Heim Blogg Side 15

Sparka i 2014 – no er han tilbake på barrikadane for nynorsken

Han har vore både statsråd og stortingsrepresentant, og han har også tidlegare vore styreleiar for Nynorsk kultursentrum. I dette intervjuet snakkar Reidar Sandal om korleis han ser på nynorsken i dag. Han legg mellom anna ikkje skjul på at han er i sjokk over at Hemsedal har valt bokmål.

Reidar Sandal er tilbake som styreleiar i Nynorsk kultursentrum, etter at han vart kasta frå vervet då Høgre og Framstegspartiet hadde danna regjering i 2014. No er han igjen klar til å stå på barrikadane for nynorsken.

Den tidlegare Ap-statsråden og stortingspolitikaren, opphavleg utdanna som lektor, gler seg til å ta fatt på oppgåva som styreleiar. Han er oppteken av å styrkje stillinga til nynorsken i det norske samfunnet, og han ser mange utfordringar for det nynorske skriftspråket.

Han er uroa over at mange unge forlèt nynorsken når dei kjem opp i ein viss alder, og at det nynorske skriftspråket er under press på stadig fleire område i samfunnet. Som at bokmål erstattar nynorsk i område der nynorsk hittil har vore einerådande, no sist i Hemsedal.

Kom som eit sjokk

Sandal har i fleire år hatt eit nært forhold til Hemsedal, ikkje minst fordi han har hytte der. Rett nok heilt på grensa til Gol, men like fullt Hemsedal. Han likar dårleg at kommunen no har innført bokmål som administrasjonsspråk og som språk i skulen.

– Hemsedal er så til dei grader eit nynorskdistrikt. Det er ikkje så lenge sidan nabokommunen Ål vart kåra til årets nynorskkommune, og heile Hallingdal er eit viktig område for nynorsken. Eg må vedgå at det kom som eit sjokk på meg at Hemsedal har vorte ein bokmålskommune, seier han.

72 år gamle Reidar Sandal er mest kjend som politikar for Arbeidarpartiet, valt inn på Stortinget frå Sogn og Fjordane første gong i 1990. I 1995 vart han henta inn i regjeringa til Gro Harlem Brundtland som kyrkje-, utdannings- og forskingsminister. Då ho gjekk av i 1996, vart Sandal med over i same posisjon i regjeringa til Thorbjørn Jagland.

Sandal blei så fylkesdirektør for utdanning i Sogn og Fjordane. Han arbeidde deretter eitt år i næringslivet i Florø i heimkommunen Florø, før han igjen var stortingsrepresentant frå 2001 til 2009. Størstedelen av denne perioden hadde han det prestisjetunge vervet som leiar i finanskomiteen.

Reidar Sandal er tilbake som styreleiar i Nynorsk kultursentrum. Her er han i Aasen-tunet i Hovdebygda i Ørsta kommune i Møre og Romsdal. Foto: Benedikte Flataker / Nynorsk kultursentrum.

Tung satsing

Som stortingspensjonist har han hatt fleire styreverv både i det offentlege og i næringslivet, og frå 2010 til 2013 var han styreleiar i Nynorsk kultursentrum. I 2014 vart han erstatta av Frp-politikaren Lodve Solholm, som då var blitt fylkesmann i Møre og Romsdal.

Sandal varslar ei tung satsing frå Nynorsk kultursentrum mot spesielt utdanningssektoren og mot kulturlivet.

Nynorsk kultursentrum har hovudkvarter i Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda i Ørsta kommune i Møre og Romsdal. Senteret er på garden der Ivar Aasen vart fødd i 1813. Det er ei stifting som er eigd av fleire kommunar, fylkeskommunar, høgskular og universitet, men finansieringa kjem i stor grad frå Kulturdepartementet. Styret er samansett av personar som er oppnemnde av Kulturdepartementet eller rådet for stiftinga. Det er departementet som utnemner styreleiaren.

Ved sida av hovudkvarteret i Aasen-tunet i Hovdebygda i Ørsta har Nynorsk kultursentrum også avdelingar i Ulvik i Hardanger, Hauge-senteret, og i Vinje i Telemark, Vinje-senteret. Senteret i Ulvik er kalla opp etter poeten Olav H. Hauge og i Vinje har senteret namnet sitt etter Aasmund Olavsson Vinje.

Sandal hadde håpt at nynorsken skulle stå sterkare i det norske samfunnet i 2022 enn han gjer.

– Vi kjempar for å halde posisjonen og styrkje nynorsken sine interesser. Vi må vere energiske og stå på, det gjer seg ikkje sjølv. Motkreftene er sterke, minst like sterke som for 10–20 år sidan, seier han.

Han har inntrykk av at dei mest framståande motkreftene i dag er i media og i det offentlege byråkratiet.

– Det heiter seg at folk skal få svar frå stat og kommune på den målforma dei sjølve har brukt, men det skjer i altfor lita grad. Det er også eit allment press i skuleverket, som ikkje gjer det enklare å vidareføre nynorskklassar, legg han til.

