvardag...

Gratis teateroppleving på øyret – i samarbeid med dagsturhyttene 

Teater Vestland og dagsturhyttene samarbeider om å gi folk ei annleis teateroppleving i naturen.  Skogsopplevingar er ein 20 minutt lang podkast som du høyrer på ute i...