Heim Nyhende Blir buande på studiestaden

Blir buande på studiestaden

60 prosent av studentane blir buande i regionane eller fylket dei har studert i. 

Det er Statistisk sentralbyrå (SSB) som har undersøkt kva den geografiske plasseringa av utdanningsinstitusjonar har å seie for rekruttering til høgare utdanning, og for fordeling av høgt utdanna arbeidstakarar. Rapporten deira viser mellom anna at 60 prosent av studentane blir verande i same fylke dei har studert i.

– Det er gledeleg å sjå at god regional spreiing av universitet og høgskolar medverkar til å skaffe arbeidskraft med høgare utdanning til alle delar av landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete i ei pressemelding. 

Studiestadene i Finnmark viser klårt større lokal tilføring av nye høgt utdanna, enn lokal rekruttering til studia skulle tilseie. Det er nærliggjande å sjå dette i samanheng med ordninga med nedskriving av studielån, som er en del av tiltakssona i Nord-Troms og Finnmark.

Rapporten peiker på noko større lokal rekruttering til studium og tilføring av nye høgt utdanna arbeidstakarar blant eldre studentar. Den lokale tilføringa er også høgare frå nyutdanna med kort høgare utdanning, enn dei med lang utdanning.

Dei fleste fagfelt gjev noko sterkare lokal tilføring av nye høgt utdanna enn lokal rekruttering skulle tilseie.

Studentar med samfunnsfag, juridiske fag, humanistiske og estetiske fag, helse- og sosialfag, lærarutdanning og pedagogiske fag gir den høgste tilføringa av kompetanse til det aktuelle fylket.

Felt som naturvitskap og tekniske fag og samferdsle- og servicefag gjev meir nasjonal fordelt tilføring av kompetanse.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...