– Sanksjonar ved lovbrot

Han er også klar på at språklova er til for å haldast, og at det må få konsekvensar dersom offentlege instansar ikkje oppfyller lova.

– Sanksjonar må komme ved lovbrot. Eg vil tenkje meir på kven som bør ha sanksjonsmakta, men Språkrådet er ein kandidat, seier han.

Sandal meiner likevel at til dømes Bergen kommune har gjort ein viktig innsats for å løfte fram nynorsken, og her nemner han spesielt innsatsen til tidlegare ordførar og no energiminister Marte Mjøs Persen.

– Det er positive trekk også i media. Mange aviser brukar nynorsk, spesielt på Vestlandet. Bergens Tidende er også bra på dette feltet, og det er positivt at både Aftenposten og VG har opna for nynorsk. Eg gler meg heller over framgangen enn å irritere meg over tapte slag, understrekar styreleiaren.

Noko av det han gler seg over, er at fleire i næringslivet nyttar nynorsk i marknadsføringa. Han nemner spesielt Kleven-verftet i Ulsteinvik og Lerum i Sogndal, som begge brukar nynorsk også på nettsidene sine.

– Det har med identiteten og sjølvrespekten vår å gjere for oss som snakkar dialekt og skriv nynorsk. Det er viktig å hegne om det grunnlaget i både smått og stort. Eg er glad for å vere tilbake i Nynorsk kultursentrum, avsluttar Arve Sandal.

– Kjenner organisasjonen

Fungerande direktør i Nynorsk kultursentrum, Gaute Øvereng, seier til Nynorsk pressekontor at han er glad for at Reidar Sandal har takka ja til å bli ny styreleiar i stiftinga. Han meiner den nye styreleiaren gjorde ein god jobb sist han var styreleiar, og at han kjenner organisasjonen godt.

– Det var i hans første periode at arbeidet med Hauge-senteret i Ulvik og Vinjesenteret i Vinje starta. Han kjenner organisasjonen godt, sjølv om det er åtte år sidan han sist var styreleiar, seier Øvereng.

Øvereng gjer det også klart at dei er svært nøgde med arbeidet Lodve Solholm gjorde då han var styreleiar fram til nyttår i år. På spørsmål om den politiske ståstaden er viktig for dette vervet, svarar han nei.

– Vi har hatt gode styreleiarar. Det viktigaste er at dei ynskjer å jobbe for nynorsk skriftkultur og for institusjonen sine interesser, ikkje kvar dei står partipolitisk. Det er ein fordel med folk som kjenner det politiske systemet, same kva parti dei tilhøyrer, meiner han.

Det er 24 fast tilsette i Nynorsk kultursentrum, fire i Ulvik, fem i Vinje og resten ved Aasen-senteret i Ørsta. I tillegg er det nokre engasjementsstillingar.

(©NPK)

Magni Hjertenes Flyum blir generalsekretær i Noregs Ungdomslag

0

Magni Hjertenes Flyum (45) frå Nordfjordeid er tilsett som ny generalsekretær i Noregs Ungdomslag.

Flyum byrjar i stillinga når åremålsstillinga til noverande generalsekretær Kai Roger Vatne går ut 1. juni.

Ho har hatt fleire jobbar innanfor kulturfeltet, og har dei seinare åra mellom anna jobba i Nynorsk kultursentrum og kulturnæringsselskapet Vakn. I dag er ho dagleg leiar i Norsk Fjordhestsenter. Ho sit i styret i Det Norske Teatret og har tidlegare vore styreleiar i Norsk Barneblad.

Vidare har ho lang fartstid i Human-Etisk Forbund der ho no er fylkeslagsleiar.

Den påtroppande generalsekretæren gler seg til å vere med og få i gang kulturaktiviteten rundt om i landet etter to år med korona-stillstand.

– Det blir veldig spennande å få lov å vere med i ein av dei viktigaste kulturorganisasjonane i Noreg når vi no skal «restarte» all kulturaktivitet over heile landet etter korona-tida, og fylle husa med aktivitet. Det å få lov å vere med på det, er veldig kjekt, seier Flyum i ei pressemelding frå Noregs Ungdomslag.

(©NPK)

Peder Lofnes Hauge tek attval i Mållaget

– Medlemsveksten i mållaget dei siste åra har vore heilt ellevill. No er vi over 15 000 medlemmer som ventar at styresmaktene gjer det like lett å vere nynorskbrukar som bokmålsbrukar. Det er eit privilegium å få vere med på, seier Peder Lofnes Hauge.

Peder Lofnes Hauge (33) bur i Bergen og har vore leiar i Noregs Mållag i to år. Valnemnda innstiller på to nye år.

– Vi tykkjer Peder Lofnes Hauge har gjort ein glimrande jobb som leiar i Mållaget og valnemnda er samstemte på at vi ynskjer han som leiar i to nye år, seier Helen Johannsen, leiar i valnemnda.

