Sankt Jetmund i Vanylven kan bli ein av stoppestadane i den nye kystpilegrimsleia som skal gå frå Rogaland til Sør-Trøndelag.
Kvar veke viser vi deg eit glimt frå ein av kommunane som er med i LNK. Denne veka: Vanylven Nytt frå Vanylven: Aktuelle lenker: Vanylven kommune
|
På Åheim i Vanylven står middelalderkyrkja St. Jetmund. Steinkyrkja vart reist av den engelske kongen St. Edmund i 1155, men vart riven i 1863, etter stridigheiter om kor kyrkja eigentleg burde stå. På 1930-talet byrja arbeidet med å få reist kyrkja att, og kyrkja vart ifølgje vanylven.kommune.no reist etter gamle skisser og bygd med byggingsstein som er samla inn frå gardane ikring.
Mot Nidaros
Denne kyrkja kan no bli ein av fleire stoppestader på den nye kystpilegrimsleia som skal krysse fem fylke og fire bispedømme frå Rogaland til Sør-Trøndelag. Prosjektet Kystpilegrim Rogaland–Nidaros har som mål å kunne lansere den nye pilegrimsleia i 2014, og nett no blir det jobba med å kartleggje kva område som er aktuelle å involvere.
– Vi veit at mange pilegrimar reiste langs kysten i middelalderen, og då var Nidaros og St. Olav sitt skriv målet, seier prosjektleiar for Kystpilegrimsleia Irene Baug.
– Men vi veit også at det var mange mindre mål undervegs, og desse er også viktig å få kartlagt. Klostra var den gongen viktige stoppestader med tanke på mat og overnatting, men sjølvsagt også mål i seg sjølv. Det finst også mange middelhavskyrkjer og steinkors langs kysten, og alle desse må vi no prøve å få fram og setje inn i ein samanheng.
Tryggare
Baug fortel at mange pilegrimar som kom frå Europa valde å reise kystvegen framfor å gå i innlandet, fordi dette opplevdest som tryggare. No er håpet at den nye pilegrimsleia langs kysten skal bli eit godt alternativ til pilegrimsvandrarane, anten dei går for det andelege eller historiske. Samstundes blir det viktig at aktørane langs leia ser kva utfordringar og moglegheiter dette inneber for dei.
– Dette er eit verdiskapingsprosjekt, og vi håpar no at aktørane innafor turisme og reiseliv ser kva verdiar dei bygga dei har hjå seg representerer, men også kva kystpilegrimsleia som heilskap kan bety.