Heim Nyhende Ordførarar vil ha meir makt

Ordførarar vil ha meir makt

Norske ordførarar synest dei har for lite makt og mynde. Kommunlaministeren opnar no for lovendring for å styrke ordførarrolla.

Forskarar ved Universitetet i Tromsø har har studert korleis ordførarrolla har utvikla seg over tid, og dei har samanlikna den norske ordføraren med ordførarane i andre europeiske land. Resultata frå undersøkinga ligg no føre i rapporten ”Ordførermakt? Den norske ordførerrollen i lys av forsøkene med direkte valg og utvidet myndighet 1999-2011”, og her kjem det mellom anna fram at ordføraren har fått ei meir framskoten rolle enn andre folkevalde i kommunen dei siste åra. Ordførarane har dessutan ei styrkt stilling i forhold til formannskapet og kommunestyret. Men samstundes opplever mange ordførarar at rådmannen har fått meir makt enn dei sjølve har. 

 – I praksis har ordførarrolla endra seg mykje over tid og har blir meir profesjonalisert. Oppgåver og arbeidsformer er annleis. Dessutan nyttar ordførarane meir tid på vervet. Eg vil vurdere om vi bør endre lovverket for å gje dei meir mynde og gjere ordførarrolla tydelegare, seier statsråd Liv Signe Navarsete. 

Forksarane har også samanlikna ordførarolla i Noreg og elles i Europa. Her kjem det mellom anna fram at norske ordførarar ikkje ser ordføraren som ein med reell innverknad på verksemda i kommunen, og dei meiner makta til å påverke har flytta seg meir mot rådmenn og statlege og regionale styresmakter. Dei europeiske kollegaene meiner derimot at makta har flytta seg meir til lokale nivå og ser seg sjølve som den med mest innverknad.

– Ordføraren er den fremste politisk tillitsvalde i norske lokalsamfunn. Studien tyder på at dei norske ordførarane stort sett fungerer godt. Samstundes kan det vere aktuelt med lovendringar for å utvikle rolla. Det vil eg no vurdere, seier Navarsete i ei pressemelding.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...