Heim Nyhende Peer Gynt i tradisjon og 3D

Peer Gynt i tradisjon og 3D

I dag opnar peer Gynt stemnet – med tradisjonelle oppsetningar og noko nytt. 

Som alltid er det scenekunst, dans og musikk som står i høgsetet, alt “inspirert av tema frå dramaet Peer Gynt, og med naturen som ramme og medspelar”, som det heiter i programmet.

– I år har vi premiere på framsyninga Utfor stupet, seier May Brit Styve ved Peer Gynt-stemnte til LNK.no. I Fryajuvet skal Peer Gynt utfordre forholdet sitt til kvinnene han har i livet sitt, og det skjer gjennom akrobatikk, dans, song og musikk – og stykket får ein ny dimensjon gjennom bruk av teknologi og 3D-mapping, altså projisering av bilde og film på eksisterande flater i naturen eller arkitekturen.

Sjølvsagt blir det også framsyning av Peer Gynt ved Gålåvatnet. I år, som mange år før, er det Dennis Storhøi som har rolla som Peer. Stykket har vore spela ved Gålåvatnet sidan 1989, og er den største produksjonen til stemnet. Det er Svein Sturla Hungnes som har regien.

Arve Tellefsen, Rein Alexander, Ina Kringlebotn og Camilla Granlien er nokre av dei som skal vere med og setje dagen med Morgonsteming ved Gålåavatnet. Aleksander Rybak held kyrkjekonsert saman med skodespelar Dennis Storhøi. Og den tradisjonelle høgfjellskonserten Ved Rondane har med seg utøvarar som Vinni, Rein Alexander, Ina Kringlebotn, Guro Kleven Hagen samt strykarar frå Peer Gynt kammerorkester.

Statsminister Jens Stoltenberg og skidronning Marit Bjørgen er utnemnd til årets Peer Gynt, ei ære som kvart år kjem ein person eller institusjon som har markert seg positivt på det samfunnsnyttige plan, og som har gjort Norge kjend i utlandet, til del. Det er representantane på Stortinget som bestemmer kven som skal få Peer Gynt-prisen, og i år vart det for første gong altså likt stemmetal for to som då får dele prisen. Prisen blir delt ut 3. august.

Peer Gynt-Stemnet vart arrangert første gong i 1928, den gongen som ei markering av hundreårsdagen til Henrik Ibsen. Frå 1967 har det vore Peer Gynt-stemne kvart år.

Direktør Eli Blakstad i Peer Gynt AS har tidlegare fortald til LNK-avisa om Henrik Ibsen i som i1862 reiste gjennom Gudbrandsdalen for å samle inn historier. Der møtte han truleg ein bonde som har inspirert han til teaterstykket om løgnaren, unnasluntraren og eventyraren Peer Gynt.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...