Nytt kapittel for språkpolitikken

1. januar i år blei den nye språklova gjeldande. Ho slår fast at det offentlege har eit særleg ansvar for å fremje nynorsk.

– Dette opnar eitt nytt kapittel i norsk språkpolitikk. Styresmaktene må no aktivt favorisere nynorsken for å jamne ut det skeive tilhøve mellom bokmål og nynorsk, seier Peder Lofnes Hauge i ei pressemelding frå Noregs Mållag.

Store forventningar

Han har store forventingar til regjeringa Støre og særleg kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap).

– Vi har ein dyktig kunnskapsminister som veit at det er meir krevjande å vere nynorskelev enn bokmålselev. Når ho legg fram ny opplæringslov, ventar vi at ho sikrar den nynorske skulekvardagen, seier Peder Lofnes Hauge.

– Nynorskelevar må få rett til opplæring i og på sitt eige språk gjennom heile grunnskulen, og dei må få den same retten til og tilgangen på digitale læremiddel og læringsressursar som bokmålselevane har.

Badar i digitalt bokmål

Den digitale læremiddelsituasjonen for nynorskelevane blir ei av dei viktigaste sakene når Noregs Mållag samlast til landsmøte første helga i april på Gardermoen. Der kjem også kunnskapsminister Tonje Brenna for å snakke om opplæringslova.

– I dag badar nynorskelevar i digitale læremiddel, læringsressursar og verktøy som ikkje finst på nynorsk. Det gjev dei er dårlegare lese- og skriveopplæring enn bokmålselevane. Det kan ikkje lenger styresmaktene sitje å sjå på, seier Synnøve Marie Sætre. Ho er frå Ørsta og er innstilt som nestleiar i Mållaget for to nye år.

Dette er innstillinga frå valnemnda til nytt styre i Noregs Mållag:

Peder Lofnes Hauge, leiar (33), Bergen, Synnøve Marie Sætre, nestleiar (31), Ørsta, Kjetil Aasen, (44) Oslo, Anders Riise (53) Hareid, Inger Johanne Sæterbakk (40) Oslo og May Britt Jensen (56) Rennesøy. Norsk Målungdom vel sin eigen representant til styret i Noregs Mållag.

1. varamedlem: Espen Tørset (43) Orkdal, 2. vara: Tove Karina Eidhammer (71) Oslo, 3. vara: Reidun Ramse Sørensen (69) Hadeland og 4. vara: Bjørn Seljebotn (69) Bø i Telemark.  

Blir ny arenaleiar ved Vinjesenteret

Petra Helgesen er tilsett som ny arenaleiar ved Vinjesenteret for dikting og
journalistikk, frå og med 1. mai 2022.

– Denne moglegheita kjennest som ei gåve. Nynorsk kultursentrum er ein formidlingsorganisasjon som stadig veks seg større, og som eg ser fram til å vere ein del av, seier Petra Helgesen som kjem frå ei stilling som prosjektleiar for Uprisen og Ungdommens kritikerpris i Foreningen !les.

Helgesen er oppteken av å gjere nynorsk språk, kultur og litteratur kjend, og har mellom anna ein master i litteraturvitskap og grunnfag i historie. Ho har også arbeidd som lektor i vidaregåande skule, vore forlagsredaktør i Mangschou forlag og vore gründer og medeigar i Språkfolk AS.

– Vinjesenteret er ei ekstra spennande oppgåve fordi den nynorske skriftkulturen har djupe røter i regionen samstundes som sjølve senteret er nyopna. Eg håpar at vi skal klare å vise fram den tradisjonen som allereie finst på nye måtar og til nye målgrupper. Sist, men ikkje minst: Eg gler meg til å gjere telemarking av meg, seier den nye arenaleiaren i ei pressemelding frå Nynorsk kultursentrum.

Fleire nytilsetjingar

Helgesen er ein av tre nytilsetjingar i Nynorsk kultursentrum med kontorstad på Vinjesenteret.

Drifa Gudmundsdottir tok til som barne- og ungdomsformidlar 17. januar i år. Ho kjem frå ei stilling som barne- og ungdomsbibliotekar ved Viken fylkesbibliotek.

1. mars tek også Mari Tveiti til i stillinga som digitalformidlar. Ho kom inn i staben ved Vinjesenteret gjennom eit engasjement som kommunikasjonsarbeidar før opninga i fjor, og er dermed kjend med organisasjonen frå før.

– Vi gler oss til å få dei nye medarbeidarane på plass. Samla sett har vi no ein kompetanse som vil vere viktig for den vidare etableringa av Vinjesenteret lokalt og regionalt, og i tillegg styrke organisasjonen i det nasjonale arbeidet vårt, seier fungerande direktør i Nynorsk kultursentrum, Gaute Øvereng.

Helsedirektoratet sviktar framleis nynorskkommunane – skuldar no på manglande kapasitet og kompetanse

0

Helsedirektoratet manglar nynorskkompetanse til å dekkje informasjonsbehovet, innrømmer kommunikasjonsdirektøren. – Kvifor vert det ikkje stilt krav om kompetanse på begge skriftspråk? spør nynorskkommunar.

