Heim Nyhende Stemningsfangaren frå Ål

Stemningsfangaren frå Ål

 

Arne Moslåtten er mannen som fyller melodiane til Hellbillies med ord. Snart blir han også festspeldiktar.

– Eg blir jo litt skremt når eg ser kven som har vore festspeldiktarar tidlegare, det er store namn. Eg reknar jo eigentleg ikkje meg sjølv som forfattar, seier Arne Moslåtten.

Songdiktaren i Hellbillies er likevel hanka inn som festspeldiktar under Dei nynorske festspela siste helga i juni. Dermed går han i fotspora til forfattarar som Jon Fosse, Halldis Moren Vesaas og Kjartan Fløgstad.

Arne Moslåtten er mannen bak songtekstane til «Den finaste eg veit», «Ål stasjon» og «Ei krasafaren steinbu», songar som gjennom åra har blitt både kjende og folkekjære. Han er den første songdiktaren som får æra av å vere festspeldiktar. Det meiner Moslåtten er ein fordel når han ser tilbake på rekkja av kjende namn som har hatt oppdraget før han.

– Det å skrive songtekster er verken prosa eller lyrikk. Eg trøstar meg med at det er ei eiga grein, så eg ikkje treng å samanlikne meg med dei andre, smiler han lunt.

 

Vegen til songen
Når ein ny Hellbillies-song skal bli til, får Moslåtten utdelt ein ferdig melodi som han skal lage ein høveleg tekst til.

– Aslag skriv først ein tulletekst på engelsk for å få definert korleis melodien skal gå. Medan eg skriv, lyttar eg til melodien og byter ut ei og ei linje av tulleteksten.

Sidan melodien kjem først, kan han ikkje berre skrive når han er inspirert og deretter leggje det til modning i skrivebordsskuffa.

– Når eg jobbar set eg meg ned framfor dataen og der sit eg som oftast til eg er ferdig.

Då startar han gjerne med ei linje midt i refrenget. Det som han får til å passe med linja, blir det songen handlar om. Til slutt blir det mindre og mindre plass til ord, men samtidig meir tydeleg kva det er songen handlar om.

– Eg brukar å seie at det eg driv med liknar meir på kryssordløysing enn på å skrive dikt, ein må få det til å gå opp til slutt.

 

Jaktar stemninga
I november gir Hellbillies ut ny cd, så for tida ligg 5– 6 melodiar og ventar på at Moslåtten skal gi dei tekst. Før festspeldiktaren startar å skrive, prøvar han å fange opp noko av stemninga som ligg i melodien.

– Musikken er ei form for språk utan ord.

Rim og rytme skal klaffe, og Moslåtten legg vekt på at ordstillinga skal lyde naturleg.

– Er det ikkje det, kan språket fort bli framandgjort. Derfor prøvar eg å leggje tekstene nært opp til talemål. Då er også tekstene lettare å hugse. Dess lettare dei er å hugse, dess betre er det, for då blir folk med på å syngje under konsertane.

Under festspela skal Moslåtten halde kurs i korleis skrive selskapssongar, desse sjølvdikta songtekstane som dukkar opp i bryllaup, konfirmasjonar og bursdagar, gjerne fylte med rar setningsbygnad og mindre heldige rim. Moslåtten trur han har nokre triks på lager om korleis skrive slik at songen flyt lettare.

– Å finne tekst til ein allereie eksisterande melodi er jo slik eg jobbar sjølv.

 

Musikalsk altetande
I heimkommunen Ål var Arne Moslåtten rektor i musikkskulen i 15 år, før han gjekk over til å jobbe med Hellbillies på heiltid. Musikalsk kan han likevel ta seg tid til andre enn bandkollegaene.

– Eg spelte i popband då eg var ung og eg har gått på konservatoriet i Bergen og spelt klassisk gitar. Då eg kom inn i folkemusikkmiljøet i Ål, var det også mange som lytta til jazz.

Trass i den breie musikksmaken, er det likevel ei musikkform som står han nært.

– Folkemusikken er kanskje den sjangeren eg kjenner meg mest heime i, fortel han.

 

Dialekt og bygdemiljø
På konsertane til Hellbillies er det som regel fullt og aldersspennet ofte vidt. Moslåtten veit ikkje heilt kva det er som gjer at folk likar songane deira så godt, men trur mange kan kjenne seg igjen i tekstane.

– Vi syng mykje om ting som er typiske for bygdemiljø, og store delar av Noreg er jo landsbygd. Slikt sett kan ein kanskje kjenne seg igjen same kvar i landet ein bur.

Samtidig trur han det hjelper på at dei syng på norsk og ikkje engelsk.

– Norske tekstar blir mykje sterkare enn engelske. Orda som du med ein gong lett skjønar meininga i gjev opplevinga av musikken ein ekstra dimensjon.

Hellbillies syng på gjennomført hallingdialekt. Det meiner mannen bak orda er ein fordel.

– Å syngje eit talespråk gir mindre motstand enn å syngje eit skriftspråk. Når du syng på dialekt er alle skarpe kantar og krasse konsonantar slipt vekk.

 

Fakta om Dei nynorske festspela

 

  • Dei nynorske festspela 2012 har «Songen» som tema, og årets festspeldiktar er Arne Moslåtten frå Hellbillies.
  • Festspela har i år 20-årsjubileum og går føre seg i Ørsta og Volda frå 28. juni til 1. juli.
  • Nynorsk kultursentrum står bak, og mange arrangement er lagt til Ivar Aasen-tunet.
  • Nokon av dei andre som bidreg: Hellbillies, Stein Torleif Bjella, Ragnar Hovland, Edvard Hoem, Berit Opheim Versto, Hans-Tore Bjerkaas, Oskar Stein Bjørlykke, Sogn og Fjordane Teater. (NPK)

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...

Startar Nynorskstafetten i Nordhordland

I år er både LNK og Nynorsk kultursentrum med Noregs Mållag på Nynorskstafetten. Sidan 2013 har Norsk Målungdom og Noregs Mållag reist rundt i landet...

På høg tid å støtta læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar

Å støtta opplæring i nynorsk for vaksne innvandrarar er både eit godt disktriktstiltak og eit godt integreringstiltak. Det er eit skrikande behov for læremiddel på...