– Den nye storkommunen er ein føregangskommune i arbeidet med å sikre nynorsken i kommune- og fylkesreforma, og han kjem til å bli den største nynorskkommunen i landet.
Det står skrive i grunngjevinga frå juryen, som no har kåra Nye Ålesund kommune til «Årets nynorskkommune 2019».
Juryen meiner Nye Ålesund utmerkjer seg ved å ha ei raus og demokratisk innstilling til språk.
Dette vert tiande gong Kulturdepartementet og Språkrådet deler ut prisen.
Ein språknøytrale kommune + fire nynorskkommunar
Storkommunen, som trer i kraft 1. januar 2020, vil bestå av kommunane Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund.
Ålesund er den einaste språknøytrale kommunen – alle dei andre er nynorskkommunar. Kva som skulle verte målforma til komande kommunen har difor vore heftig diskutert i både avisspalter og sosiale medium.
I intensjonsavtalen står det likevel svart på kvitt: Den nye storkommunen skal ha nynorsk målvedtak.
- Nynorsk-wikipedia har passert 150.000 artiklar! Klarar du gjette kva artikkel som fekk leksikonet over terkselen?
Kunne mista ordførarplassen på grunn av nynorsk
Påtroppande ordførar i kommunen, Eva Vinje Aurdal (Ap), fortalde Framtida.no tidlegare i haust at ho før valet frykta nynorskstriden kom til å kosta ho ordførarvervet.
– I min iver etter å signalisera likeverd mellom skriftspråka våre, har eg fått tilsvarande motstand. Men i dag kan eg seia at det var verdt det, sa Aurdal då det vart klart at ho vart den første ordføraren i Nye Ålesund.
Juryleiar og seksjonssjef i Språkrådet, Margrethe Kvarenes, seier i ei pressemelding at språkmedvitet har vore tydeleg heilt frå starten av den krevjande samanslåingsprosessen:
– Språkspørsmålet har vore sentralt i diskusjonane rundt den nye storkommunen, og juryen håpar at prisen vil verke samlande i det vidare arbeidet, seier Kvarenes.
Juryen håpar prisen kan bidra til mykje godt nynorskarbeid i Nye Ålesund, og til «å skape trygge og gode nynorskbrukarar i heile kommunen – også i det som i dag er ein bokmålsby».
Tidlegare vinnarar av «årets nynorskkommune»
- 2018: Vinje
- 2017: Sveio
- 2016: Time
- 2015: Førde
- 2014: Radøy
- 2013: Ørsta
- 2012: Sogn og Fjordane
- 2011: Fjell
- 2010: Seljord
- 2009: Stord