Sametingets president Aili Keskitalo meiner kommunereforma regjeringa har lagt fram truar norske språkrettane til norske samar.
– Regjeringa ser ut til å køyre denne reformprosessen vidare utan at det er kartlagt kva for konsekvensar det kan få for samiske rettar, seier Sametingets president Aili Keskitalo til Klassekampen.
Eventuelle kommunesammenslåingar vil berøre dei ti kommunane som er innanfor det såkalla samiske forvaltningsområdet.
I fleire av desse kommunane er den samiske befolkninga ein minoritet. Dersom ein slik liten kommune blir slått saman med ein større nabokommune, vil fleirtalet av innbyggjarane i den nye kommunen truleg vere norskspråklege. Dermed kan vi risikere at det knapt blir nokon samiskspråklege kommunar igjen i Noreg.
– Vi forventar at reforma ikkje vil føre til innskrenkingar av samiske rettar, verken som enkeltpersonar eller som urfolk. seier Keskitalo, som representer Norske Samers Riksforbund (NSR).
Departementet forsikrar at folkerettslige plikter knytt til samiske språk vil bli vurdert i det vidare kommunereformarbeidet
– Regjeringa slår fast i kommuneproposisjonen for 2015 at samiske språkbrukarar ikkje skal komme dårlegare ut som følge av endringar i kommuneinndelinga, seier Jardar Jensen (H), statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartemetet til Klassekampen.
I dag er Karasjok, Kautokeino, Nesseby, Porsanger og Tana i Finnmark, Kåfjord og Lavangen kommune i Troms, Tysfjord i Nordland og Snåsa og Røyrvik kommune i Nord-Trøndelag innlemma i det samiske forvaltningsområdet. (©NPK)