Heim Nyhende Satsar på nynorsk avissenter i Førde

Satsar på nynorsk avissenter i Førde

Sparebankstiftinga går inn med 500.000 kroner til eit nytt senter for å utdanne nynorskjournalistar i Førde.

 

Firda Media arbeider for å etablere eit nynorsk avissenter i Førde. Onsdag kom dei eitt steg nærare målet då Sparebankstiftinga løyvde 500.000 kroner til prosjektet. I tillegg har Amedia gått inn med pengar og Firda Media har søkt Vinjefondet om støtte, skriv Firda.

Sjølv om senteret skal liggje i Førde, er meininga at det skal gagne alle nynorskaviser i landet gjennom rekruttering av journalistar. Målet til avissenteret er å ta imot dei første praktikantane hausten 2013. Då skal mediehuset på Øyrane stå ferdig oppussa med plass til lærekrefter og tre til fire praktikantar, skriv Firda.

– Vi har sett mot det NRK Nynorsk mediesenter i Førde har gjort, og vore i dialog med dei. Vi er einige om å dra vekslar på kvarandre for å få til ei vidare satsing mot nynorskrekruttering i media, seier redaktør Yngve Årdal i Firda.

Senteret skal i første omgang vere eit forprosjekt i eitt år, for å kunne vurdere grunnlaget for ei langsiktig etablering. (NPK)

 

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...