– Regjeringa lovar ein aktiv språkpolitikk og har gode tiltak i sitt budsjettframlegg, men gløymer at institusjonane er avgjerande for språket, seier sekretær for Nynorsk forum, Olav Øyehaug Opsvik.
Regjeringa sitt framlegg til statsbudsjettet inkluderer ein auke på 400 000 kroner til Noregs Mållag og 1 000 000 kroner til Teater Vestland.
– Det er godt at regjeringa lyttar og kjem viktige nynorskinstitusjonar i møte, men dette blir smular i forhold til dei viktige tiltaka som dei 21 institusjonane og organisasjonane i Nynorsk forum har spelt inn til regjeringa i fire år allereie, seier Olav Øyehaug Opsvik, sekretær for Nynorsk forum i ei pressemelding.
I framlegget frå Kultur- og likestillingsdepartementet blir det peika på at det er viktig med ein aktiv språkpolitikk for å ta vare på nynorsk språk, som det minst brukte av dei to jamstilte norske språka.
Trong for tiltak mot språkskifte
Departementet peikar mellom anna på utfordringar knytte til språkbyte frå nynorsk til bokmål hjå elevar på ungdomstrinnet og vidaregåande skule.
– I Nynorsk forum sitt framlegg til departementet har me mellom anna konkrete tiltak for å få meir kunnskap og bøte på dette problemet, noko som me har fått eingongsløyving til tidlegare, seier Opsvik, som er skuffa over at dette ikkje er prioritert i budsjettframlegget til regjeringa.
Regjeringa løyver også meir pengar til Nasjonalbiblioteket sitt arbeid med norske språkmodellar.
– For framtida til norsk språk er det avgjerande at regjeringa tek tak i utfordringane som kjem med dei store generative språkmodellane og kunstig intelligens, seier Opsvik.
Saknar fleire tiltak
Trass i nokre lyspunkt saknar sekretæren fleire tiltak for nynorskinstitusjonane.
– Me har i mange år kommunisert tydeleg om behovet for å tetta gapet mellom dei to nasjonalteatera våre, sidan Det Norske Teatret ligg langt under Nationaltheatret. Dessutan trengst det ei styrking av ordboksarbeidet ved Universitetet i Bergen og andre kritiske språkpolitiske tiltak.
– I innspelet vårt til regjeringa bad me om eit nynorsk kulturløft med tiltak på til saman 36 millionar kroner. Dette burde passa godt med regjeringa sine utspel om kulturløft i heile landet og ein aktiv språkpolitikk. No har me trua på at dei fire budsjettpartnarane til Arbeidarpartiet kan kan bidra til å realisera språkpolitikken desse partia er samde om, avsluttar Opsvik.
Nynorsk forum er ei samanslutning av dei viktigaste nynorskinstitusjonane, -organisasjonane og -bedriftene, som mellom anna sender felles innspel til regjering og storting om statsbudsjettet.
Her er ønskelista til Nynorsk forum på kulturfeltet:
Noregs Mållag – kr 1 000 000
Noregs Mållag har hatt medlemsvekst og avslutta 2024 med ny rekord på 16 000 medlemmar. Samstundes er språklova komen, og rettane til nynorskbrukarane er styrkte, utan at det er sanksjonar for brot på desse. Noregs Mållag treng auka støtte for å gje betre tilbod til nynorskbrukarane. Vi viser elles til søknaden frå Noregs Mållag.
Det Norske Samlaget – kr 3 500 000
Behovet for nynorsk litteratur for barn og ungdom er stort. Den mest effektive måten å sikre fleire utgjevingar av lettlesen og populær nynorsk litteratur for barn og unge er å styrkje tilskotet til Det Norske Samlaget. Styrking av Samlaget vil styrke nynorsktilbodet i bibliotek og bokhandlar i heile Noreg. Vi viser elles til søknaden frå Det Norske Samlaget.
Nynorsk kultursentrum: Nynorsk som nasjonalt skriftspråk – kr 2 000 000
Nynorsk er svekka som skule- og samfunnsspråk i nokre enkeltområde på 2000-talet. Dette gjeld særleg i Gudbrandsdalen, Valdres, Hallingdal, Telemark, Agder, på Nordmøre og rundt Stavanger, Haugesund, Bergen, Ålesund og Molde. Nynorsk kultursentrum vil saman med Nynorsksenteret og LNK kome tett på desse 16-åringane. Nynorsk kultursentrum er svært takksam for eingongsløyvinga som kom til dette føremålet i revidert nasjonalbudsjett i 2023.
Målet er at framleis at dette skal vere eit fast prosjekt med fast løyving. Vi viser elles til søknaden frå Nynorsk kultursentrum.
