Heim Nyhende Etterlyser unge stemmer

Etterlyser unge stemmer

LLA håpar at lokalavisene skal stimulere til meir politisk engasjement blant ungdommen fram mot lokalvalet i 2011. Men først er det stortingsval.

Prosjektet Ung og engasjert vil at barn og unge skal bruke det frie ordet i lokalavisa, samstundes som dei bruker nye medium som til dømes nettarenaen.

– Me ser at ungdommen absolutt er til stades i andre medium enn den tradisjonelle papiravisa, ofte i tv- eller nettbaserte medium. Bakgrunnen for dette prosjektet er at me ynskjer å vere eit leiande medium, også for dei unge, seier prosjektleiar Geir K. Hus.

Prosjektet har sett ned konkrete mål om å få fleire barn og unge i lesarbrev- og debattspaltene i lokalvisene, få fleire unge som kjelder i lokalavisa sine saker og få fleire artiklar om dei nye generasjonane sin plass i lokalsamfunnet. I tillegg er det eit mål å gjere fleire unge politisk engasjerte, slik at fleire bruker stemmeretten sin, vert sette på nominasjonslistene og kan verte valde inn i kommunestyra. Prosjektet starta opp i januar 2009 og vil gå fram til desember 2011.

Idébank til avisene

–Kva resultat håpar du å oppnå med prosjektet?

– Det får til dels tida vise. Det er lokalavisene som skal spa opp dei gode ideane og tenkje dei spanande tankane. Me skal motivere og setje temaet på dagsorden, seier Hus og viser til at LLA nyleg har lansert ein idébank der avisene kan hente inspirasjon. Han skal fyllast opp med praktiske idear, erfaringar og forslag til nye saker. Han blir også viktig for lokalavisene si dekning av stortingsvalet denne hausten.

– Lokalavisene har også ei rolle i å synleggjere at rikspolitikken verkar inn på folk sin kvardag i den enkelte kommunen. Inntrykket vårt er at lokalavisene arbeider meir med stortingsvalet i år enn dei gjorde for fire år sidan. Stortingsvalet er den første etappen i prosjektet, meiner Geir K. Hus, som også er marknads- og informasjonssjef i LLA.

Håpet for lokalvalet i 2011 er at lokalavisene skal gjere kommunepolitikken meir spanande, og at dei klarer å vise ungdommen at dette også er noko som vedgår dei.

– Når det gjeld lokale saker, står lokalavisa sterkt. Men ho vil konkurrere med Facebook, Nettby og andre sosiale medium som ungdommen bruker, slår Hus fast.

Utfordra på nett

Han viser også til at seks studentar på bachelorstudiet i journalistikk ved Universitetet i Stavanger la fram sin versjon av Drømmelokalavisa under LLA sitt landsting i Haugesund. No er det opp til avisene sjølve å utvikle Drømmelokalavisa vidare. Målet med Drømmelokalavisa er å inspirere og bevisstgjere avisbransjen til å tenkje meir over korleis avisproduktet bør bli for at dagens ungdom skal bli morgondagens avislesarar.

– Eg har store forventningar til Drømmelokalavisa, lokalavisene vert blant anna utfordra på korleis dei vil utvikle dei nettbaserte løysingane og nettavisene sine, seier Geir K. Hus.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...

Startar Nynorskstafetten i Nordhordland

I år er både LNK og Nynorsk kultursentrum med Noregs Mållag på Nynorskstafetten. Sidan 2013 har Norsk Målungdom og Noregs Mållag reist rundt i landet...

På høg tid å støtta læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar

Å støtta opplæring i nynorsk for vaksne innvandrarar er både eit godt disktriktstiltak og eit godt integreringstiltak. Det er eit skrikande behov for læremiddel på...