Heim Nyhende 77,5 prosent jobbar i media

77,5 prosent jobbar i media

Nynorsk mediesenter har lært opp 80 nynorskpraktikantar på åtte år. 77,5 prosent av dei jobbar i medieverksemder, det er leiar Magni Øvrebotten nøgd med. 

Statusrapporten frå Nynorsk mediesenter viser også 65 prosent av praktikantane jobbar i dag i NRK. Totalt har 28 fast arbeid i media, 22 av desse i NRK. 20 august byrjar det syttande kullet på opplæring/praksis ved Nynorsk mediesenter i Førde. Dei fem nye studentane er Marte Halsør Lovell frå Vågsøy, Tale Høyem frå Os, Jon Bolstad frå Sogndal, Stine Kyrkjebø Johansen frå Kyrkjebø og Kjersti Hetland frå Bryne.

Les også : «Elskar» nynorsk på Facebook

– NRK Nynorsk mediesenter er prega av tillit til kvarandre, god stemning og lagånd. Det syner ei medarbeidargransking der kull 14 og 15 var spurde om korleis det er å vere nynorskpraktikant, seier Bitte Kallerud som er fagansvarleg for granskinga i ei pressemelding.

Ho peikar på at praktikantane no meiner at mediesenteret i større grad enn før fangar opp nye impulsar og stimulerer dei til å tenkje nytt. Dei meiner også dei får meir systematisk oppfølging av måla sine enn dei gjorde før.

– Det er gode tilabakemeldingar frå praktikantane. Dei opplever eit miljø der alle medverkar til å gjere kvarandre gode. Kollegane deler kunnskap og tek seg god tid til faglege diskusjonar. Faglærarane er tydelege på kva dei forventar og følgjer praktikantane tett med tilbakemeldingar, seier Kallerud.

Les heile statusrapporten her

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...