Heim Innspel Bøkene som treng å bli formidla

Bøkene som treng å bli formidla

Den nynorske barne – og ungdomslitteraturen er frodig, rik, variert og av svært høg kvalitet – me kunne berre ønskje oss meir av den og spreidd ut i større opplag.

 

Det er framleis mange, også i dei nynorske områda av landet, som ikkje kjenner godt nok til han. Det var difor initiativtakarane til Falturiltu ville laga ein årleg festival, der dei nynorske bøkene og forfattarane blir synte fram på ulike måtar og i ulike samanhengar. Det er difor initiativet til denne festivalen er godt og velfundert – og har auka i interesse og omfang gjennom dei åra den har eksistert.

Liv Kari Eskeland er ordførar i Stord kommune. Foto: HøgreMe er stolte av å kunne seie at Sunnhordlandsforfattarane står sterkt i norsk barne- og ungdomslitteratur.

Einar Økland, Hans Sande, Rune Belsvik og Ragnar Hovland var sentrale i den store nyskapinga i denne litteraturen i 1970- og 1980-åra, og etter kvart har det komme til ei rekkje ulike forfattarar i regionen som har skrive gode bøker for born og unge. Me har òg framståande klassikarar som Ragnvald Vaage og Johannes Heggland på dette området. Om me utvidar perspektivet litt nordover og sørover, vil me også få med klassikarar som Per Sivle og Rasmus Løland og fine samtidsforfattarar som Erna Osland, Arnt Birkedal og Finn Øglænd. Det er såleis naturleg at ein nynorsk barnelitteraturfestival blir lagt til sunnhordlandsbyen Stord, og som me gjerne likar å seie – verdas største nynorskby.

Bøker som ikkje er kjende, treng å bli formidla. Særleg gjeld dette bøker som har noko nytt i seg; bøker som provoserer, anten ved tema eller form; bøker med uvanleg motiv og skrivemåte; bøker som bryt sterkt med tradisjonen. Men når det gjeld den nynorske barne- og ungdomslitteraturen, er det trong for å formidla heile spekteret av bøker, både dei nyskapande og dei tradisjonelle. Ikkje minst har det dei siste åra blitt prøvt ut ein del meir populære sjangrar på nynorsk, som kriminal- og spenningslitteratur, og desse bøkene fortener også å komma tydelegare fram i lyset.

93 prosent av oss over 16 år seier vi har lese minst ei bok det siste året. Dette er særs bra. Bak talet ligg eit langsiktig arbeid, der formidling av litteratur til barn og unge er sentralt.

Barn (og unge) har lita eller inga eiga kjøpekraft, den einaste staden dei kan velje litteratur etter eige hovud utan å betale er på biblioteka. Her møter dei eit mangfald som er avgjerande for utviklinga av lesedugleik og litteraturinteresse.

Men for at barna skal kunne møte litteraturen, og ikkje minst møte den på sitt eige språk trengs ei rekkje verkemiddel. Det er ikkje sjølvsagt at foreldre til barn som har nynorsk som hovudmål, vel nynorsk litteratur til barna. Det er heller ikkje sjølvsagt at formidlarane gjer det. For å verkeleg kunne møte barna på deira arena med eit tilbod som møter deira interesser og språkbehov treng vi mangfald i litteraturen og i sjanger. Lettlesbøker er til dømes minst like viktige som andre bøker. Å bli god til å lese handlar om mengdetrening. For dei fleste. Skal barna finne fram til bøker som stimulerer til mengdetrening, må vi ha gode formidlarar som ser og forstår, og som tek den språklege situasjonen på alvor. Det handlar altså svært mykje om bevisstgjering.

Ein slik formidlingskonferanse er eit ledd i det å styrke den nynorske hovudmålseleven. Jo betre rusta formidlaren er til å gi råd og vegleiing til den unge språkbrukaren, dess betre vert han.

Det er ein demokratisk rett å kunne bli ein god språkbrukar, vi som vaksne må syte for at barn og unge får utdelt dei verktøya som skal til for å kunne bli ein god språkbrukar.

Og spørsmålet ein kan stille er:

– Kven skal snakke barnas sak, om ikkje formidlaren og biblioteket gjer det?

Sjølv barn i det nynorske kjerneområdet møter mest bokmål, difor kviler det ei ekstra bør på skuldra til lærarane og bibliotekarane i det nynorske kjerneområdet, for at barna skal møte tilstrekkeleg med nynorsk i kvardagen.

Det er her de, lærarar og bibliotekarar kjem inn. Kjenn litt på det gjennom dagen: De er kanskje dei viktigaste bidragsytarane til å skape dei gode lesarane. Og lesedugleik er igjen det viktigaste reiskapen for tileigning av kunnskap.

Eg er svært glad for det engasjement og den interessa de viser for det nynorske målet. Me vert utfordra kvar dag – heile tida, og må vera bevisst i dei samfunnsendringane som no skjer rundt oss – både med omsyn til kommunestruktur og rasjonalisering i mange leirar. Endringsvillige skal me vera, men me må ikkje gje slepp på kvaliteten – det overordna målet er jo at den skal bli betre!

Og sjølv om det vakre, nynorske språket burde ha kraft nok til å bli bore på eigne venger, er det så mange motkrefter og turbulensar som rører der ute, at me treng dei beste våpendragarar me kan få.  Me er mange som heier på dykk, og vil bidra på vår måte, i den grad me kan. For saman er me sterke.

—-

Dette innlegget er ein litt forkorta utgåve av innleiinga som ordførar i Stord Liv Kari Eskeland heldt då ho opna seminar Leseglede og lærelyst med nynorsk barne- og ungdomslitteratur under Falturiltu-festivalen 5. november.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...

Startar Nynorskstafetten i Nordhordland

I år er både LNK og Nynorsk kultursentrum med Noregs Mållag på Nynorskstafetten. Sidan 2013 har Norsk Målungdom og Noregs Mållag reist rundt i landet...