Heim Nyhende Vil skape meir liv i bygda

Vil skape meir liv i bygda

Sogn og Fjordane Ungdomslag (SOFUL) ønskjer at det skal bli meir liv i alle grendehus, bygdehus, bedehus, samfunnshus og ungdomshus i fylket. Derfor starta dei opp prosjektet «Huset i bygda».

Prosjektleiar Kristin Sandal har tidlegare uttalt til Driftig.no:

– Huset i bygda er for mange sjølve livsnerven for det sosiale livet og ein møteplass for innbyggjarane. Det er mange fritidsaktivitetar for både born og vaksne som føregår i husa, og i mange bygder er ungdomshuset eller bygdehuset det einaste huset til slike føremål. Utan det lokale kulturhuset kan det nokre stader bli slutt på aktiviteten i bygda.

Det treårige prosjektet «Huset i bygda» starta opp for alvor i 2010, finansiert av Sogn og Fjordane fylkeskommune, kommunar i Sogn og oppsparte midlar i ungdomslaget. Norske kulturbygg er også samarbeidspartnar. Målet med prosjektet er å styrkje dei lokale kulturbygga i fylket som sosial møtestad, som arena for utøving av kultur og som kulturminne.

Prosjektleiaren til «Huset i bygda» jobbar deltid, i tillegg til at ungdomslaget sjølv er involvert i prosjektet. Nå har dei kome halvvegs i prosjektperioden og har vore i kontakt med fleire titals representantar for lokale aktivitetshus.

Vil nå lenger enn Sogn

– Eg er ein utålmodig person. Eg er nøgd, men eg vil at vi skal nå mykje lenger. Mykje stoppar med økonomien. Vi hadde eit veldig lyft det første halvåret, der vi deltok på fylkeskommunale konferansar, fekk presentert arbeidet i fleire forum og var i dialog med huseigarar. Sidan det er snakk om frivillig arbeid, bør eit slikt prosjekt eigentleg ha ein litt større horisont enn tre år. Eg skulle også ønskje vi hadde meir midlar, slik at prosjektleiaren kunne reist meir til dei forskjellige laga og organisasjonane vi er i kontakt med, seier Anders Gjerland, som er styreleiar i SOFUL.

Prosjektet «Huset i bygda» er ikkje berre oppretta for å hjelpe til med det tekniske med eit grendehus. Føremålet er også å gje laga og organisasjonane høve til å drive med kjerneaktiviteten sin, ikkje berre drive eit grendehus til bruk for andre.

– Vi har hatt fleire konstruktive møte med lag og foreiningar som eig hus. Dei har ønskt hjelp til å utvikle huset, med teknisk oppgradering og drift og utleige av huset. Gjennomgangstonen har vore at organisasjonane har brukt så mykje krefter på drifta av huset, at det har gått på kostnad av kjerneaktiviteten. Dei har i praksis blitt eit husstyre i staden for å drive med organisasjonsarbeid, fortel Gjerland.

– Vi fokuserer på det lokale miljøet. Vi ønskjer å styrkje det sosiale miljøet med fokus på huset. Ikkje plent på korleis huset står fram, men meir på huset som ei ytre ramme for aktivitetar. Vi ser litt stort på dette. Vi er opne for alle slags hus – bedehus, grendehus og nedlagde skular gjevne til krinsen, held han fram.

Tanken var at dette skulle bli eit nasjonalt prosjekt, men det er langt fram dit.

– Først skal vi avdekkje behovet i Sogn og Fjordane. Vi har framleis ambisjonar på nasjonalt nivå, men vi må ta den tida vi treng for å fullføre prosjektet i fylket vårt først. Så kan vi prøve å få på plass ein liknande struktur i andre fylke, seier SOFUL-styreleiaren.

God respons

Like etter at dei starta opp prosjektet, blei dei kontakta av mellom 20 og 30 huseigarar rundt om i fylket, som var interesserte i sjølve prosjektet, og som ønskte råd frå ungdomslaget.

– Eg var overraska over responsen vi fekk etter at prosjektet hadde blitt presentert i avisene, men det er ikkje alle telefonane vi har fått, som har resultert i eit møte med huseigaren, seier Gjerland.

Han peikar på at det er mange perler av ungdomshus som står til forfall rundt om i fylket, mellom anna står det tre Lindstrøm-teikna hus i Indre Sogn. «Huset i bygda» har nå to hus som dei har kome skikkeleg i gang med arbeidet og samarbeidet på.

– Husa i Vik og Solund er dei mest konkrete prosjekta vi nå jobbar med. Vi er også i startgropa med fleire andre hus, fortel Gjerland.

Sogn og Fjordane Ungdomslag har 51 ungdomslag som er knytte til organisasjonen. I Sogn er det rundt 150 organisasjonseigde hus, inkludert bedehusa.

– Vi ønskjer å vere ein slags sparringpartnar for huseigarane. Vi kan hjelpe til med å lage reguleringsplanar for området, finne ut kva som er realistisk å gjennomføre, kven dei bør ta kontakt med, korleis dei skal gå fram, og kva kommunale og fylkeskommunale planverk dei skal bruke. I tillegg kombinerer vi ofte det fysiske møtet med eit kortkurs i organisasjonslære, seier ungdomslagsleiaren.

– Vi ønskjer å bidra med hjelp til sjølvhjelp, avsluttar han.

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...

Startar Nynorskstafetten i Nordhordland

I år er både LNK og Nynorsk kultursentrum med Noregs Mållag på Nynorskstafetten. Sidan 2013 har Norsk Målungdom og Noregs Mållag reist rundt i landet...

På høg tid å støtta læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar

Å støtta opplæring i nynorsk for vaksne innvandrarar er både eit godt disktriktstiltak og eit godt integreringstiltak. Det er eit skrikande behov for læremiddel på...