Av 35 søkjarar fekk 11 vere med i forsøket med elektronisk stemmegiving i 2011.
– Me hadde ikkje trudd me fekk vere med, seier ein glad ordførar i Bremanger i Sogn og Fjordane, Kåre Olav Svarstad.
I dei elleve forsøkskommunane har om lag 200.000 veljarar røysterett, og kommunane vart plukka ut på bakgrunn av fleire faktorar. Ordføraren i Bremanger trur dei vart valt ut fordi dei er ein grisgrendt kommune.
– Eg trur me fekk moglegheita fordi kommunen er grisgrendt. I tillegg bur skuleungdommane borte, og me har fiskarar som har problem med å få stemt ved val, seier Svarstad.
Auka deltaking
Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp) har tru på at dette forsøket skal få opp valdeltakinga i kommunar som Bremanger.
– Eg håpar og ventar auka deltaking, seier Navarsete, som strekar under at elektronisk stemmegiving skal gjere det enklare å stemme der ein er. I tillegg er det viktig å utvikle seg i takt med nye generasjonar.
Staten har løyvd 110 millionar kroner til prosjektet: I tillegg er det meininga at kommunane sjølve skal bidra.
Ligg føre andre kommunar
I Ålesund kommune vart det også ein gledesdag torsdag. Bysekretær Tore Hals er godt nøgd med å få vere med i forsøket.
– Me hadde lyst til å bli med. I tillegg hadde me nettopp fått melding om at me var éin av tjue kommunar som skulle ha med 16–17-åringar i kommunevalet. Me gav allereie då uttrykk for at me var interessert i å kombinere desse to prøveprosjekta. Dei yngre generasjonane er vant med å bruke elektroniske hjelpemiddel, difor var det naturleg å kople forsøka saman, seier Hals.
I tillegg til Ålesund skal tre andre kommunar kombinere forsøka. Hals er klar på at Ålesund har ein storleik og geografi som er interessant.
– Me er ein kommune som har mykje å bidra med, både grunna storleiken og motivasjonen til å ta i bruk nye metodar, seier Hals.
I tillegg til å vere med i dei to nemnde forsøka søkte Ålesund ved det førre valet om å få ta i bruk elektronisk manntal.
– Men me vart einige med departementet om at den søknaden kom litt seint, seier Hals.
Tryggleik og demokrati
Systemet skal vere brukarvennleg og trygt. Alle veljarane i desse kommunane skal kunne sitje heime og stemme via internett ved neste lokalval, men alle kan også møte opp i vallokalet og røyste med vanleg stemmesetel.
– Alle vil få ein elektronisk id, seier Navarsete, som fortel at denne skal sikre demokratiske rettar som ved eit hemmeleg val.
I tillegg skal ein fylkeskommune bli valt ut til å teste det valadministrative datasystemet. Dette systemet skal effektivisere valarbeidet til kommunane og medverke til betre informasjon til veljarane.
E-VAL 2011
* Desse kommunane fekk vere med i forsøket: Bodø, Bremanger, Drammen, Hammerfest, Mandal, Radøy, Re, Tynset, Vefsn, Ålesund og ein bydel i Oslo.
* 35 kommunar søkte om å få vere med
* Du kan seie meininga di om forsøket på denne bloggen: http://www.e-valgbloggen.no
* Forsøket skal evaluerast av eksterne forskingsmiljø og skal gi Stortinget bakgrunn til å avgjere om veljarar i heile landet skal få stemme elektronisk.