Heim Nyhende Vil bli språkleg nøytrale

Vil bli språkleg nøytrale

I februar skal kommunestyret i Bykle avgjere om kommunen skal gå over frå å vere nynorskkommune til å bli språkleg nøytral.

Bakgrunn:

Kommunestyret i Bykle skal i februar 2012 ta stilling til om Bykle kommune skal bli språkleg nøytral. Kommunen har i dag nynorsk som administrasjonsspråk.

Å bli språkleg nøytral inneber at kommunen ikkje tek stilling til ei føretrekt målform. I praksis tyder det at tilsette kan nytte den målforma dei ønskjer, med mindre kommunestyret vedtek noko anna. Det tyder vidare at statlege organ ikkje er pålagde å nytte ei særskild målform når dei vender seg til kommunen. Skulemålet i ein kommune kan vedtakast separat.

Forslaget om språkleg nøytralitet i Bykle kom opphavleg frå kommunestyrerepresentant Dag Hovden (Ap). Han føreslår at kommunen blir språknøytral, og at ein melder seg ut av LNK. Han peiker i sitt framlegg på at dette ikkje vil innebere ei endring i målform for skulane si undervisning.

Det er to grunnskular i Bykle, og ifølgje Allkunne hadde 95 prosent av elevane ved desse skulane nynorsk i 2009/2010. I Setesdal-regionen er det fem kommunar, med denne fordelinga: Bykle, Valle og Bygland er nynorskkommunar, medan Evje og Hornnes kommune er språkleg nøytral.

Bakgrunnen for at saka kom opp, er eit brev frå kommunestyrerepresentant Dag Hovden (Ap), som føreslår at kommunen blir språkleg nøytral og melder seg ut av LNK.

Kommunen har sidan utgreidd saka og lagt fram forslag om at Bykle kommune går over til å bli nøytral i skriftspråket frå 1. mars i år. Ordførar Jon Rolf Næss (Ap) kjem til å stemme for at Bykle blir språkleg nøytral. Til LNK-avisa seier Næss at han vil stemme for at Bykle skal bli språkleg nøytral, av fleire grunnar.

Valfritt

– I Bykle kommune har vi positiv folketalsvekst med stor tilflytting, og vi har etter kvart folk frå alle fylka i landet her. Kommunen må spegle denne utviklinga, og vi må la folk få velje kva språk dei ønskjer å bruke.

Han peiker vidare på at det er ein tøff kamp å rekruttere kompetente folk innan enkelte tenesteområde i kommunen, og i ein slik kamp trur han at valfri målform vil vere ein fordel. At dei skal bruke nynorsk, bør ikkje vere eit kriterium.

– Vi tenkjer at folk som søkjer ein jobb, er fagmenneske innafor sitt felt. Skriftspråket er ein av reiskapane deira, og dei har truleg ønskje om å bruke den målforma dei kan best.

LES OGSÅ: Fryktar for skulemålet

Han kjenner ikkje til dokumenterte døme på at målforma har hindra rekruttering, men seier ein har fått signal som tyder på at dette er ein medverkande årsak til at rekruttering av fagfolk kan vere vanskeleg.

Han peiker vidare på at kommunen i dag har mange tilsette som ønskjer å bruke nynorsk som tenestemål.

– Men for somme er det i dag ei belastning at dei blir brukte som ekstra språkvaskarar for andre tilsette.

Ordføraren ønskjer å understreke at om kommunen er for språkleg nøytralitet, så tyder det ikkje at ein er mot nynorsk.

– Motivet vårt er at folk skal kunne velje.

Jon Rolf Næss

Utsett

Om kommunen no skulle vedta å bli språkleg nøytrale, vil det ikkje føre til noka endring i skulemålet direkte, slikt må vedtakast separat. Ordføraren er heller ikkje med på at kommunen sitt vedtak aleine kan vere styrande for dei vala andre kjem til å ta ved seinare høve.

– Desse vil uansett kome på banen før eller seinare. Ein må våge å drøfte desse tinga, heller enn å tie dei i hel.

LES OGSÅ: Vil vakte språket i regionen

Då saka var ope til handsaming i kommunestyret i slutten av januar, enda det i utsetjing. Senterpartiet ønskte i tillegg til utsetjing ei breiare utgreiing av saka. Det forslaget falt, og saka skal no opp att i februar, slik ho ligg.

– Ein del opplevde at saka kom vel fort opp, og det kan vi ha forståing for, seier Næss.

– Men den utgreiinga det blir bede om, opplevde vi som ganske omfattande og til dels vanskeleg å finne ut av, og eg stussar på at det blir reagert så sterkt. I denne saka opplever eg dessutan at folk har bestemt seg, så for den del kunne vi nok teke avgjerda på møtet i januar.

Saka om språkleg nøytralitet skal opp i kommunestyret i Bykle 23. februar. Medlemsskapen i LNK er ikkje eit punkt i framlegget.

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...