Heim Nyhende Flyktningar styrkjer fagmiljøet

Flyktningar styrkjer fagmiljøet

Volda kommune seier ja til oppmodinga frå staten om å busetje endå fleire flyktningar. Dette gjer både lokalmiljøet rikare og det kommunale fagmiljøet sterkare, meiner ordførar Ragnhild Aarflot Kalland.

– Vi har gjort vedtak om å busetje 140 flyktningar frå i år, mot 100 tidlegare år, fortel Kalland.
Høvet til å styrkje det kommunale fagmiljøet gjennom auka overføringar frå staten, var mellom det som fekk kommuneadministrasjonen i Volda til å sjå positivt på å auke flyktningekvoten.

Skeptisk til asylutviding

Ein annan motivasjon var dei gode erfaringane kommunen allereie har gjort seg når det kjem til busetjing. Både flyktningane og utanlandsstudentane ved Høgskulen i Volda er med på å skape eit internasjonalt miljø i kommunen.

– Det å vere fleirkulturell og få impulsar utanfrå gjer lokalsamfunnet rikare, meiner ordføraren.

Kommunen på Nord-Vestlandet rommar også eit eitt år gammalt asylmottak. Her vil UDI utvide, i strid med kommunen si oppmoding.

– Asylmottaket er nytt. Det er framleis i ein innkjøringsfase. Difor var vi skeptiske til denne utvidinga. Asylmottaket fører også til auka press på det kommunale tenesteapparatet, forklarer Kalland.

Treng møteplassar

Frivillige organisasjonar og lag er alle aktive med å integrere busetjarane i Volda. Røde Kors, sanitetsforeininga, fotballag, songkor og kyrkjelydar bidrar med sitt. Ordføraren ser likevel mange utfordringar med integreringa framover.

– Vi treng fleire og betre møteplassar, kommenterer ho.

På den positive sida trekkjer ho fram ein kommunal folkehelsekoordinator, som mellom anna har starta matkurs og gymnastikkaktivitetar for innvandrarkvinner.

Held på vedtaket

– Innvandrarane har, som oss alle, forskjellige interesser. Difor er det viktig at heile lokalsamfunnet er ope for å ta imot dei, held ordføraren fram.

Ho trur kommunen kjem til å halde på vedtaket om å busetje 140 flyktningar i åra framover, mellom dei finst ei veksande gruppe med einslege mindreårige flyktningar.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...