Heim Nyhende Meiner regjeringa gir smular, ikkje makt til kommunane

Meiner regjeringa gir smular, ikkje makt til kommunane

Regjeringa overfører rekordmange nye oppgåver til kommunane, men ikkje mykje reell makt, meiner opposisjonen.

 

Kommunane skal få ansvar for eit tjuetal nye oppgåver, frå tannhelse og utmarks- og naturforvaltning til barnevern og borgarlege vigsler, varsla regjeringa fredag.

– Dette er den største samla oppgåveoverføringa til kommunane nokon gong, erklærte kommunalminister Jan Tore Sanner (H), då han la fram ei stortingsmelding om kva for oppgåver som regjeringa meiner kan overførast til kommunane.

Meldinga er ein del av den pågåande kommunereforma til regjeringa. Innan 2020 ønskjer Sanner seg eit kommunekart med langt færre og større kommunar, i tillegg til eit fylkeskart der dagens 19 fylke er slått saman i færre og større regionar.

– Ingen maktoverflytting

Både Sanner og statsminister Erna Solberg (H) la vekt på at eit viktig mål for reforma er å styrkje lokaldemokratiet og gi lokalpolitikarar større handlingsrom.

Det fnyser nestleiar i Arbeidarpartiet, Helga Pedersen, av:

– Her vert det ikkje flytta reell makt til kommunane. Dei få oppgåvene som konkret er foreslått overført til kommunane ber preg av at ein overfører kostnader og reine forvaltningsoppgåver. Dei fleste oppgåvene er regelstyrte ordningar som i liten grad krev politisk skjønn eller styrkjer lokaldemokratiet, seier Pedersen til NTB.

Senterpartiets leiar Trygve Slagsvold Vedum har same syn.

– Dette er ikkje noko stor desentralisering av makt. Det er berre snakk om å løfte nokre bykommunar, og så svekkje nokre fylkeskommunar. Det er ingen reel stor maktoverflytting på nokon måte, seier Slagsvold Vedum til NTB.

Meir statleg

Interesseorganisasjonen til kommunesektoren, KS, fryktar at reforma faktisk kan føre til endå meir statleg styring.

Styreleiar Gunn Marit Helgesen peiker på at fleire av dei store oppgåveoverføringane som er foreslått går frå fylkeskommunen til kommunane, ikkje frå staten til kommunane.

– Ei reform som i praksis fører til at det folkevalde regionale nivået vert svekte, er ei reform for endå meir statleg styring. Regjeringsforslaget seier nesten ingenting om korleis den statlege styringa skal reduserast, seier ho.

Også Kristeleg Folkeparti (KrF) meiner meldinga er for lite konkret når det gjeld å flytte oppgåver frå statleg nivå til regionnivå.

Framleis tre nivå

I stortingsmeldinga går regjeringa bort frå tanken om at kommunane kan bli tildelt oppgåver ut frå kor store dei klarer å bli.

– Ein slik «trappetrinnsmodell» vil kunne føre til stadig uro og tilbakevendande diskusjon om oppgåvefordeling, vet det slått fast i meldinga. Som hovudprinsipp skal alle nye oppgåver bli overførte til alle kommunar uansett storleik.

Regjeringa understrekar at små kommunar vil bli pålagde eit interkommunalt samarbeid for å sikre innbyggjarane eit forsvarleg fagleg tilbod.

Meldinga opnar også for at storbyane, gitt visse føresetnader, kan få ta over ansvaret for vidaregåande skular og kollektivtransport.

Dagens tre forvaltningsnivå skal bestå, men regjeringa ber også fylka ta «nabopraten» med sikte på å danne større regionar.

Våren 2017 skal regjeringa leggje fram det nye kommune- og regionskartet for Stortinget. Og frå 1. januar 2020 skal dei nye kommunane og regionane vere ein realitet, ifølgje meldinga. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...