Nynorsk kultursentrum: Diktarheimen Midtbø – kr 500 000
Diktarheimen etter Halldis Moren og Tarjei Vesaas syner viktig kulturhistorie. Denne kan no verte permanent open for publikum av Nynorsk kultursentrum, som frå før av driv Vinjesenteret for dikting og journalistikk i same grenda. Det manglar offentleg finansiering til å få dette på plass, og sikre ålmenta varig tilgang til Midtbø. Vi viser elles til søknaden frå Nynorsk kultursentrum.
Ordbokarbeid ved UiB
Norskrevisjonen av Ordbok a-h er kalkulert til 75 årsverk. Auken in løyving til Norsk Ordbok a-h må derfor halda fram og styrkast slik at NO-redaksjonen blir på minst ti personar pluss støttepersonell. Vi viser elles til søknaden om tilskot for 2026 frå Universitetet i Bergen.
Nynorsk scenespråksenter – kr 3 000 000
Nynorsk Scenekunstspråksenter, etablert i regi av Teater Vestland, er det første nasjonale senteret for vidareutdanne skodespelarar i å nytte nynorsk som scenespråk. Senteret vil og ta vare på dialektmangfaldet og lære skodespelarane å nytte nynorsk med kva som helst dialektklangbotnen. Senteret har ambisjonar om å setje varige avtrykk i norsk scenekunst og film. Senteret tilbyr etterutdanning for inntil fem skodespelarar i halvåret, med mål om å lære skodespelarar å nytte nynorsk på scena og lære skodespelarar metodar for tileigning avnorske dialektar og korleis nytte nynorsk i dialektklangbotn. Teateret har fått 5,2 millionar frå mellom anna Sparebankstiftinga (3 millionar), KUD (1 million) og Vestland Fylkeskommune (1,2mill) til eit pilotprosjekt som går frå 2023 til og med juni 2026. For å sikre stabil drift av senteret og vidare utvikling av tilbodet, er det naudsynt med ei permanent løyving på 3 millionar kroner i statsbudsjettet for 2026.
Teater Vestland – kr 3 000 000
Det har vore ein føresetnad at staten skulle auke sitt tilskot i samsvar med teateret sine auka utgifter. Fylke og kommune har hatt tillit til at staten, ved Kulturdepartementet, følgjer opp varsla tilskotsauke når Nynorskhuset sto ferdig i 2023. Om teateret ikkje får på plass auka løyve til husleigeutgifter i revidert, vil det få konsekvensar som vil ramme vårt viktige samfunnsoppdrag som nynorsk turneteater hardt. Teater Vestland vil vere avhengig av ei total auke i tilskot på 4,3 mill. Dette vil etter, romartalsvedtaket, utgjere 3,0 mill. kr. frå staten.
Det Vestnorske Teatret – kr 3 000 000
Utfordringa til DVT er at midlane til produksjon går ned for kvart år, slik ein kan sjå i grafen under. Denne viser at vi har hatt fallande midlar til produksjon sidan 2017 til no, med unntak av auka tilskot til Scene 2 i 2023. Dette heng saman med at auke i løyvingar ikkje møter den auken som er i løn og andre faste kostnader.
Nynorsk bedriftsforum – kr 950 000
Nynorsk bedriftsforum har raskt etablert seg som ein viktig aktør for språket, der fleire små og store bedrifter samlar seg om eit felles engasjement for betre vilkår for nynorsk også i næringslivet. Nynorsk forum ber departementet prioritere ei grunnløyving til organisasjonen som kan sikre ei stabil minimumsdrift.
Det Norske Teateret – kr 10 000 000
I budsjettinnst. S. nr. 12 (1990–91) slo familie- og kulturkomiteen fast at Det Norske Teatret og Nationaltheatret er likestilte riksscener. Særleg etter 2000 har avstanden mellom dei to i løyvingar auka. DNT er eit like stort teater, held eit like høgt kunstnarleg nivå̊ , når like stort publikum og er minst like utviklande for scenekunsten og dessutan banebrytande for mangfald og representasjon som Nationaltheatret er. Nynorsk forum meiner kultur- og
likestillingsdepartementet må kutte avstanden mellom dei to teatera, og set pris på at kravet er kome delvis i møte med ein auke på 15 millionar kroner i budsjettet for 2025. Auken kompenserer berre delvis for manglande auke tidlegare år og Nynorsk forum ber difor om ein ytterlegare auke på 10 millionar kroner. Dette er nødvendig oppfølging av språklova, og kravet om reell jamstilling mellom bokmål og nynorsk. I arbeidet med språklova slo
kulturdepartementet fast at DNT «spelar ei vesentleg rolle for å fremje nynorsk og gje språket
ei sentral rolle i samfunnet».
Tiltak innafor rammene
Det er nødvendig å styrkje innkjøpsordningane for barn og ungdom og å etablere ei støtteordning for ny norsk dramatikk. Desse må vere innretta slik at nynorskdelen vert høg.
Vi er uroa over at overgangen frå eigne nynorskordningar til nynorsk som eitt av fleire
kriterium har ført til lågare løyvingar til nynorsktiltak frå Kulturrådet.