Fleire nynorskkommunar hevda i januar til Nynorsk pressekontor at det har vore utfordrande å få ut viktig helseinformasjon til befolkninga gjennom pandemien fordi informasjonen frå Helsedirektoratet i hovudsak har vore på bokmål, – eller kome for seint på nynorsk.

Etter at NPK gjorde ei sak på dette i slutten av månaden, er nokre fleire nynorskfiler no tilgjengelege i ressursbanken til Helsedirektoratet. Framleis opplever kommunane likevel at nynorskversjonen kjem ei veke etter bokmålsversjonen. Han kjem også etter dei fleste andre minoritetsspråka i Noreg.

Iselin Nevstad Øvrelid, kommunikasjonssjef i Herøy kommune og representant for fleire nynorskkommunar lurer på kvifor det ikkje vert stilt krav om kompetanse på begge skriftspråk for dei som skal jobbe med kommunikasjon i det offentlege. Foto: Herøy kommune

Dette held ikkje, meiner kommunikasjonssjef Iselin Nevstad Øvrelid i Herøy kommune.

– Filer som kjem ei til to veker etterpå, er utdaterte i ei tid der regelverk og tiltak har endra seg frå veke til veke, seier ho, men understrekar samstundes at utfordringa ikkje gjeld særskilt for koronamateriell og heller ikkje starta med pandemien.

Pandemien har likevel vist fram omfanget av problemet.

– Urimeleg

Stortingsrepresentant for Høgre, Liv Kari Eskeland, var i mange år ordførar i nynorskkommunen Stord og seier at det er urimeleg å skyve denne jobben over på nynorskkommunane.

– Som tidlegare ordførar i ein nynorskkommune, meiner eg det er uhaldbart å påleggje nynorskkommunane å gjere dette omsetjingsarbeidet. Det er også heilt urimeleg og lite samfunnsøkonomisk tenleg at kommunane sjølve skal gjera eit arbeid som kan gjerast éin gong i direktoratet, meiner ho.

– Manglande kapasitet og kompetanse, der alltid nynorsk kjem dårlegast ut, er på ingen måte ei god nok forklaring på kvifor ein ikkje følgjer språklova, seier stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland (H) som sjølv var ordførar i nynorskkommunen Stord i åra 2007–2015. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK

– Ikkje flinke nok

I saka frå NPK i januar var det ein tydeleg skilnad mellom det nynorskkommunane uttrykte og kommentaren frå Helsedirektoratet.

– Det aller meste har blitt laga både på nynorsk og bokmål, skreiv dåverande kommunikasjonsdirektør Trine Melgård. Ny, fungerande kommunikasjonsdirektør Oluf Nyquist uttrykkjer ei anna haldning.

– Me kan sjølvsagt bli betre, og me har ikkje vore flinke nok gjennom pandemien. Men det ligg inga nedvurdering av nynorsken i dette, seier han og understrekar at det heller ikkje handlar om manglande vilje.

Ikkje nok nynorskkompetanse

– Det handlar om kapasitet i ei tid med særskilt mange oppgåver, forklarer Nyquist og siktar mellom anna til at ikkje alle dei som har produsert materiell til bruk i kommunane har nok nynorskkompetanse.

– Vil eit tiltak for Helsedirektoratet då vere å sørgje for å tilsetje nok folk med nynorskkompetanse?

– Det kan eg ikkje love, det må vere ei samla vurdering av kompetanse, men det kan vere eit kriterium. Men me må løyse det med dei ressursane me har.

– Inga god forklaring

Liv Kari Eskeland tykkjer ikkje at forklaringa held mål.

– Direktorata har eit heilt klart mandat og plikt til å kommunisere ut sin bodskap på både bokmål og nynorsk. Manglande kapasitet og kompetanse, der alltid nynorsk kjem dårlegast ut, er på ingen måte ei god nok forklaring på kvifor ein ikkje følgjer språklova.

Direktør i Språkrådet, Åse Wetås, kommenterer saka slik:

– Alle offentlege organ skal ha kompetanse til å bruke begge språka. Det krev aktive handlingar for å sørgje for at begge språka er synlege for alle, slik lova krev. At me har ein pandemi og knapt med tid kan ikkje vere eit argument for å velje bort det eine skriftspråket. Det gir ikkje meining.

Øvrelid, representanten for nynorskkommunane, viser også til språklova og spør ganske enkelt:

– Kvifor vert det ikkje stilt krav om kompetanse på begge skriftspråk når ein tilset nokon som skal jobbe med kommunikasjon i det offentlege? (©NPK)

Nynorsk næringslivspris 2021 til straumleverandøren Wattn

0

Nynorsk næringslivspris går denne gongen til straumleverandøren Wattn AS, som er eit samarbeidsselskap mellom Tafjord, Tussa, Sognekraft og Sogn og Fjordane Energi. Til saman har dei over 100.000 energikundar.

