I dag er det 125 år sidan Stortinget gjorde jamstellingsvedtaket som sidestilte landsmålet med «det almindelige Skrift- og Bogsprog».
– Sidan har vi fått lovar om opplæring, målbruk i offentleg teneste, nynorskkrav til NRK og støtteordningar som skal fremja nynorsken. I alle år har det vore strid og motstand mot jamstellinga, skriv leiar i Mediemållaget, Berit Rekve i ein kronikk i Aftenposten.
Ho stiller også spørsmål om kvifor mange framleis ser på den norske språkstoda med to jamstelte normer som ei bør.
– I sidemålsdebatten synest premissen stundom å vera at det er grenser for kor mykje språk det er plass til i eit elevhovud. Det er det ikkje grunn til å tru. Over store delar av verda er det vanlegaste at ein har fleire språk ikring seg. Å meistra dei er sjølvsagt ein styrke. I Noreg blir det stikk motsett lite verdset at innfødde nordmenn, så vel som mange med bakgrunn frå andre land kan fleire språk, held Rekve fram.
– Dei to språkkulturane skapar spenning og merksemd om norsk språkbruk og om mangfaldet i språket. Ved å ha god dugleik i både nynorsk og bokmål vert ein «meirspråkleg». Dette burde vera den positive innfallsvinkelen for både lærarar og dei som har skriving på norsk som levebrød. Ein kan sjå det som ein del av den språkkulturelle danninga. Utan opplæring i begge målformene, og utan å møta dei i alle samanhengar og sjangrar, vert den norske danninga veikare.
Også leiar i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård er klar til å feire jamstellingsvedtaket.
– Det er framleis utfordringar som står att, mellom anna nynorskforbodet i dei største tabloidavisene. Men hovudsaka i dag er at jamstellingsvedtaket i 125 år har gjort Noreg til eit rikare samfunn. Dette er vel verdt å feire, seier han i ei pressemelding.