Heim Nyhende Ordliste i ny form

Ordliste i ny form

Nynorsk ordliste har selt i 2,5 millionar eksemplar. No kjem den i revidert utgåve.

 

Hellviks Nynorsk ordliste har selt i meir enn 2,5 millionar eksemplar sidan første utgåva kom i 1959. No er den 11. utgåva klar, oppdatert med den nye rettskrivinga for nynorsk. Boka er redigert av Margunn Rauset og Aud Søyland.

Det er den første trykte ordlista som er godkjend av Språkrådet etter at den nye nynorskrettskrivinga kom.

– Den gule nynorskordlista er eit moderne ikon og ei av dei mest selde bøkene i Noreg. Nynorsk ordliste er svært sentral i forminga av den sterke nynorske skriftkulturen vi har i dag, seier Håkon Kolmannskog, forlagssjef i Samlaget.

Ordlista er oppdatert etter den nye rettskrivinga for nynorsk, som er gjeldande frå 1. august 2012. Ordtilfanget er oppdatert, og det er lagt til fleire ordforklaringar. Også lista over bokmålsord med nynorske synonym er fornya og utvida. I tillegg til sjølve ordlista har boka ein minigrammatikk og ei liste med forkortingar.

Med den nye rettskrivinga er skiljet mellom hovudformer og klammeformer borte frå nynorske ordlister. Dei fleste ord som før var hovudformer, er framleis med i den nye rettskrivinga. Også ein del former som før var klammeformer, er med vidare, men mange klammeformer har gått ut.

– Alf Hellevik var svært oppteken av at ordlista skulle vera mest mogleg brukarvennleg. Derfor har vi lagt vekt på å fornye ordtilfanget og ta inn fleire ordforklaringar. Dessutan kjem ordlista snart i elektronisk format. Det trur eg Hellevik ville ha likt, seier Aud Søyland. 

Alf Helleviks Nynorsk ordliste kom første gong ut etter at 1959-rettskrivinga var vedteken. Ho bygde på ei lita ordliste utgitt av Einar Breidsvoll og Knut Liestøl. Sidan 2000 har Kåre Skadberg og Aud Søyland vore redaktørar. Frå og med 11. utgåva er det Margunn Rauset og Aud Søyland som redigerer ordlista. Rauset arbeider i det islandsk-skandinaviske ordboksprosjektet ISLEX, mens Søyland er frilans språkrettar og omsetjar. Ho var sekretær for nemnda som utarbeidde ny nynorsk rettskriving og held for tida kurs i den nye rettskrivinga for lærarar, på vegner av Språkrådet.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...