Føremålet med prisen, stifta av Noregs Mållag i 2006, er å fremje innsats for og bruk av nynorsk i næringsverksemd.

Juryen meiner Wattn AS heilt frå starten har vore tydelege på at identiteten til nynorsken skal vere sterk. Det speglar namnet på selskapet, som kombinerer orda vatn og watt. Det er med på å stadfeste identitet til kjerneområdet, men viser også ambisjonar nasjonalt. På nettsida til selskapet og i applikasjonar kan ein velje mellom nynorsk og bokmål.

Juryen håpar at andre næringar merkar seg den framoverlente haldninga og filosofien til selskapet og nyttar nynorsken til sin fordel i næring- og marknadsføring.

(©NPK)

Reidar Sandal ny styreleiar i Nynorsk kultursentrum

Reidar Sandal er ny styreleiar i Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur.

– Nynorsk kultursentrum har ei viktig oppgåve å gjere for å hjelpe fram nynorsken i vidaste forstand. Eg finn det svært meiningsfullt å få vere styreleiar for institusjonen, seier Sandal.

Han har vore styreleiar i Nynorsk kultursentrum tidlegare, frå 2010 til 2014, og kjem dermed attende til organisasjonen som han den gong var med på å utvide rammene for.

I den førre perioden hans byrja organisasjonen planlegginga med å utvide verksemda frå å ha ein arena i Aasentunet, til å ha tre, med Haugesenteret i Ulvik frå 2014 og Vinjesenteret i Vinje i Telemark som opna i fjor.

No skal han leie organisasjonen i den viktige etableringsfasen for den tredje arenaen til Nynorsk kultursentrum, og arbeide for at institusjonen skal nå ut til heile landet.

Reidar Sandal var kyrkje- utdannings- og forskingsminister frå 1995 til 1997 og seinare stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane frå 2001 til 2009. Han har mellom anna vore styremedlem og leiar i Noregs Bank sitt representantskap og i Innovasjon Noreg.

Reidar Sandal tek over etter Lodve Solholm som har vore styreleiar i Nynorsk kultursentrum sidan 2014.

(©NPK)

Kringskastingsprisen 2021 til Magni Øvrebotten

Tidlegare leiar for NRK Nynorsk mediesenter, Magni Øvrebotten, har fått
Kringkastingsprisen 2021.

Øvrebotten var i mange år distriktsredaktør i
NRK Sogn og Fjordane, før ho tok til på det viktige arbeidet med å
utdanne nynorskjournalistar. Ho vart pensjonist i sommar, og
Kringkastingsringen såg dette som eit høve til å takke henne for
innsatsen ho har lagt ned.

– Som dagleg leiar for Nynorsk mediesenter har ho tilsett, lært opp og
følgt opp eit lite hav av nynorskbrukande journalistar. Praktikant
nummer 180 starta ved mediesenteret i januar. «Mor Magni», heitte det
frå nynorskpraktikantane då prisvinnaren blei takka av i fjor sommar.

Få, om nokon, har hatt meir å seie for at nynorsken har fått bløme i
media dei siste 30 åra, meinte juryen, som er styret i
Kringkastingsringen. Utdelinga fann stad i NRK-bygget i Førde, og kom
som ei overrasking på prisvinnaren.

– Eg er både stolt og glad. Ofte går prisar til dei vi ser og høyrer på
TV og radio, og ikkje til oss bakspelarar, seier Øvrebotten.

Prisen blei torsdag utdelt av Ivar Bruvik Sætre, varamedlem til styret.
Prisen er eit grafisk trykk.

Hemsedal kommune skrotar nynorsk i skulen etter 85 år

0

Frå hausten av heiter det berre skole og ikkje skule i Hemsedal. Etter 85 år droppar kommunen nynorsk og går over til bokmål.

Det vart vedteke av eit delt kommunestyre onsdag kveld. Åtte representantar stemde for å halde fram med nynorsk, medan ni stemde mot.

Det skriv Hallingdølen.

I september stemde eit knapt fleirtal i befolkninga i Hemsedal for å behalde nynorsk, medan kommunedirektøren rådde kommunestyret til å velje bokmål. Økonomi var eit av argumenta.

– Vel ein nynorsk framfor bokmål som hovudmål, vil det krevje opp mot 5,3 årsverk ekstra på 1.-7.-trinn, skreiv dei i grunngivinga si.

Kommunestyrerepresentant Norunn Rivedal (Sp) stod bak forslaget om å behalde nynorsken. Ho argumenterte for å gi nynorsk ein ny sjanse.

(©NPK)

Skriftspråk i flammar

0

I Europa har bøker gått opp i røyk i minst 800 år. Makthavarar og opprørarar har brent skrifter for å fjerne tru og meiningar, kunnskap og kultur. Men det er få andre stader enn i Noreg at ein har fyrt opp bokbål for å få fjerna eit språk. Ottar Grepstad har talt opp minst 26 norske bokbål.

