Prosjektet «Nynorske lesefrø» bidreg til å ufarleggjera nynorsk ved Talgje barnehage i Finnøy.
Når femåringane i Talgje barnehage er ferdig med leik og moro ute, går det ikkje mange minutta før ein finn dei ved bokhylla. Heilt på eige initiativ dreg dei fram kvar si bok, finn seg ein roleg plass, og set seg til å lesa.
– Med jamne mellomrom får me ein eigen bokkasse frå biblioteket. Før fekk me nesten berre bøker på bokmål, men no ber me om å få flest mogleg på nynorsk, fortel Randi S. Christophersen, styrar og pedagogisk leiar ved Talgje barnehage.
Barnehagen har satsa sterkt på språk, og gjennom prosjektet «Nynorske lesefrø» har både vaksne og ungar vend seg til å bruka nynorsk.
Bøker med på tur
Prosjektet «Nynorske lesefrø» er utarbeidd av Nynorsksenteret i Volda. Så langt har åtte pilotkommunar delteke.
– Nå held vi på med å utvikla ei nettside som skal lanserast i løpet av våren. Der skal me leggja ut ei oppskrift, og visa kor enkelt det kan gjerast. Då kan alle som vill delta, seier Anne Marta Vadstein, rådgjevar ved Nynorsksenteret.
Målet er å skapa gode samarbeidsrutinar mellom barnehagane og folkebiblioteka. Prosjektet er inspirert av Lesesenteret i Stavanger sitt «Lesefrø»-prosjekt, som er utvikla spesielt for barnehagar med mange fleirspråklege born.
Den første bokkassen Talgje barnehage fekk frå biblioteket var knall lilla, og ikkje til å unngå. Eit blikkfang. Nynorskbøkene har i tillegg fått si eiga hylle.
Gjennom satsinga har lesing vorte ein heilt integrert og naturleg del av kvardagen i barnehagen.
– Me prøver å bruka ulike måtar å lesa på. Ungane kan lesa saman, kvar for seg, eller me kan ha høgtlesing for dei. Nokre gonger har me bøker med på tur, og les ute i naturen, fortel Christophersen.
LES OGSÅ: Nynorske barnehagar syng og les mest på bok
– Ufarleggjer målforma
Før prosjektet starta var ein del av ungane skeptiske til nynorskbøker. Ifølgje barnehagestyrar Christophersen kunne ungane stoppa ho når ho var i ferd med å lesa opp ei nynorskbok. Dei tykte det var vanskeleg å forstå, og var vand til å høyra tekstar lese på bokmål.
Ved å ta i bruk nynorsk har både barn og vaksne blitt meir komfortable med målforma.
– Dei tilsette var tidlegare vane med å lesa bokmålsbøker. Ved å ta i bruk nynorsk meir systematisk, og lesa fleire bøker på nynorsk, har ein ufarleggjort målforma, seier Christophersen nøgd.
Inviterte foreldra med
Rogalandskommunen Finnøy har nynorsk som administrasjonsspråk. Sidan hausten 2015 har Finnøy kommune vore med på «Nynorske lesefrø». Foreldra i Talgje barnehage vart involvert gjennom morgonmøte med kaffi og informasjon. Her oppmoda dei foreldra sjølv til å lesa med borna.
Ifølgje Merete Meling Kindingstad, biblioteksjef i Finnøy, har barnehagane som deltar i prosjektet jobba ulikt med språk og lesing.
– Nokre har hatt forfattarbesøk, andre har hatt ein lesegledar som kom og presenterte bøker. Det har også vore foreldremøte, fortel ho.
Etterspør nynorskbøker
Etter at prosjektet starta har biblioteket opplevd ein auke i etterspurnad etter bøker på nynorsk.
– Me har starta å merka bøkene me har på nynorsk. Sjølve bildebøkene som er på nynorsk kjem me til å setja for seg sjølv, fortel ein storfornøgd Kindingstad.
Både biblioteksjefen og barnehagestyraren trekk fram viktigheita av å ta i bruk nynorsk tidleg. Spesielt med tanke på overgangen til skulen.
– Når born møter nynorsk tidleg legg det grunnlaget for at dei seinare vert trygge på å lesa og skriva nynorsk. Det bør vera ein rett for born som seinare skal skriva nynorsk på skulen, å bli kjende med nynorske bøker, songar og tekstar også i barnehagen. Born som vert lesne høgt for på nynorsk lærer skriftforma via øyret, seier Vadstein frå Nynorsksenteret.
LES SAKA: Nynorske barnehagar syng mest på bokmål
LES SAKA: Etterlyser nynorsk i rammeplanen for barnehagane
Faktaboks Nynorske lesefrø:
– Ønskjer å auka tilgangen på nynorsk litteratur i barnehagen.
– Samarbeid mellom barnehagar og folkebibliotek.
– Vil leggja til rette for språkstimulering på nynorsk.
– Vil løfta fram nynorsk barnelitteratur og korleis ein kan bruke han i arbeid med språkstimulering.
– 8 kommunar har delteke.
– Prosjektet varer i 1,5 år.
– Finnøy er ein av pilotkommunane.
– Gratis ressursar og tips kjem på nettet våren 2017.
Kjelde: Nynorsksenteret