Heim Nyhende Vil lese meir om distriktsutvikling

Vil lese meir om distriktsutvikling

 

74 prosent av abonnentane til LNK-avisa som har svart på LNK si kartlegging vil lese meir om distriktsutvikling i avisa.

 

LNK har nyleg gjennomført ei kartlegging blant lesarane av LNK-avisa og lnk.no. Målet er å kartlegge kva lesarane veit om organisasjonen, og kva dei meiner redaksjonen bør arbeide med vidare. 293 personar har svart på kartlegginga, av desse er 201 abonnentar av LNK-avisa.

Heile 86 prosent svarer at dei les LNK-avisa ofte, medan 47 prosent svarer at dei les kvar utgåve av avisa. Fleirtalet av dei som har svart er tilsette i det offentlege eller lokalpolitikarar, og i stor grad menn i alderen 50 – 59 år. Hordaland er det fylket der flest har svart.

Les også: Vi har ein vinnar

Medan abonnentane av LNK-avisa meiner det er passeleg stoffmengde i dag av saker som til dømes kommunesamanslåing, språkpolitikk i skulen og nynorsk i offentlege selskap så vil 74 prosent lese meir om distriktsutvikling i avisa.

Kartlegginga viser også at lesarane av LNK-avisa og lnk.no er samde i påstanden om at organisasjonen arbeider for å styrke nynorsken i det offentlege rommet, og at LNK kan vere ein rådgjevar og støttespelar for kommunen i språkspørsmål. Medan fleirtalet av dei som har svart er usikre på om det stemmer at LNK arbeider med andre saker enn språk.

– Eg er nøgd med oppslutnaden omkring kartlegginga, men merkar meg at mange trur at LNK framleis er ein rein språkorganisasjon. Det er me ikkje lenger. Det er viktig å få fram at LNK ikkje er noko kamporganisasjon for språk, men ein interesseorganisasjon for medlemene våre – kommunar som har valt å bruka nynorsk, seier dagleg leiar Vidar Høviskelnd.

– I 2001 vedtok landstinget at LNK skulle setja språk inn i ein større samanheng, og me skulle synleggjera samanhengane mellom språk, identitet, kultur og næringsutvikling. Dei svara me har fått inn i denne brukarkartlegginga tyder på at me må bli endå meir tydelege på dette området.

205 har svart at dei fekk vite om LNK via kommunen sin, andre svar er Noregs Mållag, Dag og Tid, Facebook og tips frå venner og kjende.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...