– Ei av dei eldste formene for sensur er å gjere til inkjes bøker ved brann eller på anna vis. Det har brunne fleire bokbål mot språk i Noreg enn i noko anna vestleg land på 1900-talet, seier språk- og litteraturvitaren Ottar Grepstad, som no er aktuell med boka «Brent ord. Bokbål mot språk i Noreg 1912-2005».

Ottar Grepstad har leita i skriftlege kjelder etter omtalar av bokbål her i landet som har hatt bakgrunn i språkstrid.

– Internasjonalt har det vore skrive mykje om bokbål generelt, men om brenning av bøker med feil språk er der verken oversyns- eller detaljstudiar å finne. I Noreg er bøker blitt brende av både religiøse, kulturelle og politiske grunnar. At bokbål er blitt tende mot språk, har vore kjent, men omfang, ritual og konsekvensar har ingen prøvt å finne ut av, fortel Grepstad, som altså sjølv har teke på seg oppgåva med å finne ut meir om temaet og gi si tolking og analyse av funna.

Minst 26 bokbål

Han går i boka tett på båla som brann, dei som tende fyrstikkene, og kva båla førte til. «Brent ord» handlar om brenning av bøker, aviser og manuskript på nynorsk i tidsrommet 1912–46, lærebøker på samnorsk 1953–64, lærebøker på nynorsk 1982–2005 og lærebøker på bokmål 1997–98.

– Vart du overraska over omfanget?

– Ja, eg blei overraska og forskrekka over det eg fann. Bokbål var ikkje vanleg, men der var mange fleire av dei enn nokon har rekna med til no. Eg har funne og omtalt 26 bokbål mot språk i Noreg mellom 1912 og 2005. Det inkluderer ei drukning, ei henging, ei bålferd, ei jordferd og ei himmelferd, seier Grepstad til Nynorsk pressekontor.

Men han trur talet er høgare.

– For kvart bål som er bokført, var der truleg tre–fire som eg ikkje fekk stadfesta i skriftlege kjelder frå samtida, sjølv om eg såg spor etter dei. Nordmenn brende bøker i protest mot språk dei ikkje ville godta, eller for å hevde sine eigne språklege rettar, seier Grepstad.

Bålrestar over heile landet

Av statistikken ser vi at det var flest branntomter i Bergen, men på det norske bokbålkartet har Grepstad plotta inn minst 13 åstader: Finnsnes, Mosjøen, Volda, Dale i Sunnfjord, Bergen, Stavanger, Kristiansand, Skien, Tønsberg, Fredrikstad, Kongsberg, Drammen, Oslo og Hamar.

– Det første tilfellet eg fann var i 1912 på Hamar, der russen sette fyr på ei dokke i vaksen storleik som skulle framstille ein målmann. Det var i protest mot at riksmålsgymnasiastar også måtte ha nynorskundervisning. Dette skjedde altså 50 år før ein byrja brenne dokker i USA grunna rasehat. Så dette var tidleg, og det var aggressivt, seier Grepstad.

Unge, men opplyste

– Kven var bålbrennarane?

– Dei som brende, var unge, velutdanna, opplyste menneske. Dei meinte dei representerte fleirtalet, og brukte fysisk og symbolsk vald mot språk dei ville utrydde eller ikkje ha noko med å gjere. Bokbrennarane var kritiske til det staten gjorde språkpolitisk. Men parti- og kulturpolitiske organisasjonar dreiv fram ei stemning som gjorde det lettare å tenne på, fortel Ottar Grepstad.

Angrande ungdomssyndarar

Han har også snakka med tidsvitne og prøvd å finne ut av kva bokbrennarane meinte i ettertid om handlingane sine. Ein kan få inntrykk av at ein del både skjemdest og angra, og sette det på kontoen for ungdomsopprør.

– Fleire vil i dag ikkje stå inne for det dei gjorde den gongen. Mange har behov for å distansere seg. Å brenne bøker vart i si tid bagatellisert med at dei var unge. Dei brende bøker i eit meiningsklima skapt av vaksne. Men eg trur ikkje bokbrennarane tenkte over alle konsekvensar. Samnorsk ligg nært opp til fleire austlandske dialektar. Kva gjorde eit samnorsk bokbål med språkforståinga og sjølvbiletet til desse menneska? Og kva gjorde nynorskbål følgd av verbal sjikane med unge, usikre nynorskbrukarar? Det må ha påverka dei, seier Grepstad.

Håp for framtida

Han meiner likevel at nynorsk som språk står sterkare enn nokon gong.

– Dei som brende bøker har ikkje lykkast. Det dei gjorde var heilt mislykka! Eg trur ikkje det siste bokbålet har brunne, men det siste nynorskbokbålet har nok brunne. Terskelen er blitt høgare, men i det ligg også eit håp. Forståinga av det kulturelle mangfaldet har endra seg. Eit par tiår ut i det 21. hundreåret er bokbål blitt noko ein berre ikkje gjer eller støttar, seier forfattar Ottar Grepstad. (Undersak)

Bokbål frå 1912 til 2005

I 1912, 1914, 1922, 1924, 1938, 1939 og 1946 brende eller øydela gymnasiastar manuskript, bøker og aviser på nynorsk, og symbol for nynorsk, fordi dei ikkje ville ha noko med det språket å gjere.

