Heim Blogg Side 109

Graver-nemnda får målprisen

0

Juristmållaget heidra utvalet for å laga Grunnlova på nynorsk.

Ikkje breitt forlik om kommuneoppgåver

0

Høgre/Frp-regjeringa er einig med Venstre og KrF om nye oppgåver til norske kommunar, men får ikkje dei raudgrøne partia med seg.

Kåra til Noregs kulturkommune

0

Risør stakk av med sigeren.

Det hemmelege språket

0

I år feirar kvensk ti år som offisielt språk i Noreg. Vil det overleve?

Det blir tre politidistrikt på Vestlandet

0

Med den nye politireforma blir talet politidistrikt her i landet redusert frå 27 til 12. Vestlandet blir delt i distrikta Møre og Romsdal, Vest og Sør-Vest.

Fleire nynorskingar blant dei beste unge forfattarane

0

Morgenbladet har sett saman ei liste med dei ti mest lovande forfattarane i Noreg under 35 år. Her står nynorsken sterkt, men forfattarane kunne vore modigare.

Stadig fleire kommunar vil ta imot ekstra-flyktningar

0

Talet på ekstra kvoteflyktningar frå Syria som vert ønskte velkommen av norske kommunar, held fram med å auke. Det samla talet for 2015 og neste år er no 2.210.

Fosse vert æresdoktor

0

Dramatikar Jon Fosse vert saman med næringslivsleiar Trond Mohn, professor Helga Nowotny og den amerikanske politikaren Walter F. Mondale utnevnt til æresdoktor ved Universitetet i Bergen.

Sveen fekk pris for litterært mot

0

Forfattaren Lars Petter Sveen får stadig nye laurbær for sitt forfattarskap.

Det blir nynorskløft i Bergen

0

 

Bystyret i Bergen går inn for sidemål i 3. klasse og meir av begge målformer i alle fag.

– Køyr på med nynorsk, Bergen!

0

Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa seier Bergen har all rett til å starta forsøk med tidleg start med nynorsk. Frå hausten er det allereie avtalt nynorskforsøk på tre skular i Bergen.

Klart færre kvinner på topp på partilistene

0

Fleire enn to av tre av toppkandidatane på listene til kommunevalet til hausten er menn. Flaut, seier likestillingsombodet.