Heim Nyhende Laussalet sviktar – nettavisene aukar

Laussalet sviktar – nettavisene aukar

Opplagstala for 2009 viser ein relativt kraftig nedgang i laussalet til avisene, medan nettavisene aukar lesaroppslutninga.

Laussalsvikten er generell, og ikkje berre knytt til dei større avisene VG og Dagbladet, heiter det i ei pressemelding frå Mediebedriftenes Landsforening (MBL).

Dei andre hovudtendensane er at ein firedel av avisene har opplagsframgang. Dette gjeld først og fremst enkelte nisjeaviser og mindre lokalaviser, særleg dei avisene som kjem ut mindre enn fire gonger i veka.
Dei store regionavisene greier seg bra, men også dei merkar nedgangen i laussalet.

Dessutan viser tala at dei redaksjonelle nettutgåvene auka lesaroppslutninga med 7 prosent i 2009. Dei tradisjonelle avishusa har 6 av dei 10 største redaksjonelle nettstadene i Noreg.

Nettet aukar

Dei tradisjonelle avishusa har i fleire år satsa på publisering av det redaksjonelle innhaldet sitt på fleire plattformer. Av dei ti største redaksjonelle nettstadene i Noreg, er sju knytt til avisbedrifter. Nettavisene har i 2009 ein vekst på sju prosent.

VG.no er den desidert største nettstaden med ei dagleg oppslutning på 1,5 millionar lesarar. Nummer to på lista, Dagbladet.no, har 972.000 lesarar kvar dag.

Dette gjer at den samla publikumsoppslutninga om mediehusa aukar, eller er stabil.

VG og Dagbladet

VG og Dagbladet har den sterkaste nedgangen. Prosentvis går VG tilbake med 7,7 prosent, medan Dagbladet har ein reduksjon på 14,7 prosent. Til saman har desse to avisene eit opplagstap på 40.000 eksemplar.

For alle andre aviser er det ein reduksjon i laussalet på vel 10 prosent. Laussalsdelen i forhold til totalopplaget er no nede på 20 prosent.

Dei store regionavisene er svært stabile i abonnementsmarknaden. samla sett har desse avisene ein reduksjon på to prosent. Dei går ned ein prosent på abonnement, men har ein minus på 12,4 prosent på laussalet.
Lokalavisene har ein svak negativ opplagsutvikling frå 2008 til 2009. Også for desse avisene er det laussalet som sviktar mest. Nisjeavisene har samla ei stabil utvikling.

Opplagsvinnarane

Blant dagsavisene er det Klassekampen, Finansavisen og Gjengangeren i Horten som blir utropt som opplagsvinnarar.

Blant avisene som kjem ut færre enn fire gonger i veka er det Ukeavisen Ledelse, Utrop og Morgenbladet som har gjort det best i 2009.

Taparane er Dagens Næringsliv (DN), Tips, Computerworld og Nationen. DN, som har hatt ein fantastisk opplagsvekst dei siste åra, fekk føle både finanskrisa og nedgang i flysalet i fjor.

Annonseutviklinga

2009 var eit vanskeleg annonseår for alle mediekanalar. Etter fleire år med ?all time high?, ramma finanskrisa heile reklamemarknaden i fjor.

Ikkje minst papiravisene, som mellom anna er store på eigedom og stilling ledig-marknaden, fekk føle den generelle nedgangen kraftig.

Sjølv om tala for 2009 enno ikkje er klare, tyder prognosetala frå Institutet för reklam- och Mediestatistik på at nedgangen frå 2008 til 2009 blir på om lag 17 prosent for papiravisene. Internett vil få ein reduksjon på 7,3 prosent. Totalmarknaden vil falle 13,5 prosent (netto annonseomsetning) (©NPK).

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...