I 1956, 1957, 1962, 1963 og 1964 brende gymnasiastar og andre aksjonistar lærebøker fordi språket i bøkene var feil.

I 1982, 1989, 1990, 1997, 1999, 2004 og 2005 brende elevar ved vidaregåande skular (eller tidlegare elevar) nynorske ordlister fordi dei ikkje aksepterte at dei skulle ha noko med språket nynorsk å gjere, eller fordi dei ville fjerne det språket. I 1997 og 1998 brende nynorskelevar bøker på både nynorsk og bokmål i protest mot at nynorskelevar ikkje fekk lærebøkene på eige språk i tide.

(©NPK)

Fleire dialektar er i ferd med å døy ut – sjå kven som er flinke til å halde på dialekten

0

Ei fiktiv dødsannonse over hallingdialekten har skapt sterke reaksjonar blant språkinteresserte landet rundt. No fryktar ekspertane at fleire dialektar er i ferd med å døy ut. Men nokre stader er dei flinke til å halde på dialekten.

Hallingdølen har i det siste dokumentert korleis bruk av hallingdialekten er i sterk nedgang mellom unge hallingar. Så alvorleg er tilstanden for dialektane at avisa illustrerte det med ei dødsannonse på framsida av papiravisa.

Denne framsida i Hallingdølen har skapt stort engasjement og mange fryktar no at hallingdialekten er i ferd med å døy ut.

Saka har gått viralt og er blitt heftig debattert den siste veka.

– Det har vore eit sjeldan stort engasjement blant lesarane våre etter at vi la ut saka med dødsannonsen. Folk i alle aldrar har engasjert seg og vil vere med i debatten, seier redaktør i Hallingdølen, Lillian Holden.

Ho seier at det enorme engasjementet gir eit lite håp for framtida til dialekten, men at det er ingen dei har snakka med som klarer å forklare kvifor dialekten er i ferd med å forsvinne.

– Det kan vere at dialekten har låg status, men det er ingen som heilt kan gi eit konkret svar på kvifor dei unge sluttar å snakke dialekt, seier redaktøren.

Fleire dialektar står for fall

Språkforskar Arne Torp har fått med seg at fleire dialektar no er i ferd med å døy ut.

– Det er ingen tvil om at både hallingdialekten og valdresdialekten er i ferd med å forsvinne. Mange av dialektane i Telemark står også svakt, seier Torp.

Han er sjølv frå Tvedestrand og har halde godt på dialekten sjølv etter mange år i hovudstaden.

– Men dei som veks opp i Aust-Agder, har ikkje lengre nokon dialekt, så denne dialekten er også i ferd med å døy ut.

Språkforskar Arne Torp har studert norske dialekter i ein mannsalder. Foto: Kjell Åsmund Sunde

Ein av dei dialektane som i følgje språkforskaren held seg bra, er gudbrandsdalsdialekten.

– Det er tydeleg at folk her er tryggare på dialekten sin og lét seg ikkje i så stor grad påverke av andre dialektar.

Torp peikar også på at trønderar og nordlendingar er flinke til å halde på dialekten sin.

– Spesielt nordlendingane har ein sterk identitet, og her står dialektane framleis sterkt, seier han.

Førsteamanuensis i nordisk fagdidaktikk, Ragnhild Lie Anderson, har lenge forska på sogndalsdialekten og har merka seg at dialekten er i sterk endring.

Sogndølar i endring

Førsteamanuensis i nordisk fagdidaktikk, Ragnhild Lie Anderson, har lenge forska på sogndalsdialekten og har merka seg at dialekten er i sterk endring.

– Sogndal er ei populær bygd og har mange innflyttarar. Det er difor ikkje så overraskande at dialekten er i endring, seier Lie Anderson.

Ho sit på unike opptak av sogndølar og har blant anna gjort opptak av eit ungdomsskulekull frå 2001 og eit frå 2016. Her er det spesielt eit språkleg trekk som skil seg ut.

– Den karakteristiske ao-lyden er i ferd med å døy ut for unge sogndølar. Stadig færre sogndølar seier no «spraok» eller «stao pao», seier ho. Andre endringar som ho har lagt merke til er at folk i større grad brukar «vi» i staden for «me» og at fleire no seier «snakke» i staden for «snakka».

– Det er ikkje tale om at dialekten er i ferd med å døy ut, men det er relativt store endringar vi her er vitne til, seier språkforskaren. (©NPK)

LES OGSÅ: Han får dialektprisen 2021

Nesten alt koronamateriell til kommunane er på bokmål: – Uhaldbart, seier Språkrådet

0

Viktig pandemi-informasjon frå helsestyresmaktene kjem berre på bokmål. Nynorskkommunar slit med å få ut viktig informasjon til innbyggjarane. – Uhaldbart og i strid med språklova, seier direktør Åse Wetås i Språkrådet.

