Heim Nyhende Vil bli betre kommunar

Vil bli betre kommunar

88 kommunar har no søkt om å få bli med i programmet Saman om ein betre kommune.

Programmet er eit samarbeid mellom regjeringa, KS og arbeidsgjevarorganisasjonane. Målet med programmet er å få kommunane til å arbeide for å redusere sjukefråværet og uønskt deltidsarbeid, auke kompetanse og rekruttering til kommunale jobbar og auke omdømmet til kommunen.

Saman om ein betre kommune byggjer på Kvalitetskommuneprogrammet som vart avslutta i 2010. Kvalitetskommuneprogrammet viste at samarbeid lokalt mellom dei folkevalde, dei administrative leiarane og dei tilsette og tillitsvalde var viktig for å oppnå resultat, heiter det på programmet si heimeside.

Kven av dei 88 søkjarkommunane som får bli med i programmet, vil truleg bli kjent innan midten av september. Kommunane må sjølve setje eigne mål og planar for arbeidet, og programmet skal vare ut 2015. Det er Kommunal- og regionaldepartementet som har ansvaret for programmet.

Førre artikkelSpråk og fotball
Neste artikkelVil skape meir liv i bygda

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...