Under koronaen har helsestyresmaktene hatt ei særleg viktig rolle i å få ut informasjon til innbyggjarane om den stadig skiftande situasjonen og om nasjonale og regionale koronatiltak og -reglar som har vore i kontinuerleg endring.

Men nær all informasjon frå helsestyresmaktene har kome på bokmål.

– For ei veke sidan talde eg gjennom Helsedirektoratets koronamateriell til bruk for kommunar og fylkeskommunar og fann 14 filer på nynorsk, medan det låg 703 filer på bokmål, fortel Erlend Friestad, kommunikasjonsansvarleg i Hareid kommune til Nynorsk pressekontor.

Det utgjer rundt 2 prosent, langt frå dei 25 prosentane som språklova krev at kvar målform skal vere representerte med, – rett nok over tid.

For kommunar som nyttar nynorsk som administrasjonsspråk, har de vore ei omstendeleg affære å få ut informasjonen til sine innbyggjarar.

– Det er ikkje det at me ikkje forstår bokmål, men som nynorskkommune skal me kommunisera med innbyggjarane på nynorsk i våre kanalar, seier Friestad, som snakkar på vegner av seks andre nærkommunar i Møre og Romsdal.

Helsedirektoratet sviktar nynorskkommunane, meiner Erlend Friestad, kommunikasjonsansvarleg i Hareid kommune, som snakkar på vegner av fleire nynorskkommunar. Foto: Privat / NPK

– Rein tekst kan me omsetje, og det er tidkrevjande nok, men også plakatar, banner og videoar til sosiale medium er i hovudsak på bokmål. Desse filene er ubrukelege for oss sidan dei ikkje kan redigerast, seier Friestad.

Må lage materiell sjølv

Friestad har sett seg lei på at dei må bruka tida på å laga informasjonsmateriale sjølve, når bokmålskommunane får det ferdig til å sende ut.

Han kan heller ikkje forstå kvifor Helsedirektoratet ikkje får dette til.

– Når dei først har brukt tid på å laga det grafiske eller ein videosnutt, er det ikkje mykje som står att for å få det på nynorsk. Og det må jo vera i deira interesse at materialet dei lagar også blir brukt av oss.

I 2020 hadde 90 kommunar vedtak om nynorsk som administrasjonsspråk.

På urdu, men ikkje nynorsk

Friestad påpeikar at mykje materiale finst på mange minoritetsspråk, som polsk, samisk, arabisk og urdu, men ikkje på nynorsk.

– Dette er ikkje for å setje språk opp mot kvarandre, sjølvsagt skal alle innbyggjarar få informasjon på sitt språk. Men då kan vel dei lage nynorskversjonen også? spør han.

Direktør i Språkrådet, Åse Wetås, er ikkje nøgd.

– Det er fullstendig uhaldbart. Helsedirektoratet har eit klart, objektivt ansvar. Vekslingskravet er heilt tydeleg i språklova. Målvekslinga skal skje heile tida. Det viser ein klar svikt i rutinane. Det skal ikkje skje og er ikkje i tråd med lovverket.

– Når det gjeld kommunikasjon med kommunar og materiale som er berekna på den einskilde kommunen, skal dei bruka språket som kommunen har språkvedtak om, seier ho.

Avviser kritikken

Kommunikasjonsdirektør Trine Melgård i Helsedirektoratet kommenterer kritikken slik:

– Dei siste to åra har vi jobba intenst med utvikling, produksjon og distribusjon av informasjonsmateriell om pandemien til befolkninga. Det aller meste har blitt laga både på nynorsk og bokmål, sjølv om kapasiteten, både internt og hos samarbeidspartnarar, har ført til at det stort sett er bokmål som blir ferdig først.

– Vi prøver alltid å gjere viktig informasjon tilgjengeleg på både bokmål og nynorsk så raskt som mogleg. I nokre tilfelle har vi ikkje klart dette, og då er vi veldig glade for at vi får venlege påminningar. Det er sjølvsagt ikkje bra nok at sentrale statsorgan som oss ikkje har lukkast med å nå 25 prosent-kravet. Det må vi berre beklage og gjere vårt beste for å bli betre på, seier ho.

Fekk kritikk i 2020

Helsedirektoratet har også tidlegare fått påpåkning frå Språkrådet. I ei tilbakemelding på ein rapport om målbruken i direktoratet i 2020, stod det mellom anna:

«Det er så lite nynorsk på dei nettsidene de eig og administrerer, at det er nær null. Vi finn ikkje nynorsken kor godt vi enn leitar. Det er svært alvorleg.»

I si sjølvrapportering sa Helsedirektoratet i at dei ikkje hadde tid eller ressursar til å prioritere slikt språkarbeid i verksemda. (©NPK)